Nyheitsbrev 18. oktober

Stikkord for dette nyheitsbrevet: Pengar til Voss i statsbudsjettet, startskot for omstillinga Voss iPluss 2027, ny podkast, flaumsikring og straks ny runde med vaksinering

Regjeringa gir 17 millionar kroner til opprusting av Gamlekinoen. Kultur- og likestillingsminister Lubna Jaffrey kom sjølv til Voss med løyvinga.

Opprusting av Gamlekinoen er eit storstilt prosjekt som gjer det mogleg å husa blant anna Riksteateret og andre store aktørar i den kulturelle storstova på Voss.

I opprustinga skal ein ta vare på det unike og historiske uttrykket til både bygg og sal, samtidig som det kjem på plass moderne fasilitetar.

Det er laga ei moglegheitsstudie for Gamlekinoen, som du finn her: Moglegheitsstudie (PDF, 9 MB)

Meir inntekter

I framlegget til statsbudsjett er det rekna med ein skatteauke for alle kommunane frå 2024 til 2025 på 7,5 prosent og aule i rammetilskotet på 4,4 prosent. For Voss omfattar dette ei vekst i frie inntekter, både innan skatteinntekter og rammetilskot. Samanlikna med tala som vart lagt til grunn i budsjett- og økonomiplanarbeidet før statsbudsjettettidlegare i haust, betyr endringa ein vekst på 39 millionar kroner.

Veksten skal bidra til å dekka demografiutggifter, kostnadsvekst, lønsvekst og endringar i nytt inntekstssystem.

Dette er likevel ikkje nok til at Voss herad ikkje må omstilla drifta til å koma i balanse.

Voss iPluss 2027

Det er nemleg slik at drifta til Voss herad ikkje er i balanse, me brukar meir pengar enn me har. Me veit at me kjem til å få knappe ressursar og mangla folk i åra som kjem, samtidig som at oppgåvene våre ikkje vil verta færre eller mindre komplekse. Derfor er omstillingsprosjektet Voss iPluss 2027 sett i gang, der me skal omstilla oss til å ha eit økonomisk handlingsrom som gjer oss i stand til å utvikla heradet med eit berekraftig tenestenivå.

I dag, fredag 18. oktober, var dette temaet på leiarsamlinga i Voss kulturhus, der alle leiarane i heradet var samla til startskotet for Voss iPluss 2027. Under samlinga snakka rådmann Martin W. Kulild om sine tankar kring både omstilling og leiarskap, prosjektleiar for Voss iPluss 2027, Liv Myklebust snakka om måla i prosjektet, og at dette ikkje er eit prosjekt som handlar om kutt, nedbemanning eller nedskjeringar.

Trond Arne Myklebust og Silje Heistein Lund snakka om endringsleiing.

Halve dagen var sett av til gruppearbeid, der leiarar frå avdelingane fekk snakka saman om korleis ein ser for seg omstilling hjå seg.

Me kjem til å lesa og høyra mykje om Voss iPluss 2027 i tida som kjem.

Samlinga vart avslutta med innspeling av den første episoden av Heradspodden, ein podkast frå Voss herad. Innhaldet i den første episoden handlar om Voss iPluss 2027, pluss at me ynskjer Martin velkomen som rådmann. Podkasten er spelt inn, men ikkje publisert enno. Men følg med, så kjem den snart. Målet er å ha nye episoder med jamne mellomrom, der me inviterer gjester som kan fortelja om kva som skjer i organisasjonen, og ikkje minst kan fortelja om suksessane me har.

Influensavaksine

Det vert sett opp tilbod om influensavaksinering for tilsette i Voss herad på Voss. Dagane er som fylgjer:

  • 24.10 kl 11.00 – 12.30
  • 28.10 kl 11.00 – 12.00
  • 31. 10 kl 11.00 – 12.00

Dette er eit «drop in» tilbod, du treng ikkje påmelding, men du må rekna med at det kan vera litt kø i periodar.

Alle må opplysa arbeidsplass og fødselsnummer (11 siffer) ved registrering.

Informer personalet dersom du har har eggeallergi eller har hatt alvorlege reaksjonar på vaksina før.

Du må venta på tilvist rom i minst 20 minutt etter vaksina er gitt.

Tilsette på skular, enkelte barnehagar og tilsette på helseinstitusjonar vil også få tilbod på sin arbeidsplass. Ta kontakt med din leiar for å få vite meir om kor og når dette skjer.

Flaumdagar

Etter flaumen i november 2022, er det brukt mykje tid og resursar for å få alle flaumråka kommunale bygg operativ igjen. Parallelt med dette arbeidet er det gjort mange tiltak på dei ulike bygga for at me skal vere betre førebudd til neste gong flaumen kjem. Me veit han kjem, men me veit ikkje når og kor stor flaumen vert. Alle tiltaka er gjort i eit forsøk på å leva med flaumen på best mogleg måte.

Hovudføremålet med Flaumdagane var opplæring og øva på å bruka det utstyret me har anskaffa.  Dette er mobile flaumveggar som skal verne kulturhuset og idrottshallen – tilsaman i underkant av 200 meter flaumveggar. Det er også anskaffa diverse pumper og etablert lokal flaumsikring på kulturhuset, Tinghuset, Ungdomsskulen og Idrottshallen.

På Flaumdagane var det om lag 40 deltakarar frå Bygg og eigedom, drift, vossabadet, konsulentar og leverandørar. Det var stor interesse og innsats frå alle deltakarane, godt humør og mykje praktisk kompetanse. Ei fullskala øving, men heldigvis utan vatn denne gongen. I god dugnadstradisjon vart det servert lapskaus frå produksjonskjøkkenet og blingsar frå kantina på Tinghuset. 

Denne øvinga har ført til endå betre kompetanse blant deltakarane, og betre grunnlag og forståing for kva som skal til neste gong vatnet kjem. Me trur også på at med desse tiltaka, vil nedetida på bygga reduserast i høve det me har gått gjennom etter dei siste 2 store flaumane.