Nyheitsbrev 19. april

Stikkord for dette nyheitsbrevet er: Nyoppretta studiesenter, nasjonale og lokale matskattar, kamp mot matsvinn, ny brannbil,  lærlingerekord, beredskapsøving, IT-sikkerheit og vårstemning.

Statsråd for forskning og høgare utdanning, Oddmund Hoel, deltok på møtet om studiesenteret

HVK Studiesenter (Hardanger, Voss og Kvinnherad Studiesenter) skal sikra relevant og framtidsretta utdanning i vår region. Senteret fungerer som ei fysisk eining som legg til rette for desentralisert etter- og vidareutdanning i samarbeid med utdanningsinstitusjonar og tilbydarar. Utdanningstilboda skal baserast på etterspurnad etter kompetanse i lokalt og regionalt arbeidsliv.

Som eitt av totalt fire studiesenter i Vestland, dekkjer HVK Studiesenter kommunane Eidfjord, Kvam, Kvinnherad, Ullensvang, Ulvik og Voss. For å byggja studentmiljø er det etablert seks Studentstover, ei i kvar kommune. Dette er eit tilbod for studentar som både bur permanent i regionen, er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar.

Hausten 2024 startar det opp helseleiarutdanning via Høgskulen i Innlandet. Dette er ei praksisretta og fleksibel leiarutdanning for dei som er, eller ynskjer å bli leiar i helse- og omsorgssektoren. For kommunalt tilsette er denne utdanninga fullfinansiert via midlar frå KS og Statsforvalteren. I 2025 startar senteret opp desentralisert barnehagelærarutdanning via Høgskolen på Vestlandet. Dette er ei fireårig barnehagelærarutdanning med samlingar i vår region.

Utdanningsprosjektet starta som eit samarbeid mellom Næringshagen på Voss, Voss herad og Næringshagen i Ullensvang i 2020. Undervegs har samarbeidet vorte utvida med Næringshagen i Hardanger og Kvinnherad Næringsservice. HVK Studiesenter er finansiert med midlar frå HK-dir, Vestland Fylkeskommune, og midlar frå dei seks kommunane.

For meir informasjon, sjå distriktsutdanning.no (vil verta omdøypt til hvkstudiesenter.no)

Ikkje kast mat

I prosjektet med å redusera matsvinn i ved det kommunale kjøkenet har resultata vist seg positive. Tal frå prosjektet, som nyleg vart presentert, viser ein markant nedgang i svinnet over ei periode på fem veker.

I starten av prosjektet, i veke 42, var det registrert eit svinn på 169 kg. Etter fem veker med innsats og tiltak, i veke 47, hadde denne mengda vorten redusert til 107 kg. Dette representerer ein reduksjon på 36,5% i matsvinnet. I desse registreringane er alle måltid med.

Produksjonskjøkenet og  ernæringsgruppa er einige om viktige punkt for framtidig arbeid:

  • Kontinuerleg arbeid med tilbakemeldingar, då mykje av middagssvinnet skjer ute på avdeling.
  • Kjøkenet skal delta i ei ernæringsgruppe der svinnet er ein sentral del av diskusjonen.
  • Ein stor del av arbeidet med å redusera svinnet handlar om haldningar, spesielt blant dei som serverer maten på avdelingane. Det er viktig at alle har same oppfatning om kor mykje mat som er tilstrekkeleg.

Ingeborg Lemme har lagt fram ein presentasjon for leiargruppa i helse og omsorg som viser effekten av tiltaka. Etter denne presentasjonen har arbeidet med å redusera svinn halde fram, og det vil vera spennande å sjå om nedgangen i held fram.

Lærlingerekord

Det er i år rekordhøgt søkjartal på lærlingstilling i kommunalavdeling helse og omsorg. Avdelinga hadde i år 21 søkjarar til lærlingstilling. Me har no tilsett nytt kull, og til saman tel me no 25 lærlingar tilsett.

Ny brannbil på veg

Voss brannvern sin MB1120, 1987 mod, vert erstatta med Volvo FL290. Nyebilen nærmar seg ferdig med påbygg og innredning i Polen og er venta til Bergen i byrjinga av mai. Der skal han godkjennast hjå Statens vegvesen som utrykkingskøyretøy. I tillegg skal  Nødnett og Locus (kartløysing ) monterast på plass i bilen. Dette vert utført av Rosendahl, som Voss brannvern har kjøpt bilen av. Målet er at bilen kjem i drift hjå Voss brannvern i løpet av juni

Kampanje om informasjonssikkerheit

Har du fått e-post der du skal delta i ei bevisstgjeringskampanje om informasjonssikkerheit? Men du tenkte at du ikkje skal la deg lura, og tenkte at dette var juks og fanteri? Det er i utgangspunktet veldig godt tenkt. Men, desse e-postane er ekte, og det er meininga at du skal klikka deg inn og delta.

Dette er ei bevisstgjeringskampanje for informasjonssikkerheit som går i både kommunar og andre offentlege instansar. Det er sendt ut informasjon om dette til leiarar frå rådmannen.

E-postane kjem kvar onsdag kring kl 08 fram til sommaren. Avsendaren er “Informasjonssikkerhet i Voss herad” <course@nanolearning.com>" og er trygg.

Det er viktig at så mange som mogleg deltek. Det vil gjera den som deltek litt tryggare i den digitale verda. Jo fleire tilsette som kjenner seg litt tryggare, jo sikrare vert Voss herad som heilskap. Dessutan konkurrerer me litt med andre kommunar om å vera best på gjennomføring også. Og som vossingar går me for gull.

Smalahove og Vossakorven ein nasjonalskatt! 

Denne veka vart det gjennomført møte mellom Stiftelsen Norsk Mat og aktørarar frå Voss. Bakteppet for møtet var eit initiativ frå Stiftelsen Norsk Mat for å snakka konkret om moglegheitene for at Smalahove og Vossakorven vert ein «Beskyttet Betegnelse», verna nemning på nynorsk, og ein av våre nasjonale matskattar. Beskyttede Betegnelser er eit offentleg verkemiddel for å fremja lokal verdiskaping, ta vare på matkulturarven samt kopla lokalmat og reiseliv i endå større grad. Både smalahove og vossakorven er alt tildelt merket Spesialitet for lokalmat i særklasse. 

Stemninga i møtet var knallgod og no er målet å søkja om midlar til ei eiga prosjektstilling og gå i gang med søknadsprosessen.

Les meir om verna nemningar her: https://www.beskyttedebetegnelser.no/

Stor beredskapsøving denne veka

Sidan i fjor haust, har det vore planlagd ein stor kapasitetstest av Voss sjukehus.

I samband med testen, er det organisert eit stort, tenkt scenario som skal «levere» eit stort tal pasientar til sjukehus-testen.

Her har både legevakt, politi, brannvern, ambulansar, operasjonssentralar, vegtrafikksentralen, kommunal kriseleiing og andre fått delta.

Alt dette er planverksøving utan fysisk utrykking

For kommunal kriseleiing (KKL) sin del vart dette svært realistisk med både tidspress, mange ballar i lufta og førespurnader om å støtte sjukehus og naudetatar.

KKL organiserte transport, evakuert- og pårørandesenter, psykososialt kriseteam, tolkar og medisinsk personell og utstyr.

Heradet handterte dette svært godt. Kommunikasjon med andre etatar fungerte godt og det vart ein god test av planverket.

Heldigvis oppdaga me også område kor ein kan jobba med forbetringar, det er eit viktig mål med øvinga.

Vårstemning på Voss ungdomsskule

Det er kjekt å sjå at våren er i emning og at ungdommane har tatt i bruk den nye skuleplasen på Voss ungdomsskule. I desse dagar held byggdriftar Terje på hengja opp CD-plater for å halda vekke fuglane frå taket, samtidig som anleggsgartnarane er i gang med planting og legging av ferdigplen.