Nyheitsbrev 19. august

Annankvar fredag publiserer me i leiargruppa til rådmannen eit kort nyheitsbrev. Meininga er å orientera om det meir overordna arbeidet som skjer i denne gruppa, og me kjem både til å skriva om kva som har skjedd sidan sist, og kasta eit blikk på tida som ligg framfor oss.

Det vil ikkje vera slik at alle avdelingane og tenestene våre vert nemnde i kvart brev, og brevet vil på ingen måte gje eit totalt bilete av arbeidet som vert gjort på overordna nivå i Voss herad. Likevel håpar me at det kan bidra til at alle vert litt betre orienterte om kva me styrer med i kvardagen.

Samhandling

Måndag var heile leiargruppa samla for første gong sidan juni. I tillegg til det vanlege leiarmøtet, vart det brukt tid på å diskutera korleis me skal byggja ein god kultur for samhandling i heile organisasjonen. Dette er oppfylgjing frå ei større leiarsamling i mai, og er eit arbeid som skal halda fram også i tida som kjem.

Økonomi

Før sommaren vart ein retningsgjevande økonomiplan for åra 2023-2026 vedteke. Den gjev budsjettrammene for dei ulike tenesteområda.

Kort oppsummert så inneheld økonomiplanen same rammer som tidlegare, ingen nye nedtrekk, nokre styrkingar av budsjett for nye brukarar eller oppgåver, og ein omfattande investeringsplan. Dei fleste leiarane er no i gang med å gå gjennom stillingsbudsjett og driftsbudsjett. Det vert laga bemanningsplanar og gått gjennom kor store inntekts- og utgiftspostane vert. Det er eit stort puslespel som skal leggjast.

I kommuneverda skjer det og endringar heile tida; me får nye brukarar, nye oppgåver, me omorganiserer, rammevilkår frå staten vert endra, me effektiviserer, me lagar nye planar som må følgjast, me inngår nye avtalar om varer og tenester, me må vedlikehalda ting som vert øydelagt. Dette må inn i planane. Vesentlege endringar i tenester og rammevilkår må synleggjerast i økonomiplan, og kan gjera at budsjettrammene bør endrast.

Dette er diskusjonar som leiargruppa har i løpet av hausten. Me har så vidt starta dette arbeidet, men diskutert at det er viktig å ha føreseielege rammer, skapa handlingsrom for framtida og sikra gjennomføring av dei mange planane våre. For at planen og budsjettet skal bli realistisk og vera i balanse så er det viktig at tilsette og leiarar er med å utarbeida sine planar. Kva kan me få til innafor dei rammene me har?

Ny politisk møtebolk

Denne veka markerte ein ny milepåle i overgangen til nytt saks- og arkivsystem. For fyrste gong er dei politiske sakene produsert i websak. Alt var nytt for alle som har arbeidd med dette, men gjennom god samhandling og ein del tolmod har dette gått bra. Fleire spennande saker skal opp til politisk handsaming i starten av september, til dømes framlegg til strategisk plan for næringsutvikling, plaststrategi og samanslåing av BIR AS og IHM.

Vossadagen laurdag 27.august

Vossadagen er ein dag der Voss herad (ved kommunalavdelingane kultur og fritid og helse og omsorg) legg til rette for at lag og foreiningar skal få vist fram seg og aktiviteten sin til innbyggjarane. Målet med dagen er å rekruttera nye medlemar, få synleggjort all aktivitet og det frivillige mangfaldet på Voss. Over 50 lag og organisasjonar har til no meldt seg på arrangementet og vil stilla med informasjon og aktivitetar. Det er lagt opp til stands på Tinghusplassen, Tinghusparkeringa, i Bergsliparken og i Gamlekinoen.