Rådmannen vår er sitert i lokalavisa på at vedtaket om handsaming av heilskapeleg organisasjonsgjennomgang og Voss iPluss ikkje er forsvarleg. Han er heilt rett sitert, for dette sa han i heradsstyremøtet før fleirtalet gjorde sitt vedtak om tiltaka som var tilrådd. Men rådmannen har meir å seia om vedtaket, ting som ikkje nødvendigvis får like god plass i ei avisoverskrift. Sjå berre her, kva han sa under ei oppsummering fredag morgon:
– Me er ikkje alltid heilt einige, rådmannen, på vegne av administrasjonen, og heradsstyret. Men eg har eit godt samarbeid med heradsstyret, med ordføraren, med varaordføraren og eg ser fram til eit godt samarbeid med Hilde Magnusson, som skal vera varaordførar i perioden Benedicte har permisjon, seier rådmann Martin W. Kulild. Men han peiker på sitt sjølvstendige ansvar for å rådgje heradsstyret.
– Fordi vedtaket i heradsstyret ber oss om å jobba for eit netto driftsresultat på i underkant av 0,5 prosent i staden for 1,75 prosent, og det ikkje løyser hovudutfordringa vår, som handlar om å ha nok folk med rett kompetanse. Særleg innan barnehage, helse og legeteneste.
– Men me skal løysa dette etter beste evne, og me skal løysa det saman. Bestillinga er gitt, og me er lojale til vedtaket, seier Martin.
Det er lagt ned betydelege ressursar i arbeidet med denne saka, mange av tiltaka som er utgreidd vert ikkje gjennomførte. Rådmannen meiner det er viktig å ikkje la det skada arbeidsgleda til den enkelte tilsatt i heradet.
– Snakk gjerne med kvarandre om eventuell frustrasjon, men legg det raskt bak dykk. Ikkje la det øydeleggja arbeidsmiljøet. Dette skal me få til saman, og me treng kvar og ein i arbeidet. Hugs at eg har sagt, og framleis seier, det skal ikkje vera oppseiingar i mi tid i Voss herad.
Samstundes er det ikkje til å leggja skjul på at omstilling krev mykje av oss.
– Me skal løysa dette ved at me ikkje alltid kan erstatta dei som sluttar, og så er det viktig at me aksepterer at me får ein «omstilt» medarbeidar som kanskje treng meir opplæring og treng meir tid til å løysa nye oppgåver. Det betyr at me av og til ikkje kan levera på det nivået me helst ynskjer. Men det skal uansett vera gøy å gå på jobb!
Sjølve sakshandsaminga i heradsstyret gjekk over ei lang tid, med mange innlegg og framlegg. Me tilrår dei som er interesserte å sjå dette på Kommune TV eller lesa protokollen når den er klar. Du finn lenkje til både Kommune TV og sakspapira til heradsstyret her: Lenkje til Politikk og innsyn - Voss herad
Sommarhelsing frå arkivet
Sommaren står å bankar på for mange, men innsyn vil likevel koma og krevja handling, og fristane tek ikkje ferie. Det betyr at sjølv om aktiviteten elles kanskje går noko ned, er det viktig at alle sjekkar Websak og innhaldet i dei innsyna som kjem. Arkivet vil senda ut e-post og reager då på dette med å svar ut innsynet.
Me er mange som jobbar i organisasjonen, så bruk fråværsassisten i Outlook, slik at arkivet, og andre, får melding om de er vekke. Og dei som kan, sett på stedfortredar i websak slik at sakshandsaminga går uavhengig av om du er på jobb eller på ferie.
Det er nokså strenge fristar på innsyn, så arkivet ber alle om å svara ut innan fristen, så me slepp klager og nye innsyn. Treng du oppfriskning, så sjekk oppskrifta i Compilo: Lenkje til innsynsrutiner: Innsyn - reglar og rutinar - Compilo
Sykkelparkering i Vossapark
Sykling er bra, både for fysisk form, klima og miljø. Voss Parkering har etabert tilbod om sykkelparkering i Vossapark. Gratis ut august, med abonnement eller enkeltdagar etterpå. Fordelen er at sykkelen står inne, verna mot vêr og vind, låst i eit overvåka anlegg som gjer at sykkelen står tryggare. Les meir om sykkelparkering i Vossapark her. Lenkje til Voss Parkering: Sykkelparkering
Ny Altinn
Så er dagen her, 19. juni, Altinn 2 stengjer og det er Altinn 3 som gjeld. Hovudendringa er at roller vert erstatta av tilgangspakker. Dette har me omtalt før. Det som har skjedd sidan sist er at alle med leiaransvar i Voss herad har fått tilgangspakker som sikrar mottak av post, og oppfylgjing av sjukefråvær og slike ting. Samtidig må alle som nyttar Altinn i arbeidsdagen ha eit ekstra auga på dette i tida framover. Voss herad har nær 100 ulike organisasjonsnummer, og kva dei ulike avdelingane nyttar av tenester i Altinn er det berre avdelingane sjølve som veit. Treng du tilgang, så fylg rutina for Altinn som du finn i Compilo, eller her: Tilgang til Altinn - Compilo