
Merksame lesarar har gjerne fått med seg at nettsida vår har endra seg i dag. Dette er ei endring av design, innhaldet er det same.
Dette er første steg med å utvikla nettsida vår vidare. Det nye designet er mykje meir fleksibelt, og vil gje oss større påverknad på korleis me kan fokusera på på både enkelte tema, prosjekt og saker enn tidlegare.
Digitalisering
Kompetanseløft i digital transformasjon, kjenn litt på denne formuleringa. Får det blodet til å brusa på rette måten, eller vart du litt eldre no? Fatt mot, dette er mykje kjekkare enn det kanskje høyres ut som.
Denne veka var rådmannen si leiargruppa med fleire med på første samling med dette temaet. Dette skal gje resultat og setja heile heradet i betre stand til å verta meir digitale. I og med at fart ikkje kan erstatta retning, skal leiargruppa til rådmannen no setja den overordna retningen for dette viktige arbeidet.
Og dersom du tenkjer at dette kjem seint, så kan det vera du har rett. Men i løpet av den første samlinga vart det nokså klart at Voss er ikkje så spesielle som me trur, me er i svært godt kommunalt selskap når det kjem til kor moden organisasjonen er for digitalisering og kor me står. Meir om dette vil koma
Cool Kids
Voss herad har mange ulike tilbod. I går vart redaksjonen klar over endå eit nytt, nemleg Cool Kids, som rettar seg mot born og unge med angst.
Ei utfordring er at mange gode og viktige tilbod kan drukna litt i den strie straumen av informasjon om alt me driv med. Cool Kids har ledige plassar, neppe fordi behovet ikkje er der, men fordi det ikkje er så lett å finna.
Heldigvis ringte ho som driv med dette til redaksjonen og ba om litt hjelp til å få dette litt meir fram i ljoset. Og dermed hamnar dette både i annonsekarusellen, på facebook og jamvel i nyheitsbrevet også. Her er alt du treng veta om Cool Kids/Chilled-programmet Cool Kids
Oppmodinga er, gi redaksjonen av nyheitsbrevet eit vink om det du vil ha med.
Annonsekarusell
Så litt om den digitale annonsekarusellen me har på nettsidene til lokalavisa, denne er førehanddsbetalt, så er det arrangement, kurs eller informasjon ut til innbyggjarane som bør få litt ekstra merksemd, ta kontakt med kommunikasjonssjefen. Karusellen har avgrensa med plass, men me styrer innhaldet ut frå kva me vurderer er viktigast til ei kvar tid.

Valløftet er vedtatt
Neste år er det val att, kommune- og fylkestingsval. I den samanhengen har heradsstyret vedtatt Valløftet for 2027. I dette løftet heiter det mellom anna at «me vernar om ein sann og faktabasert debatt, har respekt for kvarandre sine synspunkt og har ein ærleg kommunikasjon med innbyggjarane.»
Dette skulle vera sjølvsagt alt saman, men me ser dessverre for mange døme på det motsatte i land elles i verda, som ikkje er liberale demokrati. Les meir om valløftet her: Valløftet 2027
Fosterheimskampanje
Kampanjen for å rekruttera fleire fosterheimar går no inn i avsluttande fase. Den siste månaden har barnevernstenesta saman med Bufetat hatt ei kampanje gåande, både på kino, inforskjermar og sosiale media for å skapa engasjement og interesse for dette viktige temaet. Bodskapet er at me er saman om å ta vare på ungane våre. I det ligg det at når eit barn ikkje lenger kan bu heime, må me gjera det slik at barnet ikkje må flytta vekk frå vener, skule eller barnehage og aktivitetane. Les meir om kampanjen og kva du kan gjera her: Fosterheim i Voss herad
Nturverkstaden AS
Samling om naturrestaurering
Statsforvaltaren i Vestland inviterer kommunane i Vestland til ei fagleg og praktisk samling om naturrestaurering på Voss 11.–12. november 2026.
Naturrestaurering får ei stadig viktigare rolle i arbeidet med å ta vare på og styrkje naturmangfaldet. Kommunane har ei viktig rolle, både gjennom arealplanlegging og ved å leggje til rette for gode prosessar for restaurering av forringa natur. Les meir på Statsforvaltaren sine sider
Lat att glaset
Ei oppmoding til alle på tampen, pass på å lukka vindauga på kontor og møterom. Det er mange grunnar til det, den minst kjende er kanskje at fuglar trekkjer inn under takutstikk, særleg no om hausten. Dei har basale behov også no, og dei som jobbar med reinhald finn klare spor av fugl rett på innsida av vindauga som har stått ope. Så, lat att glaset når du går ut av eit rom.