Nyheitsbrev 20. juni

Siste nyheitsbrev før ferien. Stikkorda er poetisk innleiing, Ekstremsportveko, sysselsettingsteam, kulturkommunekåring og kunst.

Til innleiing for siste nyheitsbrev før sommaren, har me bedt språkmodellen til Microsoft skriva eit lite dikt med humoristisk snert om Voss iPluss 2027:

VossiKluss

I bygda der fjell møter fjas,
kom VossiPluss med lovnad om stas.
Men plussen vart fort minus, 
når prosjektet vart jobba av folk som ikkje kan sinus.

"Me skal omstilla!" ropar me høgt,
med budsjett som var meir håp enn kløkt.
Liv Myklebust fann kalkulator fram,
«dette skal me klara med brask og bram»

Men sparekontoen er snart tom, og budsjettet sprekk,
og VossiPluss vert fort VossiKnekk.
"Me må kutta!" seier Liv med eit smil,
mens me prøver å selja skrivarar og skyter med pil.

Så kom VossiKluss2027 – versjon nummer to,
med PowerPoint og litt kommunal judo.
"Me sparar på lys, på vatn og på luft,
og kanskje på folk – slik at det vert betre duft"

Voss iMinus skal bli til pluss,
med Excel-ark og budsjett utan kluss.
"Me har ambisjonar!" seier leiargruppa med mot,
no må me unngå at det berre vert rot.

Petter Helland

Veko opnar søndag

Søndag opnar Ekstremsportveko, og heile bygda vert leikeplass for ei rekkje aktivitetar. Voss herad har fått på plass camping i samarbeid med grunneigar på Tvildemoen, parkering for fly i samarbeid med Bømoen AS og Forsvaret og mellombels fuelanlegg.

I løpet av veka vil det vera stor aktivitet og mange besøkande. Ta ein tur og få med deg det som skjer, og ver ein god ambassadør for bygda. Her er lenkje til programmet, både det sportslege og sosiale: Program Ekstremsportveko 2025.

Det er nokre arrangement me løftar spesielt fram:

Treng du folk?

HR avdelinga til Voss herad skal stå på stand under Ekstremsportveko. Dersom du har innspel, eller ynskjer å delta sjølv kan du ta kontakt med dei. Veko er ein god arena for rekruttering. WhyVoss – Hardanger og Voss Næringshage

Damer, bli med!

HO er eit nytt initiativ frå Hardanger og Voss Næringshage – eit nettverk for kvinner som vil bygge relasjonar, dele erfaringar og bli inspirert. Kvar samling får sitt eige tema, og denne fyrste ettermiddagen set me søkelyset på kvinneleg gründerskap og skaparkraft.

Torsdag 26. juni blir det rett og slett premiere for denne nysatsinga. Det er gratis å delta, men me ynskjer at du melder deg på. Voss herad sin bedriftspris for 2024 blir delt ut på dette arrangementet. HO-skapar – Hardanger og Voss Næringshage

Inkludering og friluftsliv

Det er Friluftslivets år, som handla rom å få fleire ut i naturen. Enkle og kreative løysingar kan opna dører for at fleire kan delta i friluftsaktivitetar. På konferansen Med gaffateip i sekken vert det inspirerande foredrag der gode historier og verdifulle erfaringar vert delt. Med Gaffateip i Sekken - Ein konferanse om inkludering og friluftsliv - Ekstremsportveko

Kulturkommunekåring tysdag

Tysdag 24.juni vert det avgjort kven som vert årets kulturkommune. Voss er ein av dei tre som kan vinna, og dette skriv juryen om:  

«Voss skiller seg ut med et helhetlig og fremtidsrettet perspektiv på kulturarbeid, hvor både kulturopplevelser, natur og ekstremsport er viktige elementer.  Kommunen bruker kultur som et strategisk verktøy for befolkningsutvikling, og er tydelig på kulturens rolle i identitetsbygging av Voss som et attraktivt sted å bo, arbeide og besøke. Voss herad har også utviklet næringsliv og miljøer rundt den lokale kultursektoren, blant annet ved å gå inn som medarrangør av en nasjonal kulturkonferanse under Vossadagane 2024. Samtidig som områdets kulturtradisjoner ivaretas, viser kommunen driv til å tenke nytt og kreativt rundt kulturutvikling i lokalsamfunnet.

Kommunen økte kulturbudsjettet sitt fra 2022 til 2023, og har jobbet aktivt med kunnskapsgrunnlaget sitt for å videreutvikle kultursektoren. Samfunnsøkonomisk analyse-rapporten “Verdien av kulturlivet for Voss” (2024) viser tydelig hvordan Vossa Jazz og andre kulturelle aktiviteter i lokalsamfunnet har gjort Voss til et bedre sted å bo og leve i. Rapporten slår fast at tilrettelegging for godt musikk- og kulturliv bidrar til å skape levende lokalsamfunn hvor flere blir boende, som igjen gir høyere verdiskapning og økte skatteinntekter.»

Me håpar på første plass, men uansett er det grunn til å feira nominasjonen! 

Sysselsettingsteam

Flest mogleg ut i jobb så raskt som råd – det er målet til sysselsettingsteamet på Nav Voss. Sidan oktober har dei hjelpt 63 flyktningar ut i arbeid, noko som lønar seg for både den enkelte og heradet. Me har lånt saka om dette frå NAV sine sider. Les og lat deg inspirera: Sysselsettingsteamet (PDF, 627 kB)

Siri Aldal, Aagot Finne Marø, Margit Birkeland, Maya Abbott, Juni Pettersen Broms, Anna Rørlien Sandvold, Selma Kristiansen Mestad, Milly-Marie Finne Giljarhus, Alma Hesjedal Richards

Vinnarane av kunstkonkurransen «Voss når eg vert vaksen»

Denne flotte jentegjengen frå 7. klasse ved Gullfjordungen skule vann kunstkonkurransen «Voss når eg vert vaksen». Dei hadde laga seg ein kunstinstallasjon dei kalla «Vangen berre betre». Truleg vert kunstverket å sjå for eit større publikum etter kvart.

Jentene tar med seg heile klassen i klatreparken for å feira sigeren.

Me gratulerer!