Nyheitsbrev 20. september

Stikkord for nyheitsbrevet i dag: Ny rådmann på plass, kaptein i Vossasalen, legionella i vatnet, heimevernet øver, open dag på brannstasjon, open volleyballbane, kortreist trelast og samandrag av tertialrapporten.

Måndag denne veka hadde Martin W. Kulild den første dagen sin som rådmann i Voss herad. Martin kjem frå stillinga som assisterande kommunedirektør i Alver, er 60 år og kjem til å vekependla frå i haust. Han tok over alle fullmakter frå første stund, og har denne veka brukt tida på å gjera seg kjent med både system, organisasjon og dei han har møtt, i tillegg til å fungera operativt som rådmann.

Måndag var han i lag med kring 500 andre i Vossasalen der John Hammersmark, Kaptein i Kompani Lauritzen, hadde føredraget «Over norm, det kan alltid bli verre». Hammersmark og resten av Kompani Lauritzen er godt ute i innspelinga av ein ny sesong, som me får sjå på TV til våren. Etter føredraget reiste han rett ut for å setja kjendisane på prøve i overlevingsøvinga. «Dei skal få mat som dei skal klara seg på i natt. Og dei får sau», sa han før han reiste.

Alt neste månad er det premiere på Kompani Lauritzen, Tropp 3, som vart spelt inn i vinter. Kapteinen kunne fortelja at det vert ein spektakulær sesong med tøffe øvingar, som mellom inneber ein kombinasjon av høgde, is og kaldt vatn.

 

 

Legionella i vatnet

Onsdag vart det avdekka legionellabakteriar i vatnet på Vetleflaten. Det er ikkje farleg å drikka vatnet, heller ikkje å bada i det. Men legionella kan smitta når vatnet fordampar, og ein pustar inn små vassdråpar med legionellabakteriar. Dusjane på Vetleflaten vart derfor stengt, og all vasking skjer i rennande vatn frå slange fram til dusjohovud med legionellafilter vert levert, truleg i dag.

Legionella blostrar opp dersom vatn vert ståande i røyr i delar av bygget som ikkje er i bruk, eller har høg nok temperatur. Bygg og eigedom kartlegg no kva delar av Vetleflaten som ikkje er dagleg bruk, gjennomfører kjemisk rens av heile røyrsystemet og monterer nytt legionellafilter ved hovudinntaket.

Også ved Voss sjukeheim vart det avdekka legionella i vatnet tidlegare i år. Komande veke vert dette anlegget kjemisk rensa, og det er gjennomført tilsvarande tiltak.

Ved dei andre sjukeheimane våre er alle delar i dagleg bruk, men ved mistanke om legionella i vatnet tek bygg og eigedom prøver.

Det er låg risiko for å verta smitta, og det ikkje rapportert om at nokon har vore sjuke som fylgje av legionella.

 

Heimevernet øver i bygda

Frå neste søndag, 29. september og til 3. oktober er det heimevernsøving i distriktet. Dei kjem til å øva i heile teigen sin, særleg i området Granvin-Voss-Sogn.

For oss andre vil det bety at me kjem til å sjå heimevernssoldatar, køyretøy og utstyr.

Heimevernet består av til saman av 40.500 soldatar fordelt på elleve ulike distrikt i heile Noreg. Det er ei nasjonal beredskaps- og innsatsstyrke som har ansvar for å beskytta militære og sivile installasjonar, og kan i tillegg verta bedne om å bistå ved naturkatastrofar, eliteaskjonar og store ulukker.

 

Open brannstasjon

I morgon, laurdag 21. september, er det open dag på brannstasjonane våre. Brannvernet ynskjer både store og små velkomne, og kan freista med både kunnskapsløype, spyling med brannslange og du får ta ein nærmare kikk på brannbilane. 

 

Og kanskje kan du treffa Bjørnis! Han var innom tinghuset fredag og helste på ordføraren, og har prøvd ein gammal brannbil. 

Her er opningstidene:

  • Voss brannstasjon kl 10-14
  • Evanger brannstasjon kl 11-13
  • Vossestrand brannstasjon kl 11-14
  • Granvin brannstasjon kl 11-13

 

Kortreist trelast

Medan me er inne på brannstasjonar, på Tvildemoen er arbeidet godt i gang med å byggja ny brannstasjon. Det er Bystøl entreprenør som er i gang med fundamentet, og materiala her, som entreprenøren, kortreist.

Tømmeret som nyleg er hogd i Bømoen vart kjøpt av Seimen sag og høvleri, og er no foredla til mellom anna trelast som Bystøl har kjøpt for byggja fundamentet. Det er gledeleg at me kan nytta både lokale bedrifter og lokalt trevirke for å byggja ny brannstasjon.

 

 

Volleyball

Sandvolleyballbanen på Prestegardslandet har vore stengd ei stund fordi det har mangla nett. No er desse på plass, og banen er klar til bruk. Grunna arbeid er banen inngjerda, men det er opning inn til banen frå Prestegardsalleen. Bygg og eigedomsavdelinga ber alle respektera både gjerder og sperreband og ikkje trakka for mykje på bakken utanom her.

 

Bedriftspris

Sist veke var det også heradsstyremøte, som var det siste møtet til Torbjørg Austrud. Ho er no ein «seniorkonsulent» fram til ho faktisk sluttar hjå oss og vert pensjonist. Heradsstyret gav ståande applaus for innsatsen hennar, og gav henne eit kunstverk av Stine Eide, med tittelen «Superkvinna». Noko som må seiast å vera svært passande!

Under møtet vart også bedriftsprisen for 2023 delt ut til Motorservice Bilsenter.

Bedriftsprisen vert kvart år delt ut av Voss herad, og det er utval for kultur og næring som avgjer kven som skal få prisen. Utvalsleiar Håvard Skattum delte ut prisen, og hylla vinnaren for å våga å satsa.

Dette er grunngjevinga frå utvalet:

«Utvalet har for Bedriftsprisen 2023 lagt mykje vekt på utvikling, utviding og mot til å satsa. Årets vinnarbedrift har ein historikk på Voss i 60 år, men vert no oppfatta som frisk og ny, og med sterk satsing i ei tradisjonell servicenæring som krev tilsette med solid fagkompetanse og solide handverkarar Dette er ei bedrift me som innbyggjarar overlet noko av det viktigaste og dyraste me eig; nemleg bilen vår.

Her vert bilar både seld og kjøpt, bilar vert reparert og når ting går galt med bilen din kjem desse ut med bergingsbil for å redda deg og bilen din.

Bedrifta har bygd opp eit heilt nytt senter for verksemda si. Dei har bygt Bilhuset på Istad.

Bedrifta med sine to søsterbedrifter har 18 tilsette. Dei tek også ansvar for å lærea opp nye fagarbeidarar ved at dei har lærlingar i bedrifta.  I 2023 omsette bedrifta for over 44 millionar kroner.

Utvalet hyllar bedrifta med lokale eigarar som tør endra seg og tør å satsa i ei tradisjonell og tøff bransje. Prisen vert mottatt av ekteparet som eid og driv bedrifta;  Lena Bakketun Ringheim og Stian Ringheim.»

Eigarane var glade for prisen, og synes det er kjekt å verta lagt merke til.

Tertialrapporten er ferdig

Tertialrapport for 2. tertial Voss herad er ferdigstilt, og skal opp til politisk behandling i formannskapet den 3. oktober og heradsstyret den 17. oktober.  

Etter andre tertial 2024 står Voss herad framleis overfor utfordringar med bemanning, aukande tenestebehov og høge utgifter. Sjukefråvær og rekrutteringsvanskar gjer at me må leiga inn kompetanse, noko som gir meirforbruk. Prosjektet iPluss 2027 er sett i gang for å sikra berekraftig drift og økonomi i balanse. Integrering av flyktningar er òg ein viktig del av drifta. Voss herad har busett 48 av dei 100 flyktningane som er planlagd for 2024, med inntekter som i utgangspunktet dekkjer utgiftene.

Totalt for tenesteområda viser rekneskapen etter perioden eit meirforbruk på 6 omtrent millionar kroner i høve budsjett, og forbruket utgjer omtrent 67,5 prosent av totalbudsjettet. Det er lagt fram fleire budsjettreguleringar både i drift og i investering, dette for å gjera budsjettet meir realistisk. I tillegg er det lagt fram prognose for året, og venta meirforbruk ved årets slutt er rekna til omtrent 33,8 millionar kroner.