Nyheitsbrev 21. august

Første nyheitsbrev sidan før sommaren, og har desse stikkorda: Granvin barnehage er opna, Bømoen vassverk opnar straks, lær å skriva stillingsannonsar med Fredrik Fornes, NM for hjelpekorps og møte om beredskap rett rundt hjørna. Og det er endringar i permisjonsreglementet som gjeld mammografi. 

Tor H. Halvorsen

Ein splitter ny barnehage i sentrum av Granvin er offisielt opna. Barnehagen med fire avdelingar erstattar gamle Tueteigen barnehage, og ligg vakkert til ved bygdatunet. 

Det var ordførar Tonje Ljones Såkvitne som opna barnehagen fredag 21. august. 

Fire avdelingar

Barnehagen, som erstattar Tueteigen barnehage, har to avdelingar for dei minste og to avdelingar for dei største borna. Kring 50 born har plass i det som no heiter Granvin barnehage. 

Open barnehage neste laurdag

Neste laurdag, altså 29. august, er det granvinsdag. Då vil Styrkaar Ringheim Hustveit frå Prosjekt og Utvikling i Voss herad visa og fortelja om det nye bygget for bygdafolk som vil sjå seg om i den nye barnehagen. 

Tor H. Halvorsen

Song og snorklypp

Etter at ordføraren hadde opna, med både tale og snorklypping, song borna om kaptein Sabeltann og drog også opp klassikaren “Rock`n`roll fiskeboll”, før det var omvisning for både kommunale leiarar, arkitekt, byggeleiar og entreprenør i dei splitter nye og flotte lokala. 

Opningstalen

Dette var ordføraren sin tale:

Kjære born, tilsette, foreldre, inviterte gjester og alle gravensarar. 

I dag er ein stor dag for Granvin.

For berre 19 månadar sidan stod me her og tok det fyrste spadetaket. Då var dette ein byggeplass. I dag står me her framfor ein ferdig barnehage, fylt av liv, latter og forventningar til framtida.

For mange er dette eit nytt bygg. Men eigentleg handlar dette om mykje meir enn veggar, vindauge og tak. Dette handlar om born som skal leika, læra og skapa vennskap. Om tilsette som kvar dag legg ned ein uvurderleg innsats for å gje ungane ein trygg og god kvardag. Og om foreldre som skal kjenna seg trygge på at dei aller viktigaste dei har, vert tekne godt vare på. 

Saka om ny barnehage har ei lang historie. Mange har arbeidd for å få dette prosjektet realisert, og difor er dette også ein dag for å takka. Takk til alle som har bidrege gjennom planlegging, politiske vedtak, prosjektering, bygging og innflytting. Dette er resultatet av langsiktig samarbeid og ein felles vilje til å investera i framtida.

Denne barnehagen er òg eit symbol på noko større. Ho viser at me har halde lovnadene som vart gjevne då kommunane vart slått saman, og er eit viktig signal om at me skal utvikla heile Voss herad.

Samtidig kjenner eg på denne dagen også som mor.
Mi yngste dotter går her. Då fyrste barnehagedagen kom, var det ikkje det nye bygget ho snakka mest om. Det var venene sine. Og dei vaksne som møtte henne.

Det er ei fin påminning til oss alle.

For sjølv om dette er ein av dei flottaste barnehagane ein kan tenkja seg, er det ikkje bygget som er det viktigaste. Det er menneska som fyller det.

Sidan dette er den fyrste veka i eit nytt skule- og barnehageår, ynskjer eg å senda ei varm helsing til alle dei vaksne som kvar dag møter borna våre i barnehagane og skulane rundt om i Voss herad.

Tusen takk for omsorga, tryggleiken, tolmodet og engasjementet. Takk for at de skapar gode dagar for borna våre, og for at de gjer ei tid med nye inntrykk og endringar til noko spennande og trygt. Det er relasjonane, omsorga, leiken og fellesskapen de byggjer kvar dag som gjer ein barnehage til ein god stad å vera.

Og for ein stad dette er.

Her ligg fjorden, elva, strandsona, skogen og turstiane like utanfor. Her ligg bygdetunet og Kulturbanken som naboar. Naturen og lokalsamfunnet vert ein del av kvardagen, og eg trur det finst få barnehagar som har ei slik plassering som denne.

Eg vil også retta ein stor takk til alle som har gjort denne dagen mogleg. Til prosjektleiinga, arkitektane, dei som har leia byggjearbeidet, handverkarane og alle andre fagfolk som har bidrege undervegs. De skal få høyra meir om arbeidet frå andre talarar etter meg, men eg ynskjer å understreka kor stor pris me set på innsatsen dykkar. De har skapt ein stad som vil koma born, tilsette og heile bygda til gode i mange år framover.

Til slutt vil eg seia dette til borna:

Denne barnehagen er bygd for dykk. Eg håpar de fyller han med latter, vennskap, fantasi og gode minne i mange år framover.
Med det har eg den store gleda av å erklæra den nye barnehagen i Granvin for offisielt opna.

Til lukke med dagen!

Opning vassverk Bømoen

Torsdag 27. august opnar Bømoen reservevassverk offisielt. Anlegget kan vera eitt av dei viktigaste tiltaka kommunen har gjennomført for å styrkja forsyningstryggleiken og beredskapen for innbyggjarane.

Etter ein periode med prøvedrift er resultata svært gode. Vasskvaliteten er framifrå, og funna tyder på at Bømoen kan vera ei av dei beste grunnvasskjeldene i landet.

Reservevassverket er ei framtidsretta investering som sikrar innbyggjarane reint og trygt drikkevatn – også dersom den ordinære vassforsyninga vert råka.

Kor førebudde er me på Voss?

I samband med NM for Hjelpekorps inviterer Voss herad og Røde Kors laurdag 5. september kl. 10 -12 til gratis ope møte om samfunnsberedskap i Voss kulturhus.

2026 er Totalforsvarsåret, og god lokal beredskap er viktigare enn nokon gong. Hjelpekorpsa er ein sentral del av den norske beredskapen når menneske blir råka av ulukker, sjukdom eller andre hendingar. Samstundes står samfunnet overfor eit endra og meir samansett risikobilete, der tett samspel mellom offentlege styresmakter, frivillige organisasjonar, næringsliv og innbyggjarar blir stadig viktigare.

Som ein del av NM set me difor søkjelyset på desse utfordringane gjennom eit ope møte om beredskap. Gjennom innlegg og panelsamtale ser me nærare på korleis Voss-samfunnet kan vere best mogleg førebudd når uventa hendingar oppstår.

Eit sentralt tema vil vere korleis lokalsamfunnet må organisere seg for å byggja robustheit og motstandskraft. Kva skjer dersom straum, elektronisk kommunikasjon, finansielle tenester, vareforsyning eller helsetenester blir råka? Korleis sikrar me at kritiske samfunnsfunksjonar held fram, og korleis kan offentlege aktørar, næringsliv, frivillige og innbyggjarar samarbeida best mogleg når krisa rammar?

I panelet møter du representantar frå politi, Helse Bergen, Voss herad og lokale beredskapsaktørar innan mellom anna straumforsyning, ekom, bank og matindustri.

Etter møtet blir det enkel servering, og deltakarane får høve til å oppleva delar av NM-konkurransen, som går føre seg i nærområdet. 

Same dag blir det òg arrangert frivilligdag på Vossevangen.

Velkomen til ein aktuell og viktig møtestad for alle som er opptekne av tryggleik, beredskap og fellesskap på Voss. Saman set me søkjelyset på korleis vi kan byggja eit meir robust lokalsamfunn. Ope møte om beredskap- kor førebudde er me på Voss?

Skriv betre stillingsannonsar

Korleis skriv du stillingsannonser som faktisk får dei rette folka til å søkje?

Fredrik Fornes har hjelpt verksemder over heile landet med å tiltrekkje seg fleire og betre kandidatar På dette foredraget får du konkrete råd, døme og verktøy du kan ta i bruk med ein gong.  

Me veit at Voss har mykje å by på. Her finst spanande jobbar, sterke fagmiljø og gode moglegheiter for både karriere og livskvalitet. Samtidig konkurrerer me om den same kompetansen som resten av landet. Korleis kan me få fleire til å oppdaga moglegheitene som finst her?

Etter foredraget får du òg ein kort introduksjon til ViKallar. Satsinga som er eit samarbeid mellom Voss herad, Indre Vestland Næringsråd og Hardanger-regionen. Målet her på Voss er å styrkje rekruttering og tilflytting til Voss

Arrangementet er eit samarbeid med Voss Næringsråd og Voss Herad

Her er lenke til arrangementet i august. Slutt å skrive ræva stillingsannonser! | Voss kulturhus

Mammografi

Rådmannen har vedteke ei endring i permisjonsreglementet, og det gjeld for mammografi. Permisjonsreglementet vil verta oppdatert, men til informasjon:

Under velferdspermisjonar og pkt. 6.1 Permisjon med løn, står det følgjande:

Det kan avtalast fleksibelt uttak av permisjonsdagane, t.d. halve dagar...Undersøkingar og behandling hjå spesialisthelsetenesta, som ikkje kan leggjast utanfor avtalt arbeidstid, bør som hovudregel innvilgast som velferdspermisjon med løn.

Endring: Dette gjeld på same måte for mammografi.