
Voss herad sendte torsdag tilbod til Bømoen AS om å kjøpa eit 138 dekar stort areal på Bømoen. Området inneheld flyplass og lokala til Voss fallskjermklubb. Voss herad ynskjer å erverva dette området for å sikra både beredskapsinteresser og luftsportinteresser.
– Me har forsøkt å gje eit godt tilbod til Bømoen AS, utfrå forventa marknadspris, seier rådmann Martin W. Kulild. Han håpar tilbodet kan bidra til ein god dialog som gjer at ein kjem vidare med konstruktive løysingar, og seier målet er å sikra Voss herad sin interesser.
– Gjennom arbeidet med reguleringplanen har me fått tydelege signal frå dei folkevalde, og dette tilbodet meiner rådmannen er i tråd med signala, seier Kulild.
I brevet som heradet har sendt Bømoen AS sin advokat vert også gjort klart at heradet vil starta opp ei sak om mogleg oreigning, eller ekspropriasjon. Sjølv om dette eventuelt vil ligga noko fram i tid, seier Kulild det er viktig for han at heradet spelar med opne kort, slik at alle veit kva innstilling rådmannen har til saka. Ei mogleg oreigningssak må avgjerast av heradsstyret.
– Det som er viktig å få fram er at me ynskjer å koma fram til ei minneleg løysing, og derfor ha me sendt over dokumenta heilt ope, slik at både innbyggjarar, politikarar og Bømoen AS kan delta i dialogen og vera informerte og forstå kva som skjer, seier rådmannen.
Offentlighetsprinsippet
Visste du at alle kan få lesa det meste av det du skriv?
Offentlegheitsprinsippet seier nemleg at alle offentlege dokument skal vera, nettopp, offentlege. Om noko skal skjermast må det vera ein lovheimel som seier at dokumentet eller enkelte av opplysningane skal skjermast frå innsyn. Dette er ein hovudregel i offentleglova: https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§3
Det er mange gode grunnar til at det er slik. Mellom anna er det avgjerande for tilliten til offentlege styremakter, anten det er statlege, regionale eller kommunale. Me forvaltar alle fellesskapen sine ressursar, og då må samfunnet ha innsyn i korleis dette vert gjort for å kunne ha tillit til at det er gjort rett.
Men for å ha ei ope forvaltning, må me ha gode system. Det vert produsert enorme mengder med informasjon berre i Voss herad, og her er sak- og arkivsystemet kritisk avgjerande.
Dette er samfunnet sin hukommelse. Her finn me og alle etter oss att det som vart vedtatt og bestemt. Det er stabsavdeling innbyggjarservice som driv dette systemet, men for at dette skal vera så godt som mogleg, må også alle bruka det. Det enklaste er å jobba med dokumenta i systemet, for då vert det arkivert så og seia av seg sjølv.
Er du uroleg for at det du skriv havnar på postlista? Det er det ingen grunn til, alt som hamnar i postjournalen går gjennom fleire kontrollar for å sjekka at det som kjem der, skal vera der. Og lurer du kanskje på kvifor me publiserer postliste? Klikk på denne lenkja og les. Lovverket er nemleg ikkje til å misforstå: https://lovdata.no/lov/2006-05-19-16/§10
Obs på personnummer
Ei lita oppmoding frå arkivet til dei som driv med sakshandsaming, ta ein ekstra sjekk på dokument du legg inn utan avskjerming, at det ikkje er personnummer i dokumentet. Nyleg gjekk eit dokument frå ein sakshandsamar, og gjennom to kontrollar i dokumentsenteret, før systemet varsla om mogleg personnummer rett før publisering. Dette skjer heldigvis ikkje så ofte, men det er ei nyttig påminning om at me alle tek ein ekstra sjekk på om det er opplysningar som treng avskjerming. Og ja, hendinga kom som eit avvik i Compilo.
Rekneskapen kjem måndag
Måndag vert den førebelse rekneskapen for Voss herad levert. Rådmannen vil senda ut melding om resultatet måndag slik at alle får lik informasjon til lik tid. Så følg med.
Alle som vil skal med…

Arbeidet med å skapa engasjement og medverknad kring arbeidet med revisjon av kommuneplanen er godt i gang, og februar månad er det mykje som skjer for både liten og stor.
Den 5. februar inviterte Voss Energi, Voss og Hardanger Næringshage og Voss herad til Idécamp Energi. Her samla me i overkant av 50 personar frå ulike verksemder, organisasjonar, samt politikarar og tilsette frå Voss herad. Utgangspunktet var samfunnsfloka knytt til «Korleis få meir av alt raskare, samstundes som me tryggjar ny næringsutvikling og tek vare på naturen vår». Deltakarane vart delte inn i grupper med ulike tema:
- Kraftproduksjon
- Energibruk
- Sirkulærøkonomi
- Transport
- Berekraftig næringsutvikling
Deltakarane vart kjende med kvarandre på tvers av organisasjonar, diskuterte ulike perspektiv og utvikla ideane sine. Til slutt laga alle gruppene plakatpresentasjonar for å dele tankane sine, og i denne postarsesjonen kunne alle hente inspirasjon frå kvarandre og sjå korleis ideane kan setjast ut i livet.
Stemninga under gruppearbeidet, og ikkje minst under postarsesjonen, var elektrisk! Deltakarane viste kor engasjerte folk i Voss herad er for desse spørsmåla. Om slike diskusjonar og idear får utvikle seg vidare, ser framtida lys ut for Voss!

12. og 13. februar var det ungane sin tur. Desse to dagane vart det arrangert Utopiaverkstadar for born og unge i Gamlekinoen. Utopiaverkstadane vart gjennomført i eit samarbeid mellom kommunalavdeling oppvekst, kommunalavdeling kultur og fritid og rådmannen sin stab.
Slik fekk me innspel til ikkje berre ein, men heile tre planarbeid (reine kinderegget, altså)
I overkant av 20 born og unge deltok på kvar Utopiaverkstad. Her diskuterte ungane kva «superkraft» kvar enkelt har og korleis me kan nytta desse superkreftene til å skapa noko saman som alle ynskjer seg, noko som inviterer inn dei som kanskje kjenner seg utafor.
I pausen laga somme papirblomar som synte fram superkrafta si – andre leika tikken i kinosalen😀
Debattar om Vossasamfunnet
Neste veke startar me opp debattserie på biblioteket med overskrifta Kva slags Voss vil me ha?
Den 26. februar går fyrste debatten av stabelen: Voss - bygd for turistar?
Reiselivet på Voss pregar bygda vår. Kva slags turistar er det me ynskjer ha på besøk og kva ynskjer me visa fram? Korleis kan me få reiselivet og bygda til å gå hand i hand?
Deltakarane får ei kort innføring i kva «berekraftig besøksforvaltning» er og me får høyra om det spennande pilotprosjektet som har vorte gjennomført på Oksenhalvøya.
Sidan vert det paneldebatt med representantar frå heilskapen knytt til reiselivet – frå grunneigar, bonde, reiseliv, friluftsliv og kommune.
I mars månad vert det ny debatt med tittel: «Voss – bygd for syklistar?» og i april vert det debatt med overskrifta: «Kvar gong me møtast – Voss ei bygd for alle?»
Naturmangfaldsplanen er vedtatt
I februar vart temaplanen for naturmangfald vedtatt. Planen skal bidra til at me skal arbeida for å nå desse sju måla:
- Stansa tapet av truga artar og naturtypar på land og i vatn
- Forbetra tilstanden til truga naturtypar og artar
- Redusera negative effektar av areal- og klimaendringar på naturmangfaldet
- Følgja opp Naturavtalen og mål om meir verna areal
- Berekraftig forvalting av jordbruks- og skogsbruksområde med omsyn til naturmangfald
- Redusera negativ påverknad på natur frå framandartar og anna forureining
- Sikra at framtidige generasjonar kan nyta godt av naturen og læra den å kjenna
Du kan finna plandokumenta her: Naturmangfaldplan er vedtatt - Voss herad
Vil verta årets kulturkommune
Voss har søkt om å verta årets kulturkommune 2025. Det er ein jury som kårar årets kulturkommune mellom søkjarane.
I juryen sit leiar av kulturkomiteen på Stortinget, Grunde Almeland, KS-leiar Gunn mArit Helgesen og leiar av Norsk kulturforum, Bård Jacobsen.
Prisen vert delt ut under kulturlivets Arendalsuke – Kulturytring i Drammen.
Søknaden frå oss viser eit stort mangfald over kulturtilbod- og aktivitetar som Voss herad er involvert i. Så vil du kjenna deg stolt over alt som finst, klikk deg inn og les søknaden! Søknad årets kulturkommune (PDF, 5 MB)