Nyheitsbrev 21. juni

Nytt nyheitsbrev, det siste før sommarferien. Stikkord er sommarhelsing frå både rådmann, ordførar og varaordførar, datahjelp, fornying av flyplassen, tilsetjing av flyktningar, ekstremsport, lyden av Voss, konferanse  om inkludering og meistring, sommaraktivitetar både for godt vaksne og unge, endringar i HR og innovasjon, i helse og omsorg  og gode resultat frå sikkerheitskampanje.

Kjære alle tilsette i Voss herad,

No som sommaren endeleg er komen, vil me nytta høvet til å senda ei varm helsing til kvar og ein av dykk. Etter eit krevjande år med mange utfordringar, er det godt å kunna sjå fram mot lysare dagar, og ein velfortent pause, når den tid kjem for kvar og ein av dykk.

Me er utruleg stolte over innsatsen dykkar og den fantastiske jobben de gjer kvar einaste dag for innbyggjarane i Voss herad. Det er dykkar hardtarbeidande innsats og engasjement som gjer kommunen vår til ein god stad å bu og veksa opp i.

Me opplev at det frå tid til annan kan vera vanskeleg å tolka våre politiske vedtak. Då kan det vera på sin plass, å trygga alle om at gjennom god dialog med rådmann og leiargruppa klarnar me opp eventuelle usikkerheiter. Det er til dømes ikkje gjort vedtak om full tilsetjingsstopp i heradet, men gjeve eit signal om at vakante stillingar, som ikkje går ut over tenestene våre og evna til omstilling, kan avventast med inntil vidare.

Sommarferien er ei tid for å lada batteria, nyta tid med familie og vener, og samla nye krefter til hausten. Me håpar at de alle får høve til å slappa av, kople av frå jobb og nyta det vakre sommarlandskapet som omgjev oss her i heradet.

Tusen takk for innsatsen de legg ned kvar dag.

Med ynskje om ein strålande sommar!

Beste helsingar,

Tonje Såkvitne, ordførar og Benedicte Kragh, varaordførar

 

Sommarhelsing frå rådmann Torbjørg

Me har lagt bak oss ein hektisk vår, og for min del har det også vore ei ny erfaring å vera rådmann.

Sjølv om det har vore krevjande månader  for oss alle, trur eg at me har landa på beina, takka vera god innsats frå alle.

Eg vert verande på jobb i store delar av sommaren, og skal jo ut i den lengste ferien når eg går av med pensjon i haust.

Den nye rådmannen kjem i september, og eg håpar alle vil ynskja Martin Kulild varmt velkomen som ny rådmann.

Eg ynskjer dykk alle ein retteleg god sommar, tusen takk for god innsats så langt i år og god ferie!

 

Datatrøbbel?

Biblioteket tilbyr datahjelp onsdagar i veke 26-28. Kom innom og få hjelp til store og små utfordringar med pc, nettbrett eller mobil.

Sommarles

Lesekampanjen Sommarles går for fullt på biblioteket i desse dagar. Sommarles er ein nasjonal lesekampanje for alle barn frå 1.-7. Klasse.. Barna registrerer det dei les, høyrer på lydbok eller blir lest for på sommarles.no og kjem innom biblioteket for å få fine premiar. Det er ein flott måte å halde leselysta oppe i ein lang sommarferie, og så langt er det 440 barn på Voss som er med!

 

Nyheiter frå flyplassen

Gamalt brannskåpNytt brannskåp

Voss herad er snart i mål med å sjekka ut alle dei 12 avvika på flyplassen vår. Fresing og fuging av sprekkar i rullebanen er gjort, nye skilt er kome opp og denne veka kom også dei nye og fabelaktig vakre brannskåpa på plass. Skåpa er laga av elevar ved Voss vidaregåande skule.

 

 

 

Ekstremsportveko startar søndag

Voss herad er mykje til stades under Ekstremsportveko i år. Nokon av dykk skal kanskje delta også, anten sportsleg eller kulturelt.

«Lyden av Voss»

Lyden av Voss vert framført under opninga på søndag og måndag fyrstkomande kl 14.00.

Arrangementet på måndag er eit samarbeid mellom Den kulturelle spaserstokken og Ekstremsportveko. Her oppmodar me spesielt alle barnehagar og eldre å ta turen. Gratis inngang. Dersom det er mogleg å få til er det veldig fint å ta bebuarar på institusjonar med seg på dette.

Lyden av Voss - Ekstremsportveko

Konferanse om inkludering og meistring

Sjekk ut dette spanande programmet som er relevant for mange av oss i heradet. Dersom du ynskjer å delta kan du ta ein avsjekk med leiar. Voss herad sine tilsette har gratis inngang, men må melde seg på. Deltaking er ikkje løna, og må tilpassast drifta. Eventuell påmelding på e-post til georg@ekstremsportveko.com innan 22. juni 2024

Ingen hoppar tandem åleine - Ein konferanse om inkludering og meistring - Ekstremsportveko

Last Thursday

Torsdag vert det næringslivsdag i samarbeid mellom Ekstremsportveko, Voss og Hardanger Næringshage og Voss Energi. Meir om den finn du her: Last Thursday - Ekstremsportveko

Rekruttering

Voss herad skal ha stand under heile Ekstremsportveko for å gjera oss lekre for dei som kanskje vil flytta hit, eller bur her, og som treng jobb. Voss herad treng flinke folk, og Ekstremsportveko er ein glimrande arena for å koma i kontakt med potensielle jobbsøkjarar.

Opning

Ekstremsportveko opnar på søndag, så møt opp på Prestegardslandet og få med deg sport og underhaldning heile veka.

Programmet finn du her: Program 2024 in process.. - Ekstremsportveko

 

Biogassanlegget reiser seg

Bygginga av det nye biogassanlegget er starta. Dette er ei storsatsing innanfor den sirkulære bioøkonomien. Bak satsinga står mellom andre BIR. Dette vert det første biogassanlegget i Vestland for behandling av matavfall frå hushaldningar, og vert den første brikka i ein framtidig biopark i Bjørkemoen. Anlegget skal foredla bioavfall til biogass og skal mogleggjera nye sirkulære og berekraftige verdikjeder for både landbruk, hushaldningar og transportsektoren.

 

Sommaraktivitetar for godt vaksne

Onsdag den 19. juni gjennomførte  me fyrste post på programmet - Sommaraktivitetar for godt vaksne.

Nær 20 personar var med og hadde ein flott dag på Hangurstoppen Restaurant og fekk høyre historia om Voss Resort gjennom 75 år.

I heile sommar arrangerer me sommaraktivitetar for godt vaksne i lag med Voss Frivilligsentral og næringslivet. Meir om sommaraktivitetar

 

Sommaraktivitetar for unge

Ungdomsavdelinga arrangerer, i samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i Voss herad, ferieaktivitetar for ungdom i sommarferien.

Me startar fyrstkomande måndag med ungdomsdag på Ekstremsportveko. Dette blir ein sosial dag der ungdom saman kan sjå på konkurransar, det blir skatekurs i aktivitetsparken og mat og disko i teltet.

I heile sommar er ungdomshuset ope på måndagar frå kl.15-21. Dette blir basen vår for ulike aktivitetar, alt etter vêret og kva ungdomane sjølv ynskjer.

Siste veka i ferien arrangerer me tur til klatreparken, elveleik med Voss elveklubb og aktivitetsdag på Prestegardslandet med m.a. boblefotball, grilling og volleyball.

Aktivitetane er for ungdom på ungdomsskuletrinnet og dei som skal byrja på ungdomsskulen til hausten. Alle aktivitetane er gratis.

Her er lenkje til informasjon: https://voss.herad.no/tenester/kultur-idrett-og-fritid/ung-pa-voss/ferieaktivitetar-2/

Påmelding til aktivitetane: https://voss.friskus.com/organisations/1cb302d6-c93c-45cd-9b0e-de3b2ca7d506?tab=events

 

Sommarjobb for ungdom

Denne satsinga kjem som svar på innspel frå Ungdomsrådet. Grunna gode erfaringar i fjor  vil oppvekst, kultur og helse og omsorg tilsetja 21 ungdommar mellom 15 og 18 år i sommarjobb denne sommaren.

 

Samlokalisering av korttidsavdelinga

I juni vart korttidsplassane frå Vetleflaten, Vossestrand Omsorgstun og Granvin sjukeheim samlokalisert på Voss Sjukeheim til ei stor korttidsavdeling.

På flyttelasset var dei tilsette som arbeida på korttidsavdelinga på Vetleflaten.

Det har vore lagt ned svært gode prosessar i dette arbeidet for å inkludere alle i omorganiseringa, og at alle skulle få vere med å byggja ei samla korttidsavdeling for Voss herad. Tilsette sjølve har foreslått dette tiltaket, og det har vore fagleg vurdert utifrå helse og omsorg sin tillitsmodell, Granvinsmodellen.

Tillitsvalte, vernetenesta, leiarar, tilsette og stab har jobba godt ilag, alle med likt utgangspunkt om å danne eit godt grunnlag for å sikra likskap, rettferd og flyt i pasientbehandling. Dei tilsette får eit samla fagmiljø, og får handlingsrom til å arbeida som spesialistar på korttidsopphald.

Samlokaliseringa har som mål å skape attraktive arbeidsplass og miljø for behalde og rekruttere tilsette

Det har vore ein hurtigprosess på denne omorganiseringa, som fyrst og fremst handla om å få effektuert endringa innan sommarferieavvikling. Slik at det vert ein god pasientsikra flyt i opphald i sommar der det ofte kan vere hektisk, i tillegg til at fast personale også avviklar ferie. Og at ein då har ein reell innsparing på å ikkje måtte nytte vikarsjukepleiarar frå byrå.

10.juni var det offisiell opning. Og det var kake og kaffi til alle pasientar, pårørande og tilsette.

 

God deltaking på sikkerheitskampanje

Som alle har registrert har det i vår vore ei bevisstgjeringskampanje på informasjonssikkerheit, der alle fekk ein e-post med lenkje ein gong i veka. Voss herad har verkeleg slått til, og hadde absolutt flest brukarar som gjennomførte av alle deltakarorganisasjonane som var med. Til saman var det 20 kommunar, fylkeskommunar og statlege organisasjonar som var med. Det er bra!

Det er også lagt att over 70 kommentarar som tilbakemeldingar, og oppsummert har dette vore ei svært positiv oppleving for dei som jobbar med sikkerheit i organisasjonen vår. Frå den sida kjem denne oppsummeringa: «Veldig takknemleg for entusiasmen og den store deltakinga dei tilsette gjorde her, altså. Bravo!»

 

Endringar i HR og innovasjon

Stabsavdeling HR og innovasjon har endra litt organiseringa si. Målet er å gje betre tenester og rigga avdelinga for framtidige behov.

Avdelinga gjer ei omstrukturering som fører til nokre endringar i organisasjonskartet:  Innovasjon endrar namn til Organisasjons- og tenesteutvikling, og Digitalisering og IT endrar namn til IT. 

Årsaka til at det vert gjort endringar i avdelingsnamn er todel:

  1. Den eine skuldast behovet for å tydeleggjera skiljet mellom utvikling (digitalisering) og IT drift.
  2. Den andre årsaka er å tydeleggjera at digitalisering ikkje handlar om IT, men i større grad om prosessar, folk og organisasjon.  Digitalisering vert lagt til Organisasjons- og tenesteutvikling. Strategisk HR-arbeid vert lagt til HR.

Det vert ikkje fleire tilsette, men målet er å få større effekt ut av dei årsverka avdelinga har. Trine Langøen held fram som HR-leiar. Trond Arne Myklebust vert ny leiar  for Organisasjon- og tenesteutvikling, og Kim Andre Vaksdal vert ny IT-leiar.

Om du har spørsmål til desse endringane vil dei gjerne at du tek kontakt med ein av dei. Dei vil gjera sitt beste for å hjelpa deg!

 

Økonomiske utfordringar

Voss herad er i ein situasjon der me brukar meir pengar enn me får i inntekter. Når du er i ein slik situasjon på privaten så må du gjerne bruka av oppsparte midlar. Det må Voss herad også. Hjå oss heiter sparekontoen disposisjonsfond og var på rundt 86 mill.kr ved byrjinga av 2024. Dette høyrest kanskje mykje ut. Men ut i frå kva me veit på noverande tidspunkt så ligg me an til å få eit meirforbruk på 31,6 mill.kr i høve budsjett. Dersom dette fortset, så går det ikkje mange år før sparekontoen er tom. Meirforbruka i tenestene våre er innan helse, skule, omsorg, barne- og familietenester og sosiale tenester. Grunnane til auka utgifter er vanskar med å skaffa kvalifisert folk, auka behov for tenester og fleire som har behov for sosial stønad.

Medan du har lønsinntekter som skal vera med å dekka dine driftsutgifter, så har Voss herad nær 2 milliardar kr som skal vera med å dekka driftsutgiftene. Me har råd til å utøva mykje gode tenester, jobba med utvikling av samfunnet og betena lån med desse pengane. Men forbruket me har i dag er for høgt. Me må difor jobba med omstilling slik at me får ned utgiftene, slik at me unngår å bruka opp alle sparepengane. Me må også omstilla og prioritera ressursar slik at me kan fortsetja å ha gode arbeidsplassar og berekraftig nivå på tenestene. Me kan ikkje løysa dette med at folk spring fortare.

Kva betyr omstilling? Det betyr at me må gjera endringar. Det kan vera at me finn betre måtar å organisera arbeidet eller tenestene på, gjera endring i kvar tenester vert tilbydd, slutta å gjera nokre oppgåver eller tenester, eller endra nivået på tenestene me gir. Me har fått i oppdrag å gjennomføra dei innsparingane me klarer no i år. Det betyr i stor grad å gjera smarte val om ressursbruk og utsetja innkjøp eller investeringar til seinare. Større endringar må opp til politisk handsaming. Me har fått i oppdrag å kartlegga ei rekkje tiltak som kan vera med å bidra til innsparingar i Voss herad. Denne lista vil innehalde mange og inngripande tiltak, og vil skapa debatt. Lista blir lagt fram slik at politikarane veit kva tiltak det kan vera snakk om. Det vil ikkje sei at alt skal gjennomførast. Kva endringar me må gjera for å ha ei drift som går rundt vil me difor jobba vidare med til hausten og vil tas med i økonomiplan for 2025-2028. Uansett må mange område endrast framover slik at me er rusta for framtida.    

 

Flyktningar i arbeid

NAV gjer ein stor innsats for å få flyktningane som er kome til Voss ut i arbeid, og ynskjer å få både næringsliv og kommunen til å i større grad tilsetja flyktningar.

Det er alt ei rekkje gode døme, både frå næringsliv og kommunen, og at flyktningane er ein stor ressurs, og at det er viktig både for arbeidsgjevar og den enkelte flyktning å koma seg ut i arbeid.

Slik situasjonen er i dag,  er det stort behov for tilsette, me tek i mot mange flyktningar og får me flyktningane ut i arbeid tilfører me mykje viktig kunnskap og kompetanse til kommunen vår. Flyktningane er motiverte for arbeid, dei ynskjer å gi tilbake, og mange er vane med å jobbe hardt.

Flyktningane som kjem til oss gjennom fører eit introduksjonsprogram, som inneheld mellom anna norskundervisning, kurs i jobbsøkjing, kulturforståing med meir. Målet er at så mange som mogleg skal koma seg ut i løna arbeid, og ein del av programmet er å koma ut i praksis. Erfaringar viser at flyktningane veks mykje på å vera i praksis, og tileignar seg mykje kunnskap om norsk arbeidsliv og kultur, og at dei får «gje noko attende».

Det er fleire gode døme på vellukka tilsetjingar, men NAV ynskjer meir av dette, og har ei rekkje tiltak som er basert på den enkelte kandidaten sin situasjon.

  • Arbeidstrening
  • Mellombels lønstilskot
  • Inkluderingstilskot
  • Mentorordning

Meir informasjon, og kontaktskjema for dei som vil melda interesse er her: https://kontaktskjema.arbeidsgiver.nav.no/