Nyheitsbrev 22. august

Stikkord: Ny favoritt med besøksrekord, nye rekordar for førehandsrøysting, nye og mellombelse opningstider for brukarstøtte, nye lønsforhandlingar og ny nettside om skule- og barnehagestrukturen.

Voss herad har opna det som kan vera distriktet sitt mest besøkte og populære tilbod. Under Voss cup hadde staden kring 300 besøkande kvar dag. På dei varmaste og finaste dagane i sommar meir enn dobla dette seg, og rekordbesøket var 12. juli med 818 besøkande. Dagen etter nytta 791 personar dette tilbodet.

Sjølv om dette er eit gratistilbod, legg alle besøkande likevel att noko, faktisk av seg sjølv. Staden ligg sentralt og fint til. Og kva er tilbodet? Du har kanskje alt skjønt det, det offentlege toalettet i det nye servicebygget.

Valet er i gang

Det er nok ein gong rekord i talet på førehandsrøyster, både her hjå oss og elles i landet. Klokka 13.30 i dag fredag var det registrert 1.338 førehandsrøyster, 91 av desse var til andre kommunar. Talet veks heile tida, som mange sikkert har sett er det ein jamn straum av veljarar som ynskjer å røysta på førehand.

Takka vera eit godt arbeid i forkant handterer me nokså greitt dei mange som ynskjer å gjera borgarplikta si Så skal det seiast at me har særs god hjelp av Tor Berge og Kari Opheim som er mellombels tilsett som valmedarbeidarar.

Både i morgon og neste laurdag er det førehandsrøysting på Amfi. Neste veke er det også førehandsrøysting på Vossestrand. Vrå veka etter, som startar med måndag 1. september, er det  er det førehandsrøysting i Granvin og på Knutepunktet. Den veka startar me også førehandsrøysting på institusjonane og dei vidaregåande skulane. Heimerøystinga skjer også denne veka.

Komplett liste over røystestader finn du her: Kvar og når kan du røysta? - Voss herad

Tid for lokale lønsforhandlingar

Det vert lokale forhandlingar i veke 39 for leiarar i kapittel 3 og akademikarar i kapittel 5. Kravfristen er allereie i neste veke. 

Tilsette i kapittel 4 fekk utbetalt ny løn i juli.

Redusert opningstid

Det vert noko reduserte opningstider på brukarstøtte på IT-avdelinga dei komande vekene. Brukarstøtte er til vanleg bemanna av dei to flinke lærlingane våre. Dei neste vekene skal lærlingane gjennomføra fagprøva si, og delar av IT-avdelinga elles er sterkt delaktige i gjennomføringa a valet. Det er nyleg starta ein ny lærling, men han er så ny på avdelinga at han ikkje kan sitja på brukarstøtte åleine. Legg me til at det også er noko sjukefråvær på avdelinga, er derfor alternativet å redusera opningstida noko nokre veker. Dei nye opningstidene er frå kl 10:00 - 14:00 - det gjeld både telefon og fysisk oppmøte. Dei nye tidene gjeld i perioden 25.08 - 10.09.

Skule- og barnehagestrukturen

Det vert jobba med framlegg til ny skule- og barnehagestruktur. Målet er skapa robuste barnehagar og skular av god kvalitet, som toler svingingar i barne- og elevtal, som stettar lovkrav i høve bemanning og som sikrar berekraftige tenester og føreseielege rammer.

Det er laga nye nettsider som gir mykje informasjon om dette arbeidet, både bakgrunn og framdrift. Klikk deg inn, les og sjå. Og lytt til Voss herad sin alle første KI-genererte podkast. Om arbeidet - Barnehagar og skular for framtida - Voss herad