Nyheitsbrev 22, desember

I aller siste nyheitsbrev frå oss i 2023, gjev me rett og slett ordet til ordførar Tonje Såkvitne og varaordførar Benedicte Kragh. Dei seier eigentleg alt som trengs i dag. 

Kjære alle tilsette i Voss herad,

I førre veke heldt me aller siste heradsstyremøte i 2023. Sjølv om ein med ulike roller og ulikt verdigrunnlag ikkje alltid ser likt på ei sak, så deler ein utvilsamt eit felles ynskje om å gjera Voss til verdas beste herad å bu, og arbeida i. Det meiner me gjev oss eit enormt godt utgangspunkt!

I løpet av året som har gått, har de alle lagt ned ein formidabel innsats for heradet vårt, og me vil uttrykke vår djupaste takk for dedikasjonen dykkar!

Må denne jola fylle dykk med glede, ro og kjærleik. Ta vare på kvarandre, og nyt kvar magiske augneblink saman med familie og vener. Me ser fram til eit nytt år fylt av godt samarbeid, utvikling og nye moglegheiter for Voss og innbyggjarane våre.

God jol og eit strålande nytt år!

Med varme helsingar,

Tonje Såkvitne, ordførar i Voss herad

Benedicte Kragh, varaordførar Voss herad

Om du verkeleg vi ha jolastemninga, så ser du denne videoen frå Tonje og Benedicte (den opnar seg i Facebook. Hugs å ha på lyd):

Jolahelsing frå Tonje og BenedicteJolahelsing