Nyheitsbrev 23. juni

Siste nyheitsbrev før sommaren i dag. Stikkord: Last Tuesday, dagsturhytta er open, kvalitetsutval, 80-åringar om eige kvardagsliv, konflikthandtering, ny løn og påminning frå IT.

Sist helg vart det fotballfest på Voss, no på søndag startar Ekstremsportveko. Før neste nyheitsbrev har det også vore Landsskyttarstemnet hjå oss.

Torsdag 29. juni vert det sommarfest i regi av Ekstremsportveko, Hardanger og Voss Næringshage og Voss energi. Trass i at dette skjer ein torsdag, er det eit Last Tuesday-arrangement. Det startar kl 16, og består av ulike temaforedrag fram til middag kl 18. Arrangementet held fram med dagens video og konsert med Lemaitre og Kamelen. Les meir om programmet, pris og påmelding her: https://www.ekstremsportveko.com/social/events/last-tuesday/

Dagsturhytta Klepp

Dagsturhytta på Voss ligg på Klepp ved folkehøgskulen si hytta. Hytta er open, og løypebeskriving vil koma seinare. Offisiell opning til hausten. Les meir om dagsturhytta her: Dagsturhytta

Kvalitetsutval er sett ned

Prosjektgruppa som har jobba med anskaffing av kvalitetssystemet Compilo har gjort ein kjempejobb. Og sidan anskaffinga, struktureringa og fyrste del av opplæring er gjennomført, har prosjektgruppa blitt takka av, og eit kvalitetsutval er oppretta.

Utvalet er samansett av representantar frå alle firekommunalavdelingar, i tillegg til internkontrollrådgjevar, HMS-rådgjevar og hovudverneombod.

Kvalitetsutvalet skal:

  • Vera støtte og sparringspartnar i kvalitetsarbeidet i heradet.
  • Teste ut ulike løysingar og dela erfaringar.
  • Følgja opp bruken av kvalitetssystemet og setje i verk tiltak, dersom kvalitetssystemet ikkje blir nytta som tenkt.
  • Føreslå tiltak og prosjekt som kan påverke kvalitetskulturen i rett retning.
  • Bidra til rett bruk av omgrep, knytt til kvalitetsområdet.
  • Diskutere endringar i systemoppsett og gjennomføre desse.
  • Ved større prinsipielle saker, lage saksframlegg til leiargruppa til rådmann for diskusjon og avgjerd.

Utvalet skal i fyrste omgang møtast 2 gonger i månaden. Leiarar kan ta kontakt med internkontroll rådgjevar for innspel og spørsmål: rune.g.slettemark@voss.herad.no

Verdifulle innspel frå 80 åringar

Nær femti  80- og 81-åringar var den 7. juni samla på Vetleflaten omsorgssenter for å få tips frå fagfolk  i heradet om korleis ein kan leggja til rette i bustaden sin, korleis digitale hjelpemiddel kan føra til eit betre kvardagsliv og korleis behovet for mat og ernæring kan endra seg når ein vert eldre. Deltakarane på møtet ga verdifulle innspel på kva som er viktig for dei i kvardagslivet. 

Kva er viktig for dei eldre sjølve?

Det som skåra aller høgst var det å kunna gå ut i nærmiljøet, kjenna seg trygg i eit samfunn med lite kriminalitet, vera i god fysisk form, samvær med slekt, naboar og vener, tilgang på relevant informasjon og det å ha bra/god privatøkonomi. Å unngå einsemd og å leva i eit samfunn utan negative haldningar til eldre er også svært viktig for denne aldersgruppa. 

Vidare var det mange som skriv at det er viktig at dei kan bur der dei bur i dag, at det er eit godt tilbod av varer og tenester og gode transportordningar. For mange er det også viktig å kunna køyra eigen bil.

Ny løn for alle i kapittel 4

Alle tilsette som er plassert i kapittel 4 har fått ny årsløn med verknad frå 1.5. Løna er justert no på utbetalinga i juni. Lokale forhandlingar for kapittel 4 vert fyrst i 2024.

For dei som er plassert i kapittel 5 og 3 vert det lokale forhandlingar til hausten.

Konflikthandtering og varsling

No i juni har alle leiarane i kommunen fått tilbod om opplæring i konflikthandtering og varsling.

Me har oppdaterte rutinar for å handtera konflikt, utilbørleg åtferd og trakassering, og desse finn du her: rutine-for-handtering-av-konflikt-utilborleg-atferd-og-trakassering.pdf (voss.herad.no)

Helsefarlege konfliktar, mobbing/ trakassering/ seksuell trakassering og utilbørleg åtferd vert ikkje akseptert i Voss herad.

Slike forhold skal både førebyggast og handsamast på ein ryddig måte og etter retningslinjene. 

Tilsette i Voss herad skal syna kvarandre respekt og omtanke (jf. arbeidsgjevarpolitikken). Alle skal arbeida aktivt for å skapa ein open kultur der motstridande syn kan luftast og handsamast konstruktivt utan risiko for dei involverte.

Sommarhelsing frå IT-avdelinga

Sommaren nærmar seg – for mange betyr dette at ein skal ut å reise. Uansett om det er i Noreg eller utland ein skal, so ynskjer me å dele eit par ting som er greitt å tenke på med tanke på datasikkerheit.

  • Ver varsam med å ta med deg kommunalt datautstyr. Om det er tenestleg behov for å ha med jobb-PC so skal ein alltid ha kontroll på kor den er, den skal alltid vera låst når ein ikkje er fysisk i nærleiken av den og ein skal ikkje la andre nytta PC’en
  • Ein skal kun koble til internett via delt nettverk på mobil eller ved bruk av mobilt breiband. (Unnatak er selvfølgeleg på eigne hytter med eige oppsett på WiFi). Ein skal aldri logga på usikre trådlause nettverk på til dømes hotell, flyplass, cafè eller liknande – all datatrafikk her går ukryptert og uvedkommande kan soleis få tak i både brukarnamn, passord og mfa-sesjonar utan at du merkar det
  • Skal ein utanlands skal me ha ein godkjenning frå leiar om at det ikkje er nokon veg utanom. Det skal altså vere eit særskild tenestleg behov for dette og det skal godkjennast av oss fyrst. Voss herad har sperra all pålogging mot O365 frå andre land enn Noreg, so her låser me kun opp i dei tilfella dette er avklart og ein har vore innom oss for ein kort sikkerheitsbrief.
    • Minimumskrav her er og at ein har aktivert passordlaus pålogging i authenticator-app’en med MFA.
  • Mobiltelefonar som har innlogging mot kommunale tenester skal ein vera like forsiktig med – nytt mobile nettverk, pass på at den har aktivert skjermlås og ikkje kjem på avvege.

Bruk sunn fornuft – meld i frå til oss om uhellet er ute og ein har trykka på noko ein ikkje burde, om ein har mista kommunalt utstyr, om ein merkar noko mistenkeleg – dess tidlegare me får beskjed og kan isolera PC/brukar, dess betre! (Ein får ros, ikkje ris i desse tilfella)

Du når oss på 56 52 32 10 eller i brukarstøtteportalen

Og du – husk å legg vekk jobben litt i ferien og. Nyt sola, nyt badetemperaturen, ta ein is, grill noko god mat, senk skuldrene – so møtes me til ny dyst etter ein velfortent pust i bakken!