Nyheitsbrev 25. august

Første nyhetsbrev etter ferie, og me knallar til med eit langt brev i dag. Men sjå kva innhald det har: Topplassering i kommunebarometeret, val, cyberangrep, kulturminnedagar, valdebatt, betre tverrfagleg innsats, fellessamling for skulen og og Steg for steg med Blå kors.

Vel overstått sommar til alle, me tek fatt på hausten med nyheitsbrev annankvar fredag. Poenget med dette er å gje innblikk i kva som foregår rundt om i organisasjonen vår. Det skjer utruleg mykje kvar einaste dag, men me kan ikkje driva så mykje oppsøkande journalsitikk, så er det noko du saknar i nyheitsbreva, så send ein epost til tor.h.hhalvorsen@voss.herad.

Best på vatn og avløp i kommunebarometeret

Voss herad tok 1. plassen innan vatn og avløp i kommunebarometeret. Kommunebarometeret er ei måling som kjem i Kommunal Rapport kvart år, og som rangerer kommunane etter 155 nøkkeltal på tvers av 12 sektorar. Og innan vatn og avløp hamna Voss i år heilt på topp. Rangeringa innan sektoren baserer seg på 14 nøkkeltal, til dømes storleik på gebyr, trygt drikkavatn, vedlikehald av leidningnett, reinsing av avløp og vidare. I rangeringa hamna altså Voss heilt på topp, saman med Alvdal og Rælingen.

Det er berre så vidt diplomen for Noregs beste drikkevatn er kome opp på veggen hjå vatn og avløp før det skal feirast endå ein gong. Topplasseringa i kommunebarometeret er nok ei stadfesting på at Voss leverer dei beste tenestene til innbyggjarane innanfor både kvalitet, tryggleik og pris.

Ustabil nettside

Måndag i førre veke gjekk heimeisda vår ned ei kort periode. Me meldte det som suppertsak og var eigentleg oppe å gjekk fram til torsdag kveld. Då vart det veldig ustabilt, og det råka ei rekkje kommunar og fylkeskommunar i heile landet. Det viste seg å vera eit DDoS-angrep, også kalla tjenestenektangrep på ein av underleverandørane til Acos, som leverer nettsida vår. Eit tjenestenktangrep er eit cyberangrep der nokon sender så mykje trafikk at nettsida eller serveren rett og slett ikkje kan handtera det, og dermed går ned. Dette er som regel ikkje anna enn upraktisk, for det er ikkje fare for at opplysningar blir tatt eller kryptert. Likevel er det synleg, skapar ein del støy og slike angrep kan koma for å avleda merksemda slik at cyberkriminelle kan gå inn på andre område. Det er ikkje noko som tyder på det. Det er likevel litt urovekkande at dette tok til første veka med førehandsrøysting, i og med at cyberangtrep og utanlandsk påvirkning er mellom dei risikoane som finst før og under eit val.

Me informerte via facebook og lokalmedia og felles e-postar om at sida var nede, pluss at med fekk sendt rundt lenkjene til fagsystema så alle kunne logga seg inn der dei skulle. Skjer liknande igjen, gjer me det slik då også, pluss at me legg ut link til Easycruit, valg.no og anna som innbyggjarane treng på facebook. Det denne hendinga først og fremst viser er at me er ein del av verda, og kan verta råka direkte, også av angrep som ikkje er retta mot oss.

Førehandsrøystinga er i full gang

Måndag 11. september er det kommunestyre- og fylkestingsvalg.

Sjølv om det er stabsavdeling innbyggjarservice som har fått delegert ansvaret for å gjennomføra valet, er det ikkje innbyggjarservice «sitt» val. Det er heile heradet sitt, og derfor er også mange personar frå nær alle avdelingar involvert i valet på ein eller annan måte, anten i forkant, i samband med førehandsrøystinga eller i samband med valdagen.

Førehandsrøystinga er i gang, rett før stengetid fredag er det tatt i mot 873 førehandsrøyster. fredag  

No framover er det førehandsrøysting rundt om i heradet. Les meir her om når og kvar du kan røysta. Val 2023

Kulturminnedagane

Tema for kulturminnedagane i år er «Levande handverk», og Voss herad bidreg med eit heildagsseminar om temaet på Voss folkemuseum. 

Utgangspunktet for seminaret er ideen om at levande handverk treng levande hender. Me har invitert Eivind Falk fra Norsk Håndverksinstitutt på Maihaugen og Agathe Askeland Lauvdal frå Norges husflidslag til å fortelja om korleis deira institusjonar jobbar for å ta vare på den immaterielle kulturarven, dvs. kunnskapen om korleis ein utfører og vidarefører eit handverk.

 Me har òg ynskt å sjå på om det er ei skeivfordeling av ressursar mellom dei tradisjonelle manns- og kvinnehandverka. Difor har me invitert Solveig Jordal, avdelingsleiar ved Osterøy museum, til  å fortelja om det mangeårige arbeidet dei har gjort med å halda kunnskapen om oppstadveven i hevd. Me har sjølvsagt òg invitert Voss husflidslag til å fortelja om då dei tok på seg å dokumentera den lokale fileringsteknikken.

Seminaret er gratis og ope for alle.

Dato: tysdag 5. september

Tid: 10.00-14.30

Stad: Voss folkemuseum

Politisk debatt i biblioteket

Biblioteket inviterer til politisk debatt førstkomande måndag i samarbeid med lokalavisa Hordaland, Nils Kvamsdal er debattleiar.

Kvifor debatt i biblioteket? Jo, me følgjer opp funna i avhandlinga der Voss bibliotek var case.

Her er lenkje til avhandlinga: https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/11250/3037065

Bibliotekarforbundet sitt tidsskrift Bibliotekaren laga ei sak om det i desember: https://www.bibforb.no/utfordringer-med-rollen-som-debattarena/

Fellessamling for vossaskulen

Monica Rydland

Tysdag 16. august hadde alle tilsette i vossaskulen fellessamling i gamlekinoen. Monica Rydland frå NHH snakka om endring og om kva som skal til for at me skal lukkast med forbedringsarbeid i skulen. Dette er ein del av Oppfølgingsordninga som Voss herad er med i. Vossaskulen skal verte betre på tilpassa opplæring.

Betre tverrfagleg innsats

Tirsdag og onsdag i førre veke har fagstaben i oppvekst besøkt alle barnehagene i Voss herad. Voss er en «Bedre tverrfaglig innsats»(BTI) - kommune. BTI er ein samhandlingsmodell som beskriv den samanhengande innsatsen i og mellom ulike tenester retta mot gravide, born, unge og familiar som er knytt ei bekymring til. Modellen skal bidra til tidleg innsats, samordna tenester og involvering av foreldre. Klikk deg inn for å lesa meir om korleis du kan bruka modellen, anten du er born/ungdom, vaksen eller tilsett. Lenke til BTI

Steg for steg

Blå Kors kom til Voss torsdag 24. august for å informera om deira suksess med modellen «Steg for steg». Me fekk høyre ei sterk historie frå ein ung mann, som hadde kome seg ut av rusen med hjelp frå Blå Kors. Deira prinsipp er bygd på å finna ressursar i menneske, og ha fokus på mål framfor sjukdom. Dei tek i bruk eksisterande aktivitetar i kommunane, og er basert på frivillig arbeid.

Eit viktig arbeid mot stigmatisering, og tilbakeføring til samfunnet. Deira forsking viser at alle menneske med rusutfordringar, psykisk uhelse og kriminelle utfordringar ynskjer seg berre «eit heilt vanlig liv». Det møtte folk frå NAV, helse og omsorg, bygg og eigendom, politi, Ulvik og Vaksdal for å høyre om tilbodet, og det var stor interesse for å få etablert dette på Voss.

Me skal sjå meir på om og korleis dette tilbodet kan passe for Voss herad.