Nyheitsbrev 25. november

Stikkord for dagens nyheitsbrev er vurdering av habilitet, eller gildskap, leiaropplæring og skisser av aktivitets- og idrettstorg. God lesnad

Nye torg 

Hausten 2022 har Voss herad jobba saman med Østengen og Bergo landskapsarkitektar for å utforma to sentrale torg på Voss.

Dei to torga ligg tett på viktige prosjekt som ny ungdomskule, aktivitetsparken, servicebygget og nytt idrettshus ved Eksperthaugen.

Målet med prosjektet er å sikra god heilskap i viktige område for born og unge, med fokus på aktivitet, rekreasjon, idrett og inkludering.

Prosjektet byggjar vidare på føringar i sentrumsplanen samt overordna mål i kommuneplanens samfunnsdel.

To torg på Voss

Aktivitetstorget Idrettstorget

Historieforteljinga startar ved Vangsvatnet i Aktivitetsparken der vasstandsøylene fortel og informerer om flaumsituasjonen.

Idrottsveien eller «Idrettsaksen» med sine nye torg blir ein viktig akse mot Vangsvatnet.

I dette prosjektet har me jobba vidare med å ta tak i særpreget, vidareutvikla dette og integrera viktige miljø og historieforteljande element på ein naturleg måte oppover i dei to torga og i den nye leikeplassen. Alt er planlagt med tanke på å kunna tola flaum. Utstyr er forankra og fundamentert godt ned i bakken, og det er valt dekke som tolar å stå under vatn. Dei to nye torga ligg i kvar sin ende av Idrottsvegen «Idrettsaksen» og lagar god samanheng og flyt i området. Gjennom utforminga er det lagt opp til varierte opphalds- og aktivitetsområde for ulike aldersgrupper og ulike kjønn etter gode brukarinnspel. Tanken er at anlegget skal gje overraskingar, gjera brukarane glade, væra rekreativt og redusera kvardagsstress.

Våren 2023 skal den nye leikeplassen etablerast i samarbeid med Aktivitetsparken. Voss herad har sett av 900.000 kr til dette prosjektet.   

Klimaplan og konferanse

I heradsstyret sist veke vart planen Vossaklima 2030 vedteken, rett etter av Voss herad var vertskap for klimakonferansen Klimathos 2022.

Ny rutine for vurdering av habilitet

Det er utarbeidd ny rutine for habilitet. I heradet sine etiske retningsliner er tilsette pålagt ei sjølvstendig plikt til å opplysa om eigen habilitet og tre til side når saka krev det. Og det er den tilsette sjølv som skal gjera ei vurdering av eigen habilitet. Den nye rutinen vil koma inn i kvalitetssystemet Compilo.

Leiaropplæring

Det har vore gjennomført ein dags leiaropplæring i HR og HMS, der nær 60 leiarar deltok. Viktige tema var mellom anna tilsetjing og sjukefråvær.