Nyheitsbrev 26. mai

Stikkord for nyheitsbrevet i dag er verdas første diktomat i Granvin, nytt læringsverktøy, kva er viktig for deg-dagen, ny rektor på Bulken og rådmannen har vore på tur til Oslo for å møta stortingsrepresentantar og KS.

I den raude, verna telefonkiosken utanfor kulturbanken i Granvin kan du no oppleve verdas første diktomat.

Her kan du gå inn, lyfte av røret og høyra dikt av Ruth Lillegraven – der diktaren les sjølv, men også det same diktet omsett og lest på seks ulike språk.

Ruth Lillegraven er hovudpersonen i Diktomaten. Då ideen til Diktomaten melde seg, var det difor svært naturleg å venda seg til henne. Valet fell på samlinga Sigd, både fordi ho er omsett til fleire språk, men òg fordi handlinga er lagt til granvinlandskapet. Me valte dei to dikta «All denne steinen» og «Konglane», og fekk lokale stemmer til å lesa dei inn på seks ulike språk.

Nytt læringsverktøy

Me er i gang med å byggja eit læringsunivers i Voss herad som me skal prøva ut i arbeidet med leiarutviklinga. Målet er å ta læring og utvikling frå bestått til forstått. Læringa skal gje meining, og me skal forstå kva som er av betyding. Dimed jobbar me med å laga eit læringsunivers, basert på målgruppeforståing, innhald, repetisjonar, refleksjonsoppgåver og praksisfellesskap. Universet består av ei oversynleg oppslagstavle der ein får presentert nye kurs og samlingar så fort dei vert lansert, samstundes som ein til ein kvar tid kan sjå kva læringsløp me tenkjer ein kan ha nytte av.

Ny rektor på Bulken

Stein Helge Mandelid har takka ja til rektorjobb på Bulken skule frå august. Stein Helge er no lærar på Vangen, men han har erfaring med å vere leiar på Bulken skule tidlegare. Då hadde han også ansvar for barnehagen. Denne gongen vert det berre skulen han har ansvaret for.

Kva er viktig for deg?

6. juni er det «Kva er viktig for deg»-dagen. Bodskapen til brukarane våre i år er: Kva som er viktig for deg, er viktig for oss å veta, slik at me kan gje deg rett helsehjelp.

Det var i 2014 «What matters to you?» starta opp, og har sidan utvikla seg til ei internasjonal rørsle. I Noreg er det ein del av satsinga Nasjonalt læringsnettverk for gode pasientforløp, som også starta i 2014.

På Voss vert dagen i år markert i heile kommunalavdeling helse og omsorg. Kvar einaste brukar, både som bur heime og på sjukeheimen verta spurte om kva som er viktig for dei for at Voss herad skal kunne gje rett helsehjelp. I tillegg vert det ulike markeringar, til dømes kakefest for bebuarane på Voss sjukeheim.

Vil du lesa meir om Kva er viktig for deg-dagen, les om satsinga på sidene til KS: https://www.ks.no/fagomrader/helse-og-omsorg/eldreomsorg/gode-pasientforlop/hva-er-viktig-for-deg/

Møte med KS

Rådmann Arild M. Steine er medlem i kommunedirektørutvalet i Vestland. Denne veka hadde utvalet i saman med fylkesstyret i KS fleire møte i Oslo. Eit av desse var eit dialogmøte med stortingsrepresentantar frå Vestland. Det vart tatt opp saker som er viktige for Vestlandskommunane, mellom anna born og unge si psykiske helse, fastlegesituasjonen, busetjing av flyktningar, samhandlingsbudsjett i helsefellesskapa, oppvekstreforma, kommuneøkonomi, klimatilpassing og nynorske læremidlar.

Vidare var det møte med fleire av leiarane i KS der det vart drøfta kommuneøkonomi, tariffoppgjer, generalistkommunesystemet, barnevern, ny kulturlov og mykje meir.

Rådmannen sitt hovudinntrykk etter møta er at me har mange dyktige, imøtekomande og lyttande personar både på Stortinget og i KS og at det er lett å koma til med synspunkt og innspel.