Nyheitsbrev 27. oktober

Lenge sidan sist nyhetsbrev, men no er det publisert. Stikkord: Pris til aktivitetsparken, akuttmottak for flyktningar, røyking og bruk av askebeger, Last Tuesday på Tinghuset, grøn november, fagseminar om berekraftig landbruk, møte om beredskap, ny HR-leiar

På slutten av sist veke vart rådmannen gjort kjent med at det vert plassert to akuttmottak for ukrainske flyktningar på Voss i november og desember. Same dag vart det nye heradsstyret informert, og denne veka kom det litt meir informasjon om det som skal skje.
Det er Sana Mottaksdrift som har fått tildelt oppdraget frå UDI, og etablerer til saman 330 akuttplassar for flyktningar. Desse plassane er på gamle Hotell Jarl i Uttrågata og på gamle Liland hotell på Bulken. Voss herad har ingen anna rolle i dette enn å bidra med kommunale tenester innan helse og skule. Det er førebels ikkje heilt klart kva kapasitetsutfordringar dette vil gje oss, men dei aktuelle avdelingane er i gang med å rigga seg for å handtera dette.

Aktivitetsparken fekk pris

Voss aktivitetspark vann den prestisjetunge prisen Landskapsarkitekturprisen 2023. Denne prisen heng høgt, og vert delt ut av NLA, Norske landskapsarkitekters foreining. Det var fem finalistar i landet, der Voss aktivitetspark vann, medan Gata Grønland – midlertidigbygate fekk «hedrende omtale». Det var 29 nominerte kandidatar til prisen, noko som ifylgje juryleiar Astrid D. Skalleberg viser at konkurransen var hard og at prisen er attraktiv både for prosjekterande og byggherrane. 

Det er arkitektane Østengen & Bergo som er ansvarleg kontor aktivitetsparken, med Voss herad som byggherre/oppdragsgjevar. I grunngjevinga skriv juryen dette om aktivitetsparken: «Å innlemme en skate- og oppholdspark med høy opparbeidelsesgrad og sømløs overgang fra det travle tettstedet Voss, til Vangsvatnet med de vakre fjellene rundt uten å lage visuell støy, er vanskelig, men i dette tilfellet er det strålende gjennomført» Som de ser skriv juryen på bokmål, og for å omsetja til god nynorsk må setningane skrivast om, og dert får heller vera i denne omgangen. Uansett så er det strålande med ein så flott pris til aktivitetsparken.

Røyking og sneipar

Redaksjonen for nyheitsbrevet har fått tips om at sneipar vert kasta i graset og på bakken rundt og bakom Voss tinghus. Tipsaren meiner dette er ein uting, og meiner sneipane må opp i askebeger. Det vert sagt at det truleg står nokre syltetøyglas strategisk plassert som kan nyttast, om ikkje må dette på plass. Redaksjonen stiller seg heilt og fullt bak tipsaren sitt syn og oppmodar på det sterkaste om å ikkje kasta sneipar på bakken, i graset eller i naturen elles, men nytta askebeger. Dette gjeld altså ikkje berre dei som røykjer, med også dei som snusar, tygg tyggis eller andre som fører til at noko må kastast. 

Last Tuesday på tinghuset

Tysdag vert det Last Tuesday på Voss tinghus, samanslått med Bygg,anlegg- og næringsforum. Temaet vert korleis ein kan påverka planarbeidet i Voss herad, presentasjon av Voss næringsråd og oppdatering frå næringssjefen i Voss herad. Bakgrunnen er mellom anna at Voss herad skal i gang med rullering av både planstrategi og kommuneplan, og det er ynskjeleg med auka kunnskap hjå næringslivet om korleis dei kan medverka og kva som er rett tidspunkt for involvering. 
Arrangementet er i regi av Hardanger og Voss Næringshage, i samarbeid med Voss herad. 
Hardanger og Voss Næringshage har fleire ting på kalenderen framover, til dømes kurset Kunstig intelligens på arbeidsplassen og ChatGPT.  Les meir her om aktiviteten til næringshagen.

Møte om beredskap, flaum og andre kriser

Me er alle ein viktig del av beredskapen i eit samfunn. Torsdag 2. november skal det vera eit ope møte om både beredskap, flaum og andre kriser. Møtet er på Voss tinghus kl 18. Det er laga ei hending på Facebook. Møtet er ope, men for å veta kor mykje kaffi som skal setjast på, er det fint om dei som vil koma klikkar at dei skal på Facebookhendinga.

 

Berekraftig vestlandsjordbruk

23. november vert det fagseminar om om eit berekraftig vestlandsjordbruk. Seminaret er på Voss kulturhus, og vil mellom anna ta for seg ei oppsummering frå snart fem år med prosjektet karbonlagring og andre klimatiltak i jordbruket. 
Det vert også faglege innlegg om levande jord, jord som lokal ressurs, praktisk jordbruk, bruk av biokol og karbonlagring i jord. Seminaret er i regi av Voss herad og Norsk landbruksrådgiving, med støtte frå Vestland fylkeskommune. Meir om seminaret finn du her: LENKJE

Ny HR-leiar

HR-avdelinga har me alle noko med å gjera på eit tidspunkt. Avdelinga har no fått ny leiar. Trine Langøen er ny leiar her. Ho kjem frå stillinga som HMS-rådgjevar, ei stilling som no er lyst ut.