Nyheitsbrev 28. april

Nyheitsbrevet 28. april handlar om 1. mai, demens, rekruttering, temaplan og vikar som kommunalsjef for kultur og fritid. 

Runhild Heggem/Vossa Jazz

Trude Storheim er tilsett i eit vikariat som kommunalsjef for kultur og fritid. Trude skal vikariera for Trude Letnes, som skal ha permisjon i eitt år. Trude Storheim tek til hjå oss i august.

1. mai

Måndag er det 1. mai, arbeidarane sin internasjonale kampdag. Det er fridag for mange. Det er som vanleg markering på Voss denne dagen.

I samband med 1. mai er det også som vanleg Voss herad ute i gatene og i Prestegardsmoen natt til 1. mai, og natt til 16. mai. Dette samarbeidet mellom ungdomsavdelinga/utekontakten og andre hjelpeinstanser i Voss herad har vorte ein suksess og er no ein  fast tradisjon.

Totalt er det mellom 25 og 30 vaksne som er på jobb desse nettene og gir eit viktig bidrag til at ungdom som eventuelt treng hjelp blir sett og høyrt.

Samarbeidet startar med eit felles infomøte på Tinghuset kl 2100 . Ungdomshuset på Tinghusplassen blir brukt som base i løpet av kvelden og der er det mulig å få seg ein pause med litt mat og kaffi

Ungdomsavdelinga/utekontakten  har godt samarbeid med desse avdelingene  som er med:

  • Politi (førebyggingsavdelinga)
  • Ambulansetjenesta
  • Røde Kors
  • Nabobeino
  • Natteramnar
  • MC-ramnar
  • Vektarar.

Arbeid med demensplan

Demens vert lyfta fram som ei stor utfordring heile verda står ovanfor, det rammar både yngre og eldre, og det rammar mange. Utfordringa med at me vert stadig fleire eldre, og då at stadig fleire får demens råkar vossabygda hardare enn mange andre stadar. Det er difor viktig at me finn berekraftige løysingar og at tenestene våre er framtidsretta. Voss herad sin demensplan skal handsamast i heradsstyret over sommarferien.

Helse og omsorg jobbar no med demensplanen for Voss herad, og er i gang med medverknadsprosessar. Det er gjennomført medverknadsprosess med folkevalde og tilsette, som ga mange og gode tilbakemeldingar. Ein politisk verkstad om arbeidet med demensplan vart gjort i Utval for Levekår der både politikarar, frivillig lagsliv og nøkkelpersonar frå administrasjonen deltok.

Neste veke skal prosjektgruppa ha medverknadsprosess med personar med demens og deira pårørande.

Rekruttering

I år har helse og omsorg 6 personar som har takka ja til lærlingstilling i helsefagarbeidarfaget (med oppstart i haust), og 3 nye kandidatar frå Menn i Helse som allereie har starta opp. Sluttmålet til menn i helse er å verte helsefagarbeidarar. Høgare antal i 2023 er gledelege nyheiter!

Rettleiar til temaplan Voss i vekst

Det er utarbeidd ein rettleiar til bruk av temaplanen Voss i vekst Voss i vekst - Voss herad. Temaplanen har kartlagt nokre hovudutfordringar me har på Voss i høve rekruttering. Det er vidare utarbeida ei verktøykasse med framlegg til moglege tiltak i samsvar med overordna samfunnsmål og temaplanen sine mål og strategiar. Rettleiaren gjev ein kort oversikt over kva du finn i temaplanen, og den seier noko om korleis verktøykassen kan brukast. Me vonar mange vil finna verktøykassen nyttig i arbeidet med rekruttering framover!