Nyheitsbrev 28. august

Nyheitsbrevet handlar naturleg om at Hans Majestet Kong Harald er død. Men  det er også informasjon om organisasjonsendring, frivillidagen og mange andre ting. 

Kimm Saatvedt/Det kongelige hoff

Det er med stor sorg me tok i mot meldinga om at Hans Majestet Kong Harald er død. Kongen vår døydde i dag tidleg. 

Så snart me fekk meldinga flagga me på halv stang ved alle kommunale bygg med flaggstang. Me har lagt ut kondolanseprotokoll på tinghuset, på Granvin sjukeheim, Vossestrand omsorgstun, Vetleflaten omsorgssenter og Voss sjukeheim. Fleire har også lagt ned blomar ved flaggstonga på tinghusplassen. 

Som tidlegare meldt i ein eigen e-post vil Voss herad flagga på halv stang utanfor tinghuset i tida fram mot gravferda. På dagen for gravferda vert det flagga på halv stang ved alle kommunale bygg med flaggstang.

Så er det mange spørsmål kring korleis me no skal gjennomfra ulike gjeremål i denne tida. Kommunane står nokså fritt i korleis ein skal forholda seg til tida fram mot gravferda. Frå Statsforvaltaren er det kome råd om at aktivitetar og arrangement av fagleg karakter vert gjennomført i verdige rammer. Ein kan til dømes markera ved starten at kongen er død. 

Sosiale arrangement må ein sjølv vurdera i kvart enkelt tilfelle, og ved gjennomføring gjera innanfor verdige og rolege rammer. 

Ny organisering frå tysdag

Tysdag 1. september trer den nye administrative organiseringa i kraft. Det er likevel ikkje slik at alt kring ny organisering er på plass, det er ei rekkje arbeidsprosessar som må gjerast før dette er i drift.

Rådmannen tek sikte på at alt er på plass til nyttår. Det kan gjera at enkelte oppgåver hamnar mellom to stolar i ei overgangsperiode, og rådmannen ber alle ta ansvar om ein ser oppgåver som ikkje vert tatt tak i, slik at me får til ein god overgang i lag. 

Det som i hovudsak skjer tysdag er endringar i toppleiarstrukturen ved at rådmannen si leiargruppe vert beståande av rådmannen, tre kommunalsjefar og ein organisasjonssjef. Strukturen i staben og i kommunalavdelingane kultur og teknisk vert også endra. Sistnemnde går saman til kommunalavdeling for samfunnsutvikling og kultur, med Hans-Erik Ringkjøb som kommunalsjef. Trude Letnes vert kultursjef og overordna leiar for kulturfeltet i den nye kommunalavdelinga. 

Staben vert samla under ein leiar, organisasjonssjefen som rådmannen er i prosess med å rekruttera. Inntil denne personen er på plass, vil staben vera under leiing av rådmannen. 

Stabssjefane Tor H. Halvorsen, Liv Myklebust og Mette Matthiessen går over i nye stillingar. Tor H. Halvorsen vert kommunikasjonssjef, med fagansvar for kommunikasjon for heile heradet. Kristine Tvedt Brekke og Kari Trana vert mellombels avdelingsleiarar for arkiv og innbyggjarservice.

Liv Myklebust vert spesialrådgjevar for organisasjonen, Nils Petter Bere vert økonomisjef. 

Mette Matthiessen vert HR-sjef og overordna leiar for HR-arbeidet. Trine Langøen vert fagleiar på HR. 

Kim Andre Vaksdal held fram som IT-leiar. 

For kommunalavdeling Helse og omsorg og kommunalavdeling Oppvekst skjer det ingen organisatoriske endringar som fylgje av dette. 

Granvinsdag og frivilligdagen 

I morgon, laurdag 29. august er det Granvinsdag, og neste laurdag er det frivilligdagen på Voss. Trass i at landet er i ei sørgeperiode, vert desse arrangementa gjennomført, innan verdige og fine rammer. 

Det er ein kvalitet i samfunnet vårt at me kan samlast, også i tunge tider. Det er også fint å kunne samlast under slike omstende, og både granvinsdag og frivilligdag er gode areaner for gode møte mellom folk. 

Kulturarv

Laurdag 29. august opnar årets Kulturarvfestival på Jebsahuset i Dale. Ordførar Hege Eide Vik står for den offisielle opninga, som vert startskuddet for ein heil månad med flotte arrangement på Dale, Bordalen, Stamnes, Vassbygdi, Brekkedalen, Hedleberget, Bergslitræet, Hustveitgarden, Utne, Eksingedalen, Bolstadøyri, Vik, Finnesloftet, Eidsland og Aurland.

Programmet femnar eit breitt mangfald av tema, og den raude tråden er kulturarven vår. Det vert musikk, føredrag, vandringar, bokpresentasjonar, omvising i laksegiljer med mykje meir. Programheftet ligg på Tinghuset og i Kulturhuset, og kan lesast digitalt her: Kulturarvfestivalen — Voss Kunst og Kultur

Opning frivilligsentralen

Tysdag 1. september kl 12 opnar Frivilligsentralen dei nye lokala sine på Voss kulturhus. Frivilligsentralen vil halda til i underetasjen på kulturhuset.