Nyheitsbrev 29. november

Stikkord for denne fredagen er fiksefredag i Gamlekinoen i kveld, me markerer grøn november, programmet for Vossadagane er kome, det vert Vossamessa i januar og helsestasjonen tilbyr foreldrerettleiing. 

I kveld, altså ftredag 29. november, er det fiksefredag i Gamlekinoen. Her kan du læra korleis du reparerer kleda dine. Dyktige damer frå Voss husflidslag intruerer og lærer bort både bøting og enkle reperasjonar. Ta med det du vil fiksa, så stiller me med nål og tråd.

Klokka 21 er det konsert med Alo Vera. Det er gratis inngang for alle, og det er mogleg å forfriska seg i baren i Gamlekinoen.

Grøn november

Å reparera klede er eit godt miljøtiltak, og Fiksefredagen er eitt av mange arrangement i samband med Grøn November. Det har i år vore ei rekkje tiltak, som sykkelverkstad, bruktmakrnad, meisebolleverkstad, natur- og flaumkveld og moteshow med brukte kle. I morgon laurdag er det førjuls-loppis i Gamlekinoen og klebytedag i Voss kulturhus.

Vossadagane 2025 - Framtidstru

Skal me lukkast i den grøne omstillinga treng me å gje folk og bedrifter eit felles framtidsbilete som er noko å gleda seg til. Håp skapar handling, og arrangørane har difor valgt å ha framtidstru som eit overordna tema for Vossadagane i 2025.

Kva er forteljinga om Norge i 2050? Korleis skal me byggja og bu i framtida? Korleis skapar me eit berekraftig matsystem, og er framtidas arbeidskraft ein gjeng med (p)sjukt dårleg helse?  Dette er dei overordna tematikkane for Vossadagane 2025. Hovudmålet er at du skal reisa heim meir opplyst og motivert til å gjera ein forskjell. Som enkeltmenneske, som representant for ei bedrift, ein organisasjon, eit politisk parti eller det offentlege. Tida me står i krev ein innsats frå oss alle.

Sjå programmet her: Vossadagane – Voss, 8. – 9. april 2025

Vossamessa

NAV arrangerer Vossamessa 22.01.25 i Voss Idrettshall, og håpar på godt oppmøte både av besøkande og utstillere.

Det er påmelding for å sikre nok plass til alle og lunsj og kaffi til utstiller. 

NAV inviterer ungdommar i ungdomskule alder, vidaregåande elevar, samt arbeidsøkarar registrert hjå NAV. Vossamessa er ellers open for alle som ynskjer å besøke den, det kan difor og komme jobbskiftere (folk som er i jobb men ser etter nye muligheter). 

Målet med Vossamessa er å skapa ein møteplass for framtidig rekruttering, bevisstgjering kring mogelege karrierevegar og utdanningsvegar for å nå ynskt karriere.  

Her er informasjon om dagen og lenke til påmelding: https://arbeidsgiver.nav.no/kursoversikt/a16KB0000008XHWYA2 

Foreldrerettleiing

Voss helsestasjon og skulehelseteneste har tilbod om gratis foreldreveiledningsgruppe til foreldre i Voss herad med born i alder 0-18 år.

Kjærleik og respekt er sentralt i borna sine liv. Gjennom programmet kan du møta andre foreldre i gruppe for å utveksle erfaringar om forholdet til borna dine. Målet er at den enkelte forelder skal vera trygg forelder, ved å verta bevisste på kva ein gjer som er bra for borna. Du får inga ferdig oppskrift, men hjelp til å finne eigne løysingar for deg og ditt barn.

Samtalane i foreldregruppene tek utgangspunkt i dykkar erfaringar frå kvardagen. Fokus er retta mot korleis foreldre oppfattar borna sine.

For meir informasjon om kva ICDP er: https://www.icdp.no/hva-er-icdp/   

Gruppa består av 6-8 føresette og 2 veiledarar. Det er lagt opp til seks gruppemøter.

Desse møtene skjer på Knutepunktet onsdafar mellom 13.30 og 15. Oppstart er 29. januar og skjer kvar onsdag unntatt i veke 8, då er det vinterferie.

Meld di interesse på e-post: charlotte.w. larsen@voss.herad.no  eller brit-tone.rokne@voss.herad.no

Påmeldingsfrist innan 15. januar 2025. Meld i frå om de melder på ein eller to føresette.