Nyheitsbrev 29. september

Nyheitsbrevet i dag handlar om obersten, sikkerheitsmånad, lønsforhandlingar, innbyggjardialog og pårørandearbeid. 

Fyrste runde med Kompani Lauritzen er i mål

Tysdag var siste innspelingsdag for fyrste runde med Kompani Lauritzen på Voss.

Produksjonen er strålande nøgde med både opphald og samarbeid med bygda vår og Lauritzen kom sjølv innom Tinghuset for å takka av. 

Då er det berre å gleda seg til å sjå resultatet på TV 2 til våren – og ikkje minst ynskja gjengen tilbake til ny runde med innspeling i mars 2024.

 

Sikkerheitsmånad om sosial manipulering

Oktober er den nasjonale sikkerheitsmånaden. Som før er det Norsk senter for informasjonssikring som arrangerer og koordinerer dette på vegner av Justis- og beredskapsdepartementet. Tema for i år er sosial manipulering, som er ei stadig meir vanleg metode for svindel, kontokapring og innbrot i digitale system.

Voss herad er opptekne av digital sikkerheit, og kjem til å markera dette på litt ulike måtar i oktober. Det du vil merka først. er at PC-skjermen din har litt andre bilete når du låser skjermen. Her vil det vera litt informasjon om ulike tiltak me meiner er viktige. Så hugs å låsa PC-en

- Og når skulle eg låsa PC-en?

- Kvar gong du går frå PC-en.

- Men berre når eg går for dagen?

- Kvar gong du går frå PC-en.

- Men ikkje når eg skal på do?

- Kvar gong

- Men når eg berre skal henta kaffi?

- Kvar gong

- Jamen, kva om…

- Lås PC-en kvar gong du går frå PC-en. Gjer det til ein vane, på same måte som at du tek på deg sikkerheitssbeltet i bilen. Kvar gong!

Lokale lønsforhandlingar hausten 2023

Denne veka vert det gjennomført lokale lønsforhandlingar for tilsette plassert i kapittel 3 og 5.

Det er 17 ulike arbeidstakarorganisasjonar som deltek i forhandlingane. Og alle som får ny løn, vil få brev frå arbeidsgjevar.

Målet er å få på plass ny løn i oktober, med verknadsdato frå 1. mai.

Innbyggjardialog – Leve heile livet.

Leve heile livet prosjektet har gjennomført ei rekkje innbyggjarsamlingar i løpet av året.

Her har dei ulike kommunale avdelingane saman med eldrerådet lagt til rette og fasilitert for innspel frå innbyggjarane. Over 300 innbyggjar har svart på spørsmålet:  Kva skal til for å få eit godt seniorliv på Voss?

Alle innspela er teke vare på og kommentert av dei ulike avdelingane og saman med eldrerådet er vert det sett opp ein samla oversikt over kva som er det aller viktigaste innbyggjarane meiner fungerer godt, kva som kan verta betre og kva innbyggjaren kan gjera sjølv for å få eit betre seniorliv.

Pårørandearbeid

Voss herad skal verta enno betre på pårørandearbeid.

27.september var ei gruppe frå kommunalavdeling helse og omsorg på fyrste samling i Læringsnettverk om pårørandearbeid.

Det skal gjennomførast ein intensiv læringsperiode fram til juli 2024. Målet for arbeidet er at heradet etablerer eit system som identifiserer, synleggjer, anerkjenner og støttar pårørande med krevjande omsorgsoppgåver.