Nyheitsbrev 3. oktober

Stikkord i dag: Pensjonistar hjå teknisk, resultat av lokale lønsforhandlingar, bokbussen på turne, kulturnytt og kulturfest, ferieaktivitetar i haustferien, meirope i Kulturbanken og hyllest av byggesak og strategi for helse og omsorg på høyring.

F.v.: Ole Petter Skjæggestad, Anders Gjøstein og Jostein Minde

Kommunalavdeling teknisk har takka av tre heidersmenn denne veka. Ole Petter Skjæggestad og Jostein Minde frå oppmåling, og Anders Gjøstein på næring og landbruk. Saman har dei mange tiår med erfaring frå kommunal sektor. Me ynskjer dei alt godt som pensjonistar.

Kristian Skjerve, Anders Gjøstein og Bjørnar Nedkvitne

Sistnemnde fekk også besøk på kontoret denne veka av Kristian Skjerve frå Voss skogeigarlag og Bjørnar Nedkvitne frå Voss bondelag, som hadde med seg ei øks i gåve som takk for 35 års samarbeid.

 

Tertialrapport

Rådmannen har no levert rapport for 2. tertial 2025 til politisk handsaming. Igjennom 2. tertial har heradet arbeidd målretta for å sikre tenester av høg kvalitet, med vekt på økonomisk kontroll og effektiv ressursbruk. Status på planlagde omstillingstiltak i VossiPluss syner at det er gjennomført mykje, og leiarar og tilsette har vist stor endringsvilje.

Rapport for 2. tertial 2025 viser at heradet er i ein krevjande økonomisk situasjon, og prognose ut året peikar mot eit meirforbruk på 26 millionar kroner. Dette til tross for budsjettjusteringane som vart gjort i mai. Netto driftsresultat går frå positive 10 millionar kroner til negative 15 millionar kroner. Disposisjonsfondet vert redusert frå 52 til 32 millionar kroner. Rapporten understrekar behovet for at me i heradet må ha tett økonomistyring, gjennomføring av nødvendige tiltak og prioriteringar som kan gje betre balanse både i år og i økonomiplanperioden.

Rapporten skal handsamast politisk i Formannsskapet den 16. oktober og i Heradsstyret den 23. oktober.

Nye brukerbehov gjer at me ynskjer å få til ei ekstern organisasjonsgjennomgang, med sikte på å skape balanse i løpet av 2027. 

Lokale lønsforhandlingar hausten 2025

Årets lokale lønsforhandlingar for tilsette plassert i kapittel 3 og 5 er ferdige.

Det er 19 ulike arbeidstakarorganisasjonar som har delteke i forhandlingane. Og alle som får ny løn, vil få brev frå arbeidsgjevar.

Lønna skal vera på plass i oktober, med verknadsdato frå 1. mai.

Har du spørsmål til dette, så kan du kontakta Postmottak HR hr@voss.herad.no

Byggebransjen hyller byggesak

Eit par gonger i året er det møte mellombyggesak og næringslivet. I desse møta vert det tatt opp smått og stort som er av felles interesse og som kan gjera oss endå betre. Ideen er å få til betre samhandling.

Det er kjent at byggesak hadde utfordringar om me går halvanna år tilbake, noko som òg uroa næringa. Grep vart tatt og på sist møte var stemninga ein litt annan. Her kunne ikkje møtet starta før fagleiar på byggesak, Eirik Lie, var på plass. Og, grunnen ser det på biletet. Næringslivet ynskte å hylla byggesaksavdelinga. Ei avdeling som no er ajour. Slike tilbakemeldingar er utruleg kjekke å få og viser at det er mogleg å snu utviklinga. Eirik som fagleiar og dei andre på avdelinga har gjort ein stor jobb.

Kulturbanken

No er meirope oppe og går i Kulturbanken. Me fekk endeleg alt på plass på tidleg i september, og alt første helga hadde det vore fleire innom.

Aktivitetar i haustferien

Måndag, tysdag og onsdag er det gratis aktivitetar for ungdom på 8.-10. trinn i Voss herad. 

Måndag er det ungdomskveld med badedisco frå 19-22 i Vossabadet. 

Tysdag er det Lasertag, bowling og pizza frå 20-22 på Voss bowling. 

Onsdga er det filmfestival på Voss kino. Klokka 15 vises filmen Biru og klokka 17 vises Spermageddon. Meir info og påmelding på https://voss.friskus.com/ eller i friskus kommune-appen. 

Kulturfest i desember

Voss herad var nominert til Årets kulturkommune – og det må me sjølvsagt feira! 

Fredag 5. desember inviterer me til fest i biblioteket på Voss kulturhus. Her vert det god mat, sal av forfriskingar og levande innslag frå det rike kulturlivet vårt. Dette er ei feiring av både nominasjonen og alle dei som gjer Voss til ein stad med skaparglede og sterke kulturtradisjonar. Arrangementet er gratis, men du må sikra deg billett.
Hald av datoen – og følg med for meir informasjon. Kanalar å fylgja med er nettsida til Voss herad og facebook.

Bokbussturné

Denne veka og i veke 42 set bibliotekarane seg inn i bokbussen og legg ut på ei spennande reise til alle barnehagane i heradet. Med støtte frå Bibliotekutvikling Vestland, opplever me kjekke og engasjerande lesestunder for dei eldste barna. Bibliotekarane les høgt frå boka Nattklubben av Mona Vetrhus og Sebastian Meschenmoser, ei bok full av humor og varme som fangar både store og små.

Høgtlesing er både viktig og moro, og det er veldig kjekt å reise rundt og dele gode leseopplevingar med barna i barnehagane.

Barnehagane får også boka i gåve, i tillegg til fleire fine bøker på nynorsk som kan inspirere til vidare lesing heime eller i barnehagen.

Og ja, me kan allereie røpe at det er både dansing og ekte diskostemning på bokbussen! 

Kulturprogram

Voss kulturhus nyttar høvet til å marknadsføra ting som skjer hjå dei i dette brevet.

Skam deg Mayliss- ein monolog basert på romanen «Sin ensamme kropp» av den prisbelønte svenske forfattaren Elise Johansson. I fleire bøker har ho gitt stemme til ei oversett gruppe kvinner som har nådd «den usynlege alderen»

Mayliss Palle Johnsen er enkje, barnlaus og livstørst. Handverkaren som nyleg har pussa opp badet hennar, står plutseleg i døra med ein bukett roser. Det utløysar ei indre flodbølgje – kjensler ho lenge har fortrengt, veltar fram. Men møtet tvingar henne òg til eit dramatisk oppgjer med fortida.

Monologer er i Voss kulturhus laurdag 10. oktober.

Laurdag 18.oktober klokka 14 skjer dette for born frå 3-11 år- og alle barnlege vaksne:

Molly&Partner // «Eg vil heller danse på bordet» - Molly & Partner har ikkje bil, men dei har sykkel og trillebår. Klokke treng dei ikkje.
Pengar har dei heller ikkje – men det ordnar seg alltid! For kvar einaste dag dett det nemleg godteri ut av eit hol i veggen bak sofaen. Det brukar dei til å bytte til seg alt dei treng: Seks egg og ein liter mjølk for ein pose seigmenn, ein kålrabi for fire sure skrikerungar – og ein gong fekk dei ei stålampe (!) for ein pose ostepop og tre melkesjokoladar.

Strategi for helse og omsorg er lagd ut på høyring.

Strategien for helse og omsorg 2025–2035, kalla Saman for helse og aktive liv, er eit styringsverktøy for å møta framtidige utfordringar innan helse- og omsorgstenestene. Me skal jobba for helse i alt me gjer. Nøkkelord er førebygging, fellesskap og aktive innbyggjarar.

Saman for helse og aktive liv tek utgangspunkt i ei aldrande befolkning, fleire med samansette og langvarige behov, aukande sosiale skilnadar og knapp tilgang på både økonomiske og menneskelege ressursar. Han erkjenner at berekraftige løysingar krev meir enn fleire ressursar som personell og pengar – det trengst nye måtar å jobba på. Det krev ny retning og vilje til endring. 

Strategien har eit sterkt folkehelsefokus og legg vekt på førebygging, eigenmeistring og tverrssektorielle helsefremjande tiltak. Han tek opp sosiale skilnader i helse og behovet for å styrkja helsekompetansen i befolkninga. Dette vil kunne bidra til betre helse, redusert sjukdomsbyrde og auka livskvalitet for innbyggjarane. 

Framtidas helse- og omsorg er eit felles samfunnsansvar, og strategien skal fungere som eit styringsverktøy for heile heradet – ikkje berre for dei einingane som leverer helse- og omsorgstenester. Høyringsfrist 15. oktober.

Strategi for helse og omsorg 2025-2035 er lagt ut til offentleg høyring - Voss herad