Nyheitsbrev  31. mars

Siste nyheitsbrev i mars, på siste dagen i mars. Stikkord er påske, vossadagar og økonomi.

Det er straks palmehelg, Vossa Jazz og påskeveke. Sjølv om mange av tenestene i heradet går heile døgnet, heile året, vert det noko redusesert aktivitet i andre delar av organisasjonen. Innbyggjarservice har vanlege opningstider måndag og tysdag neste veke, men onsdag stengjer innbyggjarservice både dør, resepsjon og sentralbord kl 12.

Vossadagane

Denne veka har det vore Vossadagane, ei konferanse over tre dagar med ulikt program. Tema for Vossadagane: Energi og natur. Er Vestlandet budd på framtida? Svaret er ikkje heilt svart-kvitt, men temaet vart god belyst gjennom gode debattar. Deltakarane fekk også god kunnskap om kva utfordrignar me alle står ovanfor på kort og lang sikt. Dei som var der kan melda om at dei både vart inspirerte, provoserte og imponerte. Det er Vossa Jazz, Voss herad, Voss energi og Hardanger og Voss Næringshage som arrangerte Vossadagane. Om vil lesa meir om programmet som har gått føre seg, klikk deg inn her: Vossadagane

Knekkpunkt i økonomien?

Førebels rekneskap for 2022 syner eit negativt driftsresultat på nær 10 mill.kr. Driftsresultatet seier noko om i kor stor grad driftsinntekter dekker driftsutgiftene.  Med totalt 1,75 mrd.kr i driftsinntekter utgjer driftsresultatet -0,5 %. Hovudgrunnen til at det vart dårlegare enn budsjettert er på grunn av høgare utgifter enn venta på fleire område grunna prisvekst, nye behov og at nokre område ikkje har tilpassa drifta til rammene. 2022 var også året det me ser kor store konsekvensar rekrutteringsutfordringar får.

Sparekontoen til Voss herad (disposisjonskontoen) vart som følgje av eit dårlegare driftsresultat, redusert frå 123 mill.kr til 102 mill.kr ved utgangen av 2022. Eit positivt trekk i 2022 var at me reduserte gjelda vår frå 1 426 067 563 kr til 1 398 383 193 kr. Her finn du ein presentasjon som me gjekk gjennom for Formannskapet 9.mars: Presentasjon resultat 2022 og framtidsutsikter

Framtidsutsiktene ser ut til å vera at viktige tal i samfunnsøkonomien vil påverka oss. Prisvekst, lønsvekst, rentevekst og energiprisar vil påverka oss. Me vil også få nye oppgåver og behov. Når me no set i gang med ny økonomiplan for 2024-2027 så handlar dette om å omstilla seg for framtida og ta ein del strategiske val.

Me må byggja det samfunnet me ynskjer ha på Voss, gitt rammevilkåra. Me må også velja om me vil retta merksemda på dei midlane me har tilgjengeleg, eller dei me skulle ynskja at me hadde. Leiarane har starta arbeidet med plan for dei fire neste åra. Me ynskjer å gjera det endå meir tydeleg kva me må prioritera, kva me må gjera og kva me må endra for å koma dit me vil.

Eit godt utsagn frå vitskapsmannen Alan Kay:  «The best way to predict the future is to invent it”.