
Brannstasjon prosjektet er i rute, og vel så det. Fredag 17. oktober overtok heradet bygget frå totalentreprenøren. Det var om lag tre veker før avtalen i kontrakt, noko både entreprenør og byggherre er godt nøgde med
Byggjeprossesen har vore ryddig og god, sjølvsagt har ein støytt på utfordringar undervegs, men dei har vorte løyst i dialog mellom byggherre, brukarane og totalentreprenøren til det beste for prosjektet.
Brannvernet vil etter opplæring flytta over møblar og utstyr frå den gamle stasjonen til den nye, og ha ha full beredskap frå og med 5. november. Voss brannvern er då endeleg på plass i ny, tilpassa og framtidsretta brannstasjon.
Sivilforsvaret vil og flytta over til nye lokaler samtidig med brannvernet.
Det er planlagt opning og folkefest, informasjon om det kjem me attende til.

God besøk på folkemøte
I samband med at både samfunnsplanen og barnehage- og skulestruktur er på høyring, er det ein liten folkemøteturne i haust. Denne veka har det vore folkemøte i Granvin og på Evanger. Det er folkemøte på Vossestrand 11. november og på Vangen 12. november.
I desse møta vert framlegg til samfunnsplan og framlegg til ny barnehage- og skulestruktur presentert, og publikum får stilla spørsmål om ting dei lurer på.
Både ordførar og rådmann deltek på møta, saman med kommunalsjef oppvekst, skulesjef og leiar for barnehagane. Prosjektleiarane for revisjonen av kommuneplanen deltek også, saman med eit knippe av andre frå leiargruppa til rådmannen.
Nesten 100 møtte på folkemøtet i Granvin onsdag kveld, medan vel 70 personar fylte gymsalen på Evanger torsdag kveld.
Det er konstruktive og gode spørsmål som kjem frå innbyggjarane, og tilbakemeldingane tyder på at innbyggjarane set pris på at heradet reiser ut for å presentera framlegga i god til før høyringsfristen.
Rådmannen sitt framlegg for budsjett og økonomiplan for 2026–2029
Økonomiplanen er ein plan for korleis me skal bruka dei 2 milliardane me har i driftsinntekter på beste vis. Me brukar desse midlane på tenester til innbyggjarane våre. Samtidig må planen innehalda løysingar på dei økonomiske utfordringane me står i, og me må skapa økonomisk berekraft.
Inntektene må dekka utgiftene, og tenestene må vera på realistisk og berekraftig nivå ut i frå kva ressursar me har tilgjengeleg. Dei fleste budsjettpostar vert vidareført, nokre er auka og nokre er redusert med innsparingstiltak. Dette er vist som økonomiplantiltak under kvart tenesteområde. Auka budsjettrammer er særskild innan barnevern, skule og barnehage. Omstillings- og innsparingstiltak er føreslått i dei fleste tenesteområde. Tiltaka er likevel ikkje nok til å få eit budsjett i balanse. Det er difor føreslått å auka eigedomsskatten med 1 promille.
Det er fort gjort å retta fokus på dei pengane me ikkje har.
I planen ynskjer me også å retta merksemd mot alt det gode me får til i dag og skal få til i framtida. Voss har mange styrkar: attraktiv bustadkommune, gode tenester, rikt kulturliv, kraftinntekter, nyskapande næringsliv og sterke grender.
Planen balanserer samfunnsutvikling med tenesteutvikling. Planen inneheld også tiltak innan klima og miljø og informasjon om ulike satsingar. Me treng også å gjera nye investeringar i bygg og anlegg og har ein investeringsplan på 200-100 mill.kr årleg dei tre neste åra.
Her finn du rådmannen sitt framlegg: https://pub.framsikt.net/2026/voss/bm-2026-budsjett2026
Formannskapet skal no jobba vidare med planen før det vert lagt på høyring 24.november. Heradsstyret skal gjera sitt vedtak om budsjett og økonomiplan 11.desember.


Avansert sløyd i Norheimssund
Onsdag 29. oktober var 15 kunst- og handverkslærarar frå Voss på fagdag på Fartøyvernsenteret i Nordheimsund.
Temaet var sløyd, og på morgonen fortalde representantar frå Sløydskulen på Hjerleid og Ung Husflid i Hordaland om sitt arbeid på feltet. Så var det tid til ei rask omvising på verkstadene på Fartøyvernsenteret.
Etter lunsj ga båtbyggar Peter Helland-Hansen gode råd om sliping av kniv, før sjølve spikkinga tok til.
Prosjektet for dagen var å laga ein krympekopp, dvs ein sylinder i ferskt tre som etter kvart vil krympa seg tett rundt ein innfelt botn i tørt virke.
Dette er ein eldgamal metode for å laga oppbevaringsgjenstandar. Konsentrasjonen var høg og alle drog heim med ein nyspikka kopp og nokre nye undervisningsidear.

Offbeat i kulturhuset
Laurdag 8.november byr kulturhuset på ei fantastisk framsyning frå ESC-ungdomskompani:
OFFBEAT – ung kraft og smittande rytme
Kjenn pulsen frå dansarar mellom 14 og 19 år som kastar seg inn i rytmen – og ut igjen – i ei framsyning full av energi, leik og mot.
Live-perkusjon og ein levande scenografi gjer at musikken ikkje berre blir høyrt, men kjent i kroppen.
Bli med på ei oppleving der du ikkje klarer å sitje stille!
Les meir og kjøp billett: vosskulturhus.no/offbeat-esc-ungdomskompani-jz9m2y
ROS på Vetleflaten

Vetleflaten Omsorgssenter har hatt fokus på beredskap og ROS arbeid siste tida. Og torsdag hadde dei ei hadde lokal beredsskapsøving. Leiarar, IT, tilsette, verneombod og hovudverneombod deltok på øvinga.
På tre timar hadde dei blitt presentert hendingar som kan utfordre beredskapen i institusjon med ansvar for liv og helse. Øvinga var også eit i samarbeid med EPJ-leverandør, der det blei simulert nedetid og dataproblem. Deltakarane på Vetleflaten håndterte elles framifrå scenario med straumstans og at mobilnett vart vekke.
Det var gledeleg å observere mange flotte gode og naudsame tiltak som me alt har, fungerer godt i slike situasjonar, samt at det var ein svært nyttig læresituasjon for å avdekke kor dette mangla.
Fest og basar
I morgon, laurdag 1. november kl. 14 held Vossestrand omsorgstun basar. Alle er velkomne og det vert reklamert med mange fine gevinstar og garantert god stemning. Vossestrand barne- og ungdomskor skal syngja, det vert både loddbok og åresal, og kaffi og kaker så lenge det rekk.