I 2025 handla tilsette i Voss herad 1549 gonger på butikkane Biltema, Europris, Thansen og Clas Ohlson. Det er ein auke på 25 % frå 2024.
På dei siste 5 åra har handelen 3-dobla seg.
Shoppinga er eit tidssluk
Statistikken viser at me over seks gonger turen til Brynalii kvar einaste arbeidsdag. Med reisetida inkludert, kan me ta utgangspunkt i at éin handletur tek rundt éin time. Det vil sei at Voss herad i praksis har ein heiltidstilsett som berre går på nipseshopping.
I tillegg kjem eit ikkje ubetydeleg etterarbeid knytt til manuell fakturabehandling.
Mottak-Fordeling-Kontering-Attestering-Tilvisning-Kontroll-Utbetaling – alt må skje manuelt. I tillegg oppstår det ofte feilmerking, og påfylgjande detektivarbeid. Ikkje sjeldan kjem det purringar og inkasso. Mange fakturaer er på så små beløp at det faktisk sjølve fakturahandsaminga kostar meir enn summen det er handla for.
Planeten seier nei takk til meir nips
90 % av klimagassutsleppa til heradet skjer utanfor Voss herad sine grenser, og er for det meste knytt til forbruket vårt. Skal me nå måla i Vossaklima 2030, er me nøydde til å trekkja kortet litt sjeldnare på butikkane i Brynalii. Og når me fyrst trekkjer kortet; lat det vera eit gjennomtenkt kjøp som me er sikre på at me treng, og lat varene halda god kvalitet slik at dei varer lenge.
Viss alle skulle hatt eit forbruk tilsvarande det norske, hadde me hatt bruk for 3 jordklodar, og allereie 16. april 2025 passerte me Noregs overforbruksdag. Kan me tenkja annleis enn at alle desse tinga må kjøpast og eigast? Kan me dela meir, låna meir, eller til og med leiga meir?
Mål for 2026: koma ned att på 2019-nivå
Ved stikkprøvar av nipsehandelen ser me at den ber preg av lite planlegging. Til dømes var det eit døme på at same avdeling var tre turar på nipseshopping på same dag; tre ulike tilsette kjøpte tre ulike ting.
På vegner av heradets økonomi og ansvar for å nå klima. og miljømåla, ber me alle avdelingane om å drøfta:
- Kjøper me dei rette tinga? Treng med dette?
- Tenkjer me over eigen tidsbruk og/eller klima- og miljø før me handlar inn?
- Planlegg me godt nok i forkant? Korleis kan me eventuelt planleggja betre?
- Har me god nok oversikt over dei tinga me allereie eig?
- Korleis auka kommunikasjonen på avdelingane slik at ein kan samla innkjøpa meir?
Nye tal syner god fart på nipsehandelen også inn i 2026. Dette må me snu.

Kjendis på Vossestrand
29. januar fekk Vossestrand omsorgstun storfint besøk av ein kjent vossing. Ingvild Bryn, kjent frå NRK gjennom ei årrekkje, tok turen innom og både snakka og spelte opp til fin song. Frå Vossestrand vert det rapportert at det var eit hyggeleg og kjekt besøk. Altså heilt som venta frå Ingvild Bryn.
Kva skjedde i heradsstyret?
Torsdag var det langt møte i heradstyret. Møtestart var kl 09, og ikkje før det var gått ti timar var dei folkevalde kome seg gjennom ei lang saksliste.
Det var kanskje ukkje så rart, lista voer saker var lang, og innheld fleire store saker som både har skapt stort engasjement og debatt i månadsvis. Både sak om gebyrauken frå BIR Voss og Hardanger, Bømoen-saka, endeleg vedtak av kommuneplanens samfunnsdel og handsaming av barnehage- og skulestruktur. Det vil ta for stor plass å skriva om alle desse sakene i nyheitsbrevet, så den som ynskkjer å lesa både innstilling og vedtak kan klikka på denne lenkja: Møte i heradsstyret.
Her finn du både innkalling med saksliste og rådmannen sine framlegg, eller du klikkar på knappen Protokoll og kan lesa kva som faktisk vart vedteke.

Styringshuset
Forvirra over kva planar me har i Voss herad som seier noko om samfunnsutvikling og tenestene våre? Og korleis me skal styra etter dei? No kan det nye «styringshuset» hjelpa deg å få oversikt. Dette finn du i Compilo: Styring. Her finn du oversikt over kva me har av 12 årig kommuneplan, ulike fagplanar og kvar me prioriterer ressursar og tiltak for å nå desse. Me har i tillegg ulike planar for areal som du finn her: Planar og rapportar - Voss herad
Gamingkonsert
Fredag 27. februar er det konsert i Voss kulturhus. Og det er ein heilt spesiell konsert, nemleg Extra Lives-gamingkonsert. Dette er faktisk verdas første Audience RPG «choose your own adventure»-konsert. Forvirra eller nysgjerrig? Les mer her og kjøp billett
Ta med deg nokon du kjenner og bli med på ei eventyrleg oppleving.
Forfriskningar vert å få kjøpt.
Fagdagar neste veke
Tysdag og onsdag er det fagdag for alle tilsette i kommunalavdeling helse og omsorg. Programmet tek for seg søvn, pårørandearbeid, vald i nære relasjonar, vald og trugslar på jobben og presentasjon av Tryggest.

Beredskapsøvinga Bekmørkt
Fredag var det leiarsamling på Scandig, med tema beredskap. Representantar frå nabokommunar, politi, sjukehus, Røde Kors, Sivilforsvar, Tendranett og heimevernet var også med.
Til overrasking for dei fleste gjekk samlinga over til øvinga Bekmørkt, som handla om korleis me skal handtera ei hending der straumen vert vekke over lengre tid.
- Kor lenge har me internett?
- Kor lang batteritid er det på PC-en?
- Når sluttar mobilnettet å virka?
- Kva prioriterer du å gjera før batteritida på dingsane går ut?
- Korleis drifta tenestene utan straum?

Utan straum blir det kaldt, elbilane vil ikkje gå, me har ikkje vatn og me har ikkje tilgang til fagsystema våre. Øvinga sette i gang gode refleksjonar hjå alle som var med, og målet er å laga gode tiltakskort og rutinar på dei ulike avdelingane for korleis me skal handtera det å verta utan straum.