Nyheitsbrev 7. mars

Me har lagt bak oss ei veke med mykje vêr. Litt omd et i nyheitsbrevet sjølvsagt, andre stikkord er: Totalforsvarsøving, strategisamling, medarbeidarundersøking og tilskot i høve Friluftslivets år

Bak f. v.: Tor Kenneth Aase, Hordaland sivilforsvarsdistrikt, Amund Sletner, Heimevernet og Henning Hegbom, politiet. Framme sit varaordførar Benedicte Kragh og rådmann Martin W. Kulild.

Voss herad deltok måndag denne veka i ei større totalforsvarøving saman med lokalt politi, Heimevernet og Sivilforsvaret. Øvinga var på Voss, og var i regi av Statsforvaltaren.

I øvinga øvde Voss på korleis heradet skal handtera hendingar som krev samla innsats frå både heradet, politiet, Heimevernet og Sivilforsvaret. Fleire andre kommunar i Vestland øvde samtidig på korleis dei handterer tilsvarande hendingar.

I øvinga deltok heile den kommunale krisesleiinga, pluss fleire av varamedlemene.

I løpet av øvinga vart fleire forhold kring krisehandtering diskutert og testa, både innan drift av kommunale tenester, bemanning, kommunikasjon og eigenberedskap.

Øvinga var nyttig, fordi dei ulike beredskapsaktørane kan møtast, verta betre kjent og kan snakka om dei ulike utfordringane ein har kvar for seg, og korleis dei kan hjelpa kvarandre.

Samtidig utveksla kommunane erfaringar på tvers, noko som også er svært nyttig for den samla beredskapen.

 

Regn og flaumfare

Allereie tysdag vart det tydeleg at det ville verta ei utfordrande veke for alle, i og med at det kom raude farevarsel for flaum og snøskred, og oransje varsel for nedbør og jord, flaum- og sørpeskred. Delar av den kommunale kriseleiinga sette seg saman og resten av heradet tok til å førebu seg så godt det let seg gjera. Det var nokså spennande ei stund, men heldigvis unngjekk me storflaum i dei store vassdraga denne gongen. Men det kom veldig mykje regn, og vegane våre i heradet har fått nokså hard medfart. Onsdag kveld var det fleire vegar som vart stengde, og på Evanger vart fem personar evakuerte. Vêret roa seg utover onsdag, og i løpet av kvelden og natta nådde dei fleste vassdraga flaumtoppen. Vangsvatnet nådde flaumtoppen torsdag føremiddag, og kom så vidt på oransje flaumnivå.

Stor innsats frå både tilsette og innbyggjarar gjorde at skadane ikkje vart større. Det er veldig kjekt å sjå at oppmodinga frå heradet om å hjelpa vatnet til å renna fritt vart lest og følgd. Så tusen takk til alle for god innsats til det beste for heile heradet vårt.

 

Medarbeidarundersøkinga er i gang

No er det tid for å svara på medarbeidarundersøkinga. Me ynskjer at alle svarar. 

Kvifor er det viktig at du deltek?

  • Undersøkinga er eit viktig verktøy for å byggje ein kultur der me alle gjer kvarandre gode
  • Undersøkinga gjev oss eit augeblikkbilete av korleis me har det i organisasjonen, og resultata skal nyttast som eit verktøy for å utvikle oss vidare
  • Svara du gjev vil vera eit utgangspunkt for å byggje godt medarbeiderskap, godt leierskap og skape god samhandling i heile verksemda

Undersøkinga er avgrensa til ti faktorar som vert rekna som dei aller viktigaste for å oppnå gode resultat og skape ein god arbeidsplass. Den gir blant anna eit innblikk i korleis me trivst, kva som motiverer oss, kva for moglegheiter for utvikling me opplever og korleis me etterlever verdiane våre.

Ta kontakt med leiaren din viss du ikkje har fått e-post om undersøkinga.

 

Friluftslivets år

I år er det Friluftslivets år. Lag og organisasjonar kan søkja Voss herad om inntil 5.000 kroner i tilskot til arrangement i høve Friluftslivets år.

Målet er å få fleire ut i naturen og oppleva gleda av det enkle friluftslivet i nærmiljøet sitt. Les meir her: Arrangementstilskot i høve Friluftslivets år 2025 - Voss herad

 

Strategisamling neste veke

Onsdag og torsdag neste veke vert finansrådet, som altså er medlemane i formannskapet pluss gruppeleiarane frå dei partia som ikkje er representerte i formannskapet, samla til strategisamling i Voss kulturhus. Målet er å arbeida med strategiske val for framtida, både innan økonomi og samfunnsutvikling. Fram til lunsj onsdag er også leiarane i heradet invitert for å presentert status og framtidsbilete av kommune-Norge, høyra om berekraftig utvikling av samfunnet og status og framtidsbilete for Voss herad.