Nyheitsbrev 7. oktober

Sjølv om det berre er ei veke sidan sist nyheitsbrev, kjem det eitt i dag også. Litt fordi at det er haustferie for mange neste veke, men mest fordi me har noko å melda og synes det er kjekt å skriva. Stikkord er statsbudsjett, skjema og fritidsfondet. 

På torsdag 6.oktober vart statsbudsjettet lagt fram. Slagorda frå staten si side er: «stramt og rettferdig». Det vil seie at det er eit budsjett med stramme rammer som gjer at både staten og kommunane må gjera prioriteringar, og eit budsjett der ekstraordinære inntekter frå naturressursar og kraftproduksjon vert omfordelt.

For Voss inneber framlegget frå staten at dei sentrale inntektene kan setjast opp noko frå dagens økonomiplan. Desse inntektene skal vera med å dekka demografiutgifter (meirutgifter på grunn av samansetning av befolkninga), løns- og prisvekst, auka renteutgifter og nokre satsingar (helsetenester – born og unge og legetenester).

Statsbudsjettet inneheld også framlegg om at noko inntekter som kommunen får frå sal av konsesjonskraft vert trekt inn gjennom redusert rammetilskot. Me veit ikkje kor mykje det er snakk om endå. Me vil innarbeida endringane i det budsjettet som rådmannen vil legga fram til politisk behandling i desember.

Skjema

Frå 1. januar 2023 går me over til nytt skjemasystem og bruk av digitale skjema. Me har ei skjemaløysing gjennom Acos – Interact, som me skal nytta. Fram til januar sit det ei gruppe som lagar nye skjema, og etterkvart som dei er klare vert dei publisert på heimesida.

Dei som nyttar standardskjema frå direktorat held fram med dette, det ligg link til dei på heimesida.

Fritidsfondet

Som ein del av prosjektet Bygd for alle har Voss herad oppretta prøveordninga Fritidsfondet. Fritidsfondet har som føremål å gi barn og unge i alderen 8 -18 år moglegheit til å delta i organiserte fritidsaktivitetar til tross for dårleg familieøkonomi. Trenarar, lagleiarar, helsestasjon og andre resurspersonar i heradet kan søkja om støtte på vegne av familien/barnet på opp til kr. 2500,- per år per barn.

Støtta skal gå til utgifter knytt til deltaking i ein fast fritidsaktivitet. Tiltaket er finansiert gjennom midlar frå Voss Sparebank, prosjektperioden varar fram til 1.august 2023.

Det har lenge vore eit ynskje at Voss herad skal synleggjera aktivitetstilbod og støtteordningar for barn og unge. I aktivitetskalenderen www.voss.friskus.com er det no kom eit nytt menypunkt kalla Støtteordningar. Her har me samla informasjon om støtteordningar til barn og unge. Har de tips til andre tilbod som bør inn på denne sida, ta kontakt med Kristina Finne i kommunalavdeling kultur og fritid.

På Voss herad sine heimesider under Kultur, idrett og fritid har me samla nyttig informasjon til ungdom, dette ligg under Ung på Voss, også her finn ein informasjon om Støtteordningar, barn og unge.

Både Voss Resort og Myrkdalen Fjellandsby tilbyr born busett i Voss herad, som veks opp i familiar der samla brutto inntekt er under 450.000 kroner,  sesongkort til kr 2.200 kroner. For meir informasjon om denne ordninga, sjå heimesidene til skisentera.