Nyheitsbrev 8. desember

Stikkord for dagens nyheitsbrev er: Miljøfyrtårn,  Vossadagane, rutiner i Compilo, tilgangar i Altinn, basar og carport på Vossestrand, budsjett og friskliv for ungdom. 

Grunna sjukdom i redaksjonen måtte nyheitsbrevet for to veker sidan utgå. Det betyr at noko av innhaldet kan virka litt gammalt, men som ein god journalist sa ein gong: Ei nyheit er ei nyheit, når det er ei nyheit. Det han meinte var at ei nyheit er noko folk ikkje har høyrt om før, uavhengig av tid. Men over til nyheitene.

Miljøfyrtårn

Både Vossabadet og Voss kulturhus er re-sertifisert og har fått nye sertifikat for dei neste tre åra, altså fram til 2026. Det inneber at verksemdene har ein miljøstandard og ei god miljøleiing for rutinar som er i samsvar med kriterium innan arbeidsmiljø, innkjøp, energi, transport, avfall og utslepp. Gratulerer og vel gjennomført arbeid! Neste milepåle er å sertifisering av hovudkontoret Voss Tinghus.

Vossadagane

Programmet for hovudkonferansen under Vossadagane er sleppt. Vossadagane er årets viktigaste møteplass på Voss, som er møteplassen der ein løftar blikket, ser det store biletet og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. 

Frå programmet til hovudkonferasnen kan me nemna at opningsforedraget er ved Hans-Wilhelm Steinfeld. Pernille Bonnevie Hansen frå Naturvernforbundet kjem, Catahrina Bjerke frå Veidekke, Berit Marie Galaaen frå Voss herad og Helge O Svela frå Media City Bergen kjem.  Årets talar i 2022, Svein Harald Røine kjem, Elisabeth Lillegraven og Styrkaar Ringheim-Hustveit frå prosjektavdelinga i Voss herad skal snakka, Linda Eide og John “Kapteinen” Hammersmark kjem også. Kjem du? Les meir her:  https://vossadagane.no/program/

Bruk Compilo

Om du treng informasjon om tilsetjing, personaloppfølging og løn finn du nyttig informasjon i Kvalitetssystemet Compilo. (Skjermbilete)

Her ligg det oppdaterte manualar, rutinar mm. Dette er gode støtteverktøy for deg som leiar og tilsette i Voss herad.

Dersom du har tips om innhald send gjerne ein e-post til hr@voss.herad.no

Treng du ei tilgang i Altinn for Voss herad?

 Tilsette i Voss herad kan ha behov for å ha tilgang til gjera ulike oppgåver digitalt i Altinn. Dette kan til dømes vera senda digitale skjema, søka om tilskot, rapportera på ulike tenester og lesa digital post.

For å kunna gi tilgang i Altinn trengs informasjon kven som skal ha tilgang (personnr.), kva den skal ha tilgang til (enkeltteneste eller rolle) og kvar i organisasjonen (org.nr).

Korleis be om tilgang?

  1. Du kan sjølv be om tilgang inne i Altinn (Altinn - Be om tilgang)
  2. Send e-post til ein av administratorane i lista under med førespurnad om tilgang. Førespurnad må innehalde informasjon om kven, kva og kvar tilgangen gjeld for.

Nam

E-post

Spesielle område

Liv Myklebust

liv.myklebust@voss.herad.no

Søknader/rapportering, API

Trine Langøen

trine.langoen@voss.herad.no

HRrelaterte tilgangar

Marit Helgaset

marit.helgaset@voss.herad.no

Tilgangar knytt til post og arkiv

Alle tre kan gi dei fleste tilgangar, men me har likevel fordelt nokre hovudområde for å fordela omfang.

Budsjettdokument på nett

Formannskapet si innstilling til årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 har vore ute på høyring- Budsjettet er framstilt for 15 tenesteområde. Vesentlege endringar i talbudsjettet er lagt fram som økonomiplantiltak. Elles inneheld budsjett og økonomiplan mykje informasjon om kva utfordringar me står overfor, korleis løysa dei, kva er måla våre, kvar kjem inntektene våre frå, korleis me fordeler pengane på drift og investering og prisar på ulike tenester.

Rådmannen sitt framlegg til årsbudsjett 2023 og øk.plan 2023-2026 finn du i digital framstilling her: Årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 (framsikt.net)

Formannskapet vedtok 22.11.23 at budsjettet som vert lagt ut på høyring er rådmannen sitt framlegg og tilleggspunkt og endringar som du finn i vedtaket her: Årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 (acossky.no)

Heile saka og dokumentversjon av budsjettet finn du på saka her: Dokument 23/34444 - Årsbudsjett 2024 og økonomiplan 2024-2027 - Voss herad (acossky.no)

Basar og carport

11.11 hadde Vossestrand Omsorgstun Basar. Det var fullstappa lokale med både bebuarar, pårørande og andre tilkomande. Vossestrand Barne og Ungdomskor hadde sang, det var laga kaker og kaffi til alle gjester. Det var loddbok og 2 åresalg, med kjempeprofitt. 

16.11 kunne endeleg Vossestrand Omsorgstun opne den etterlengta carporten for heimetenesta sine bilar. Den er bygd i haust, har rom for 5 bilar, sykkelparkering og eit lite lagerrom. 

Friskliv til ungdom

Etter førespurnad om samarbeid frå dei vidaregåande skulane starta me tidleg i vår planlegginga av eit prosjekt i friskliv og meistringsgruppa for å vurdere kva tilbod me kan tilby til denne målgruppa.

Hovudmål i prosjektet: Målet med prosjektet er å utvikle eit frisklivstilbod til ungdom i aldersgruppa 15-19 år (elevar i aktuell alder for vidaregåande skule), basert på behovet i aldersgruppa.  

Frisklivstilbodet kan vera knytt til både fysisk og psykisk helse, og skal vera på ein arena som er lett tilgjengeleg, og der ungdom ynskjer å koma.  

Frisklivstilbodet kan vera knytt til både fysisk og psykisk helse, og skal vera på ein arena som er lett tilgjengeleg, og der ungdom ynskjer å koma.  

For å finne eit treffande tilbod skal me i gang med ei kartlegging av behov og ynskje hos aldersgruppa på begge dei vidaregåande skulane. Me håpar å få gjennomført denne i løpet av desember.

Arbeidsgruppe som skal jobbe med prosjektet er:  

Prosjektleiar (Kristina F. Aas), kommunepsykolog (Astrid Aunan), helsesjukepleiar i vgs (Rannveig Hernes og Amalie R. Fretheim), miljøkoordinator Voss gymnas (Mariann Bystøl), miljøkoordinator Voss vidaregåande skule (Kristina Måkestad), representant frå avd. for psykisk helse og rus (Berit Svane/Tonje Alpen Bøe).