
Me startar med helsing frå Martin:
Eg vil ynskja alle eit godt nytt år, og håpar alle har hatt ei god fredfull jolefeiring. Ein ekstra takk til dei som har vore på jobb i jolehøgtida, og skapt trygge og gode dagar for innbyggjarane våre.
Me står framfor eit år som vil ha med seg store endringar. Som alle er kjende med er PwC i gang med sitt arbeid, som skal hjelpa oss med ein gjennomgang av organisasjonen, og å finna måtar å spara inn 40 millionar kroner, i tillegg til dei 42 millionane som alt er bestemt skal sparast inn. Dette vert krevjande for oss alle, men eg er heilt trygg på at me saman skal få dette til.
Det er viktig for meg å nok ein gong understreka at ingen kjem til å verta oppsagt, men me må vera budd på at det kan kome endringar for mange. Eg håpar alle tek utfordringa, og er konstruktive, opne og nysgjerrige i møte med endringane. Rapporten frå PwC skal vera klar til 16. april, så dette kjem til å gå fort. Saman med tillitsvalde og verneombod skal me sakshandsame rapporten og kome med framlegg til gjennomføring i retningsgjevande økonomiplan og når me førebur budsjett 2027.
Samtidig har me ei rekkje store saker som skal opp til politisk handsaming i år, som barnehage- og skulestruktur, samfunnsplanen og Bømoen. Dette er saker som skapar stort engasjement hjå innbyggjarane våre, og som fører til debatt. Ofte vert Voss herad skyteskiva i debatten. Det står me i, når me veit at me har vore profesjonelle, og har gitt råd basert på høg, fagleg kvalitet.
Det er også ei uroleg verd kring oss som påverkar oss. Vår rolle i det heile er å skapa gode og trygge kvardagar for alle som treng oss i Voss herad og å skapa gode og meiningsfulle arbeidsdagar for oss sjølve og kollegaene våre.
Eg gler meg til året som kjem, det vert krevjande, men også spennande. Dette får me til i lag.
Helsing Martin
PwC er i gang
Konsulentane frå PwC er godt i gang med sin gjennomgang av organisasjonen. Dei har denne veka gjennomført intervju med rådmannen si leiargruppe og hovudtillitsvalde, og vil halda fram med arbeidet sitt utover, fram mot ein rapport som skal vera klar 16. april. Oppdraget til PwC er å koma med framlegg til ein ny og heilskapeleg organisasjnsmodell, og å finna innsparingar på 40 millionar kroner. Du kan lesa meir om oppdraget i denne artikkelen: Samarbeid med PwC
Det er også ei opnen postkasse der alle som ynskjer kan senda innspel til arbeidet til PwC, anonymt om du ynskjer. Postkassa finn du her: Open postkasse

Vossadagane
25. og 26. mars er det konferansen Vossadagane. Første dag er dagen for dei store linjene, med skråblikk på samfunnet og kva som ventar kring neste sving. Det vil handla om eit samfunn i endring, frå polarisering til leiarskap, og konferansen vil vera innom hets mot politikarar, makroøkonomi og krise som utgangspunkt for fornying, og om leiarskap i vår tid. Både Harald Stanghelle, Monica Mæland, Guro Valland, Tonje Ljones Såkvitne, Jørund Rong med mange fleire vert å sjå denne dagen. Program for onsdagen finn du her. Program 2026 – Vossadagane
Andre dag startar på det personlege planet. Opningsforedraget er relevant for alle; som medmenneske, som leiar, medarbeidar eller som tilsett innan helse og oppvekst. Deretter går konferansen over til reiseliv generelt og besøksforvaltning og besøksbidrag spesielt. Dette er eit perfekt oppspel til Bergen-Voss konferansen etter lunsj. Avslutningsvis ser Vossadagane inn i framtidsbobla og koplinga mellom maskiner og menneske. Alexander Skadberg held opningsforedraget, før dagen går vidare i selskap med Kristin Krohn Devold, Per Brochmann, Anders Nyland, Christer Aa. Næss, Inga Strünke med mange fleire. Programmet for torsdagen finn du her: Program 2026 – Vossadagane
Etter Vossadagane er det Bergen-Voss-konferansen, som tek for seg utbygginga av K5.
Meir informasjon om konferansen og billettar finn du her: Vossadagane – Voss, 25. – 26. mars 2026
Budsjett og økonomiplan 2026-2029
Litt over 2 milliardar kroner skal Voss herad bruka i 2026. Midlane vert fordelt på ulike tenesteområde der dei største er omsorg (nær 496 mill.kr), skule (342 mill.kr) og barnehage (203 mill.kr). Nær 1,3 milliardar går til lønsutgifter til tilsette i Voss herad. Og det er ikkje få tilsette, med heile 1 256 årsverk i faste stillingar. Voss herad er ei imponerande kompleks, stor og dyktig verksemd med tenester frå vatn og avløp, heimetenester, vaksenopplæring for flyktningar, byggesak, kommunepsykologar, kino, stab og støttetenester, dagtilbod, legeteneste, skulefritidsordning, barnehagar, ungdomsarbeid og mykje meir. I tillegg til å tilby tenester til innbyggjarane, jobbar me med å utvikla samfunnet innan bl.a klima og miljø, næring og sikra rekruttering i framtida. Alle desse områda kan du lesa meir om i budsjett og økonomiplan som du finn her: https://pub.framsikt.net/2026/voss/bm-2026-budsjett_og_okonomiplan_2026_til_2029#/home
Heradsstyret vedtok dette 11.desember. I hovudsak vart rådmannen sitt framlegg vedteke med nokre tilleggsløyvingar og verbalvedtak. Dette finn du under «budsjettvedtak». Dei aller fleste område har fått vidareført sine rammer, nokre hatt fått styrka rammer, og nokre konkrete satsingar er det løyvd ekstra midlar til. Samtidig må me jobba me omstilling for å skapa levedyktige tenester og få kontroll på økonomien gjennom prosjektet Voss iPluss2027. Fleire område er i gang med denne omstillinga og har planlagd mindre ressursbruk i åra framover. Me skal skapa ei bygd for framtida.
Strategi for kommunikasjon
Rett før jul vedtok leiargruppa ein ny kommunikasjonsstrategi for Voss herad. I denne heiter det at kommunikasjons er eit strategisk verktøy som skal støtta opp under og bidra til å realisera Voss herad sine mål. Saman med strategien er det også ei mediehandbok som er nyttig i ditt møte med media, pluss at det vil verta linka opp vedlegg om både retningsliner for kva som skal lagrast kor og rutinar for arkivering av dokument i Voss herad. Dette vil du finna i Compilo, ved å søkja etter kommunikasjon i søkefeltet, eller du klikkar her: Kommunikasjonsstrategi - Compilo
Altinn
Noko anna du finn i Compilo er korleis du kan be om tilgang til ulike tenester og roller i Altinn. Kort fortalt så er det leiar som skal be om tilgang til sine medarbeidarar. Det som er veldig viktig er å veta kva organisasjonsnummer tilgangen skal gjevast på (Voss herad har kring 90 ulike organisasjonsnummer), og heilt presist kva tilgang det er snakk om. Alternativt er det å klikka på knappen «Be om tilgang» i det systemet du er inne i, og gje ei melding til dei som administrerer tilgangsstyringa. Dette finn du all informasjon om ved å søkja etter Altinn i søkefeltet i Compilo, eller klikka her: Tilgang til Altinn - Compilo