Kjære tilsette i Voss herad,
No som jola nærmar seg, ønskjer politisk leiing å nytta høvet til å takka dykk alle for det fantastiske arbeidet de har lagt ned gjennom heile året. Det er takka vera dykk at me saman kan skapa eit trygt og godt lokalsamfunn for alle innbyggjarane våre. Me vil òg uttrykkja vår store takksemd for dykkar engasjement, innsats og ikkje minst for den varmen og omsorga de viser i kvardagen. Mange av dykk går no inn i jola og skal halda hjula i gang for at innbyggjarane våre skal få ei god jol òg. De fortener ei ekstra stor takk.
Det neste året skal me ta fatt på arbeidet med å gjera Voss herad til ei bygd for framtida. Dei store utfordringane me står ovanfor er å handtera konsekvensane av klimaendringar og meir ekstremvêr, utanforskap og mangel på arbeidskraft og kompetanse. Som alle andre kommunar har me òg utfordingar med kommuneøkonomien vår, men her er det på sin plass å leggja til at vårt herad står betre stilt enn dei fleste kommunar. Det er berre saman me kan finna gode løysingar på desse utfordringane og me ser fram til eit godt samarbeid det neste året.
Me ynskjer dykk alle ei fredeleg og gledeleg jol, og eit godt nytt år fylt med gode stunder og nye moglegheiter. Måtte jola bringa fred og glede inn i heimane dykkar.
Varme helsingar, Tonje Ljones Såkvitne og Benedicte Kragh
Jubileum på Vossestrand


Vossestrand Omsorgstun er 20 år i år og det vart markert med stor feiring onsdag.
Rådmann, varaordfører, kommunalsjef helse og omsorg og fleire var inviterte. I tillegg kom pensjonert leiar, pleie og omsorgssjef, tilsynslegar og prest.
Alle tilsette og alle pensjonerte tilsette var også inviterte til velkomstdrink, snittar og kake.
Det var mange flotte talar, gåver, ros og gode ord, og områdeleiar Iren Øvstedal Stalheim melder i ein e-post at dei svevar på ei sky.
– Det er ikkje kvar dag ein får høyre slike talar om den lange, harde, kampen om å få bygge den flotte institusjonen, det gjekk på hengande håret. Difor er me i dag svært glade for å ha ein 20 år gammal institusjon som me siste åra har brukt tid på å mala, kjøpe møbler og ta godt vare på, sier Iren.
Omsorgstunet er bygt med tanke for framtida og svært gjennomtenkt. Her er ein god plass å bu og ein god plass å arbeide. Område Nord og Vossestrand Omsorgstun har tre avdelingar med plass til 25 bebuarar, 16 langtidsplassar og 9 omsorgsbustadar med heildøgns bemanning. Heimetenesta har stort geografisk område med heimebuande som har tenester, og tunet har eigen dagavdeling 2 dagar for veka.

Organisasjon- og tenesteutvikling
Dei har ikkje vore i gang meir enn nokre månadar, men har likevel vore til hjelp for fleire avdelingar i heradet. Me snakkar sjølvsagt om gjengen på den nye avdelinga Organisasjons- og tenesteutvikling.
Ved hjelp av ulike verktøy, metodar og teknikkar kan dei hjelpa til med å forbetra og forenkla arbeidsprosessar, auka kvaliteten på prosjektarbeid, støtta i digitaliseringsprosessar, mm. Dei har metodar og kunnskap som kan hjelpa etablerte team å jobba betre saman, eller dei kan hjelpa til med å etablera nye team der deltakarane kanskje ikkje kjenner kvarandre så godt som dei burde.
Nysgjerrig på kva meir dei har å koma med, kven dei er og korleis du kan koma i kontakt med dei? Då kan du finna litt informasjon om det i denne digitale brosjyren.
Har du innspel til omstilling?
Har du ein god idé til innsparings- eller omstillingstiltak som bør vurderast i arbeidet med Voss iPluss2027? Her kan du melda inn forslag til kva de aller andre avdelingar kan gjera: trykk på denne lenkja Både små og store tiltak er aktuelle.
Send gjerne vidare til tilsette, nabo eller andre du kjenner. Det er ope for alle å koma med innspel, og det er anonymt. Lenkje og informasjon om prosjektet finn du også på heimesidene våre: Voss iPluss2027 - Voss herad
Innspel vil vurderast vidare av aktuelle leiarar.
Det skjer mykje i prosjektet med både strukturering av prosjektet i mandat og planar, konkrete tiltak og vurderingar er under utgreiing og avklaring av kva omstilling som skal gjerast i ulike område.
Lys i gamle hus
I går, torsdag, presenterte bygningsvernkonsulent på Hardanger og Voss museum, Tora Lie Brunborg, Voss herad sitt arbeid som pilotkommune i Lys i gamle hus-satsinga til Fortidsminneforeininga.
Det er Fortidsminneforeininga, avdeling Voss som eig prosjektet, og heradet er aktivt med gjennom ei bredt samansett arbeidsgruppe.
Fortidsminneforeininga har sidan 1844 arbeidd for å ta vare på verneverdige kulturminne i heile landet, og skapa ålmenn forståing for verdien av desse. Lys i gamle hus framhevar kulturminne som ressurs samfunnsplanlegging og utvikling, og er med på å gje berekraftig forvaltning over tid. Prosejktet Lys i gamle hus inngår som ein del av kulturmiljøsektoren sitt arbeid med å synleggjera kulturmiljø so ressurs og innsatsfaktor i lokalt og regionalt utviklingsarbeid og verdiskaping.
Sendinga er lagt ut på Riksantikvaren sin You Tube-kanal, og kan difor sjåast når som helst.
Klikk på lenkja og rull deg nedover til Riksantivartimen: Riksantikvaren - YouTube
Faglønsjar

På nyåret startar me opp med faglønsjar på tinghuset😊
Faglønsjane tar opp tema som vert sett fokus på i samband med revisjon av kommuneplanen sin samfunnsdel (KPS) og arealdel (KPA).
Tema for våren er: Tidleg innsats og utanforskap, Sirkulære Voss, Voss herad sitt klimarekneskap, Kultur som samfunnsbyggjande kraft, Energi og kraft - og «teaser» til ny samfunnsdel.
Me er elles også godt i gang med å planleggja tema for faglønsjar hausten 2025, men her er det framleis høve til å komma med gode innspel til relevant og aktuelt tema. Send i så fall berre ei melding til underteikna.
Me sest på faglønsj!
Fritidserklæring opp i heradsstyret
Tysdag vert fritidserklæringa i Voss herad signert, om erkæringa vert forankra og vedteken i heradsstyret. Erklæringa seier at partane som signerer har ansvar for å følgja opp arbeidet med å realisera målet om fritidsaktivitet for alle born og unge i Voss herad. Fritidserklæringa byggjer på FN sin konvensjon om at alle born har rett til å delta i leik, kulturliv og fritidsaktivitetar.
Målet med arbeidet hjå oss er at det skal fremja trivsel ved at born og unge opplever å høyra til eit sosialt fellesskap og gleda ved å ta del i ulike aktivitetar, både organiserte og uorganiserte.
Fritidsarenaen skal vera tilgjengeleg for alle born og unge i heradet, og ingen skal kjenna seg utanfor på grunn av kjønn, etnisitet, religion, seksuell orientering, funksjonsvariasjon eller familieøkonomi.
Dersom heradstyret vedtek å signera, vert erklæringa signert av ei rekkje kommunale råd, lag og organisasjonar, ordførar og rådmann. Erklæringa vil verta publisert på Voss herad sine nettsider etter signering.