Nyheitsbrev fredag 16. mai

Stikkord for dagens nyheitsbrev: Rolla til rådmann og administrasjon, pengar til Voss Virka, servicebygget snart klart, nasjonaldag og tips til feiring og pårørandestrategi på høyring.

Nyheitsbrevet startar i dag med ei helsing frå Martin:

Gode medarbeidarar!

Dette har vore litt av ein vår! Mykje har skjedd og mange har jobba godt på bestillinga frå næraste leiar, som igjen jobbar på oppdrag frå rådmannen.

Å jobba i ein kommune, eller andre politiske styrte organisasjonar, har nokre konsekvensar. Av og til må eg foreslå ting som me veit kan vere lite populære, og kanskje ikkje vil verte gjennomført – i alle tilfelle no! Det hender jamvel rådmannen må foreslå tiltak som kan skape både støy og uro, og som me trur ikkje vert vedtatt.

Grunnen til at det er slik er at rådmannen har ansvar for å følgja opp alle politiske vedtak og å gje dei folkevalde eit best mogleg grunnlag for å fatta nye vedtak.

I kommunelova er det heilt klart at det er rådmannen si plikt å leggja fram forslag som forsvarleg utgreidd, trass i at det ikkje er i tråd med politisk vilje. Det betyr at tilsette i administrasjonen må utgreia sakene ut frå eit fagleg perspektiv, så er det dei folkevalde som avgjer kva tiltak som skal setjast i verk. Dette er sentralt i heile prinsippet om folkestyre.

For de som fagfolk og ekspertar på dykkar fagområde kan det vera krevjande å oppleva at våre beste råd ikkje vert følgt opp med politiske vedtak, i tråd med våre anbefalingar. Men i eit demokratisk samfunn er det slik at det er innbyggjarane som vel kven som skal styra oss. Alternativet er eit teknokrati der tilsette bestemmer kva som er rett. Då er me ikkje lenger eit demokrati.

Det betyr at me som er tilsette i ein politisk styrt organisasjon, alltid må vera førebudde på å gjennomføra tiltak som me ikkje er heilt fagleg einige i. Men at noko rådmannen har foreslått vert kritisert eller avvist, betyr ikkje at det er eit dårleg forslag eller dårleg utgreidd, men at folkevalde ynskjer ein annan retning og justerer kursen. Og slik det fungerer er det rådmannen sin jobb å foreslå retninga, dei folkevalde bestemmer retninga.

Når eg skriv litt om dette no, skuldast det at eg oppfattar at det er ein diskusjon internt, mellom politikarane og mellom vossingane – omkring kva tiltak som er best, kva som er mogleg og kva som ikkje er ynskt løysning – til dømes i struktursaka knytt til sjukeheim og barnehagar.

I den økonomiske situasjonen Voss herad er i no, skulle det berre mangla at ikkje politikarane treng tid, vil søkja etter andre løysingar og forsøker å finna vegar å gå som gjer at innbyggarane merkar minst mogleg av utfordringane og det dei vedtek til slutt. Det er viktig å sjå på dette som ei prosess – steg mot endeleg vedtak og løysning.  

Eg er imidlertid veldig oppteken av at me alle bidreg konstruktivt til å oppretthalda «rommet» for dialog og meiningsbrytning – utan konflikt, men ser at samtalen bidreg, klargjer og førebur oss på best mogleg resultat.

«Voss – bygd for sterke opplevingar» – me tilsette i heradet, gjer vårt beste for å bygge samfunn saman!

God helg og god feiring av grunnlovsdagen.

500.000 til Voss Virka

Hardangerstiftinga gav i dag 500.000 kroner til Voss Virka.

Voss Virka er eit selskap etablert av BIR og Voss herad i samband med den store satsinga som skjer i Voss Biopark i Bjørkemoen. Her skjer mellom anna den største industrisatsinga på Voss, bygging av eit biogassanlegg til nær 400 millionar kroner. I tillegg har verksemda Invertapro flytta til staden. Voss Virka skal vera ein pådrivar for sirkulær næring med utgangspunkt i bioparken.

Servicebygget er snart klart

Servicebygget ved utebassenget er snart heilt ferdig, og vert opna i sommar. Det er hektiske dagar på byggeplassen for å koma i mål, og det er mange brikker som skal på plass. Dette vert eit knallfint bygg, og det er rett å gje masse ros til totalentreprenør Seimen og underleverandørane. Me kjem tilbake med dato for opning

Pårørandestrategi

Voss herad har laga utkast til ein pårørandestrategi. Strategien er no lagt på høyring slik at alle kan koma med innspel til dette viktige arbeidet. Klikk her, les meir om strategien og send gjerne innspel. Pårørandestrategi

17. mai i morgon

Laurdag er det 17. mai og det ligg an til å verta ein nydeleg og varm dag i bunad eller dress. Feiringa går over mykje den same lesten som tidlegare. Barnetoget på Vangen går som vanleg frå idrettsplassen kl 10, folketoget går frå same stad kl 14. Russen talar frå verandaen på Tre Brør kl 13, medan høgtiding av dagen skjer som vanleg på idrettsplassen kl 15.

Det er elles ulike arrangement i grender og krinsar i heile heradet.

Så er det natt til 17. mai i kveld, tradisjonelt så betyr det masse ungdommar på Vangen. Folk frå Voss herad er saman med mange andre på jobb for å passa på ungdommane og gjera sitt til at alle får ein god kveld. Men det er behov for hjelp frå foreldra, og og det gjeld også me som jobbar i heradet og er foreldre. Les gjerne tilrådingane frå ungdomsavdelinga.