Pandemien er ikkje over

Ta imot tilbodet om vaksine, vask hendene og hald deg heime om du er sjuk. Det er nokre av oppmodingane til alle tilsette i Voss herad for å hindra smittespreiing. Sjølv om samfunnet er opna og me kan leva som normalt, er ikkje koronapandemien over.

Smittetala stig i heile landet, og i Voss herad kjem det også positive prøvesvar. Me registrerer også at det er fleire som testar seg. Helsetenestene er pressa, og i tillegg står me framfor den vanlege influensasesongen. Me må tenkja på smittevernet kvar dag.

Voss herad har desse oppmodingane til alle tilsette:

  • Om du er sjuk, hald deg heime for å ikkje smitta andre. Om du har ein jobb som kan gjerast heime, og du er i stand til det, jobb heime om du er småsjuk.
  • Har du symptom på korona, test deg. Voss herad har hurtigtestar til utdeling. Ta kontakt med testsenteret, tlf 900 89 662, så får du hurtigtest til bruk heime.
  • Ta imot tilbodet om influensavaksine. Om du ikkje har meldt deg på via Helseboka, møt til drop in-vaksinering torsdag 4. november frå kl 19.20-20.00, fredag 12. november frå kl 11.00-12.00 eller onsdag 17. november frå kl 17.30-1830. Vaksinesenteret er i gymsalen på Voss ungdomsskule.
  • Vask hendene, host i albuekroken
  • Vask over bord og kontaktpunkt på møterom

Det er viktig at alle bidreg for å hindra at folk vert sjuke. Helsetenestene er pressa, og me må alle gjera vårt for å hindra at fleire treng helsehjelp, og at dei som jobbar i helsetenestene vert smitt av influensa.