Status på situasjonen kring Ukraina

Voss herad jobbar no med å byggja opp kapasitet til å ta i mot ukrainske flyktningar på ein god og skikkeleg måte. Sist veke vart heradet oppmoda om å ta i mot 175 flyktningar i år.

Denne veka vart ei arbeidsgruppe som skal handtera situasjonen overordna sett ned. Stig O. Sæthre er leiar av gruppe. Med seg i gruppa har han Vinni Kvåle frå barnevernet, Liv Agnes Rong frå helse og omsorg, Bjarte Kaldestad frå integreringstenesta, Haakon Innset frå bygg og eigedom, Frode Monsen, kommunalsjef oppvekst og Tor Halvorsen, stabssjef innbyggjarservice. Det er mogleg gruppa vert utvida eller endra ut frå behovet.

For å kunne busetja flyktningane på ein god og skikkeleg måte, må Voss herad ha kapasitet både til å skaffa bustad, syta for helsetenester, skule, barnehage, norskopplæring og vaksenopplæring. Dette er kapasitet som må byggjast, og arbeidsgruppa ser no på korleis dette kan gjerast.

Det er også viktig at flyktningane som vert busett, har eit tilbod til både kultur og aktivitetar. Voss herad har eit godt samarbeid med frivillige organisasjonar, og heradet håpar å halda fram dette samarbeidet også innan andre delar av handteringa.

Mange har vendt seg til oss med tilbod om å leiga ut bustad. Voss herad er glad for alle som vil hjelpa, og registrerer alle tilbod som kjem. Me vil prøve å ta kontakt med dei som har meldt seg, men det er vanskeleg å seia når dette skjer.

Situasjonen er framleis lite oversiktleg, og endrar seg raskt og ofte. Me har stor forståing for at mange har spørsmål, men me i Voss herad har ikkje så mange svar enno. Me kjem til å informera både ut til innbyggjarar og internt etter kvart som me har svar.