Strengare nasjonale tiltak

Det vert innført strengare nasjonale tiltak mot korona ved midnatt onsdag. Dette betyr det for tilsette i heradet:

For komplett liste over tiltak, sjå Regjeringa si koronaside

For tilsette i Voss herad gjeld fylgjande:

Heimekontor

Det forskriftsfesta påbodet er at arbeidsgjevar skal syta for at tilsette jobbar heimefrå der dette er praktisk mogleg og ikkje til hinder for viktig og nødvendig verksemd på arbeidsplassen, mellom anna verksemd for å ivareta born og sårbare grupper.

I tilrådinga frå regjeringa heiter det at alle som kan ha heimekontor, skal ha heimekontor. Det betyr at hovudregelen er heimekontor, men smittesituasjonen tilseier likevel at det er fullt mogleg å vera på kontoret dersom ein kan halda avstand, og ikkje har kontakt med mange andre på reise til og frå arbeidsstaden.

Voss tinghus vil halda ope for å kunne yta service til innbyggjarar. Kantina vil også vera i drift, med redusert tilbod tilpassa drifta elles i Voss tinghus.

Skule og barnehage

Skular og barnehagar går til gult nivå seinast frå torsdag 16. desember. Det inneber at ingen sjuke skal møta på skulen, det skal vera god hygiene og forsterka reinhald og det skal vera kontaktreduserande tiltak. Les meir om trafikkljosmodellen hjå Helsedirektoratet

Vaksinering i Voss herad

Regjeringa oppmoder alle til å vaksinera seg, for å bidra til mindre press på helsetenesten. 

Du kan no få tredje dose vaksine 4,5 månader etter andre dose. Voss herad ligg godt an i høve vaksinering med tredje dose, og vil halda fram med å tilby tredje dose fortløpande til alle innbyggjarar. Me kjem til å prioritera innbyggjarar over 45 år først.

Men sjølv om tida mellom andre og tredje dose er korta noko ned, betyr det ikkje at alle får dose tre på dagen 4,5 månader etter andre dose. Voss herad prioriterer dei som har venta lengst sidan dei fekk andre dose.

Det som er viktig er å registrera seg i Helseboka, eller ta kontakt med vaksinetelefonen for hjelp med registrering. Du vil då få ein SMS med invitasjon til å bestilla deg time når det nærmar seg din  tur.

Voss herad vaksinerer til 22. desember, men ikkje i dagane mellom jol og nyttår. Grunnen til dette er at heradet ligg svært godt an med dose tre, og var heilt a jour i høve til prioriterte grupper og intervall. Det har over tid vore svært stor belastning på personell, og slik vaksinestatusen er vil me nå dei måla regjeringa har sett ved å ha pause i vaksineringa mellom jol og nyttår.

Vaksinetelefonen vert heller ikkje bemanna mellom 22. desember og 3. januar.