Tilbod om influensavaksine sesongen 2021/22

Alle tilsette i Voss herad og tilsette i dei private barnehagane i kommunen får tilbod om influensavaksine. 

Alle tilsette i Voss herad har fått tilsendt ein e-post med lenkje i frå leiar til å registrere seg i Helseboka.

OBS at ein må nytte denne lenkja for å kunne registrere seg for influensavaksine. Ein kan ikkje gjere dette ved å gå direkte til helseboka.no.

Timebestilling på fylgjande dagar

27.10 kl. 12.30 – 16.30

04.11 kl. 17.00 – 19.00

12.11  kl. 09.00 - 11.00  (planleggingsdag for skule og barnehage)

Stad:

Voss ungdomsskule i gymsalen.

Meir informasjon om influensavaksine på ulike språk:

Influensavaksine til gravide - FHI

Influensavaksine til helsepersonell - FHI

Vaksine mot influensa - FHI

NB! Viktig! Tilhøyrer du Granvin (helse og skule ev. andre) eller på Vossestrand omsorgstunet/heimetenesta

Ta kontakt hhv. med Granvin sjukeheim eller Vossestrand omsorgstun og du vil få tilbod om vaksine der. Om du ynskjer vaksine i Granvin eller på Vossestrand skal du ikkje registrere deg i helseboka.