Sikkerheitsforum

Sikkerheitsforum skal vere eit forum for samordning av arbeidet med å sikra personvern og informasjonssikkerheit i Voss herad. Forumet består av rådmannen si leiargruppe og ei rådgjevande gruppe. Sikkerheitsforum skal etablere og sikra at Voss herad si styring av personvern og informasjonssikkerheit vert etterlevd, vurdera risiko opp mot eksisterande tiltak og foreslår planar for endringar, forbetringar og konkrete sikringstiltak

 

Organisering

 

 

 

 

Samansetning av roller sikrar at sentrale fagpersonar og leiinga får eit forum der ein kan ta gode avgjerder basert på eit felles og oppdatert informasjonsgrunnlag.

 

Målsetting

Etablera eit forum som kan ivareta behovet til forankring, kvalitetssikring og styring av arbeid innan

  • Digitalisering og innovasjon
  • Forvaltning av IKT løysingar
  • Personvern og informasjonssikkerheit i Voss herad

 

Delmål

  • Sikra forankring til felles strategiar, planar og politiske vedtak
  • Samordning og oppfølging av kritiske hendingar
  • Sikra informasjonsflyt på tvers av avdelingar
  • Leggja til rette for samhandling, samspel og samarbeid
  • Byggja kompetanse internt i organisasjonen

 

Oppgåver

  • Samordna og fremja saker til politisk og administrative vedtak, til dømes
    • Strategi og handlingsplan for personvern og informasjonssikkerheit
    • Strategi for digitalisering og innovasjon i Voss herad
    • Endring og oppdatering av styrande dokument innan nemnde fagområde
    • Naudsynte sikringstiltak for oppfølging av større avvik, risikoar og sårbarheiter

 

  • Gjennomgang av overordna status for arbeid med personvern og informasjonssikkerheit, digitalisering og innovasjon og forvaltning i dei einskilde avdelingane, til dømes
    • behandling av personopplysningar, inkludert avtalar og juridiske vurderingar
    • risikovurderingar og personvernkonsekvensvurderingar (DPIA)
    • avvikshandtering
    • beredskapsplanar, -arbeid og -øvingar (innan personvern og informasjonssikkerheit)
    • endringar av sikringstiltak og forvaltning (organisatoriske og tekniske)
    • kompetanse og opplæringsbehov

 

  • Gjennomgang av status, funn og tilrådingar knytt til etterleving av gjeldande personvernregelverk, til dømes
    • status for Voss herad sin offisielle behandlingsprotokoll
    • overordna risikobilete (organisatorisk og teknisk)
    • avviksrapportar og handtering
    • funn i gjennomførte kontrollar og sikkerheitsrevisjonar

 

Deltakarar i sikkerheitsforum

Deltakarar i sikkerheitsforum
Rolle Stilling Namn Gruppe
Leiar Leiar digitalisering og IT Trond A Myklebust Rådgjevande gruppe
Medlem Rådmann Arild M. Steine Leiargruppe
Medlem Stabssjef HR og innovasjon Mette G. Matthiessen Leiargruppe
Medlem Stabssjef Strategi og styring Liv Myklebust Leiargruppe
Medlem Stabssjef Innbyggjarservice Tor Halvorsen Leiargruppe
Medlem Kommunalsjef Helse og omsorg Kjersti Nordanger Leiargruppe
Medlem Kommunalsjef Oppvekst Frode Monsen Leiargruppe
Medlem Kommunalsjef Kultur og fritid Trude Letnes Leiargruppe
Medlem Kommunalsjef Teknisk Torbjørg Austrud Leiargruppe
Medlem Personvernombod Bergen kommune Rådgjevande gruppe
Medlem Personvernrådgjevar Rasmus V. Langeland Rådgjevande gruppe
Medlem Beredskap og internkontroll Maria Eknes Rådgjevande gruppe


 

Spørsmål kring sikkerheitsforum i Voss herad kan rettast til leiar for digitalisering og IT