Vossaklima 2030: Lærar på ungdomsskulen
Vossaklima 2030 undervisningsmateriale til lærarar på ungdomsskulen.
Sist endra 16.01.2022 16.51
MERK at materiala er dei same for dei andre trinna, men eitt av spørsmåla er tilpassa alderstrinn. Dette då elevane i ungdomsskulen skal tenkja tilbake til korleis dei hadde det dei siste åra på barneskulen (4. - 7. trinn)
De kan baka prosessen inn i andre fag, temaveker eller prosjekt. Eller kan de gjera dette så enkelt som mogeleg og berre ha ein enkel diskusjon i klassen. Me har prøvd å utvikla materiala slik at dei kan tilpassast kvardagen til ungane.
Hugs at alle svara som blir sende til kommunen må vera anonyme.