Voss Herad

Kommunalt kriseteam

Kommunalt kriseteam

Voss herad sitt kommunale kriseteam skal bistå ved ekstraordinære hendingar der det ordinære tilbodet ikkje strekkjer til.

For å kunne gje psykososial omsorg og støtte ved ulukker og katastrofar, er det oppretta eit kriseteam i Voss herad. Kriseteamet trer i funksjon når ei uynskt hending råkar, og det ordinære hjelpeapparatet har behov for bistand.