Generell informasjon om kontrollutvalet i Voss herad

Kontrollutvalet er eit lovpålagt utval som har ei sentral rolle i eigenkontrollen i kommunen.  Det er kommunestyret som har det overordna kontrollansvaret for den kommunale verksemda. Kontrollutvalet fører tilsyn med den kommunale forvaltninga på kommunestyret sine vegne, og rapporterer direkte til kommunestyret om sitt arbeid og eventuelle forslag til vedtak.  

Kontrollutvalet ser også til at kommunen har ein forsvarleg revisjon. Tilsyn med forvaltninga blir utført gjennom revisor sitt arbeid med rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon og eigarskapskontroll. Kontrollutvalet kan også setje i gang andre undersøkingar dersom det er naudsynt. 

Det er berre heradsstyret som kan påleggje kontrollutvalet oppgåver. Når det gjeld førespurnader frå andre partar må kontrollutvalet sjølv vurdere om saka skal handsamast. Det vil då verta vurdert om den ligg innafor mandatet til kontrollutvalet å handsama. Kontrollutvalssekretariatet jorunalfører alle henvendingar, og gjer ei forsvarleg sakshandsaming av desse, etter utarbeidd retningslinje. Kontrollutvalet får informasjon om alle henvendingar som kjem.  

Kontrollutvalet er ikkje eit klageorgan, og kan ikkje handsame klager på enkeltsaker. Dersom det ligg føre tips til kontrollutvalet om forhold som bør undersøkast nærare, vil det vere ein fordel om dette i størst mogleg grad er basert på konkrete fakta.  

Kontrollutvalet er omfatta av følgjande lover og forskrifter:  

Kommunelova kap. 23: Lov om kommuner og fylkeskommuner (kommuneloven) - Lovdata 

Forskrift om kontrollutvalg og revisjon - Lovdata 

 

Sekretariatet til kontrollutvalet er uavhengig av kommunen sin administrasjon. 

Kontakt

Kontrollutvalsekretariatet ved PWC Sogndal
E-post
Telefon 95 26 13 18

 

Adresse:

Kontrollutvalsekretariatet ved PWC Sogndal
Parkvegen 5
6856 Sogndal

 

Her kan du få oversikt over møteplan og medlemmer i kontrollutvalet:

Møteplan