Forskrift om godtgjering til folkevalde i Voss herad (rev. 08.09.22)

Heimel

Denne forskrifta er fastsett av Voss heradsstyre 08.09.22 med heimel i Lov om kommunar og fylkeskommunar (Kommunelova) kapittel 8 og erstattar tidlegare forskrift, jf. vedtak i heradsstyret 15.12.22.

Lenkje til lovdata

§ 1 Rettar og plikter

Formålet med forskrifta er å sikra folkevalde godtgjering og utgiftsdekning i samband med sine kommunale tillitsverv. Medlemar av eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevald organ pliktar å delta i organet sine møter, dersom ein ikkje har lovleg forfall, kommunelova § 8-1.

Arbeidstakar har rett på fri frå sitt arbeid når det er naudsynt for å oppretthalde møteplikta i folkevald organ. Arbeidstakar har også rett på permisjon frå arbeidet sitt i fire år, eller for resten av perioden, dersom ein har kommunalt eller fylkeskommunalt verv på heiltid, kommunelova § 8-2.

 

Kommunale møte

Heradsstyret og utvala har ein fast møtedag. Det skal utarbeidast møteplan for kvart år. Fylgjande råd og utval skal vera med i planen:

  • Heradsstyret
  • Formannskapet, plan og økonomi
  • Utval for kultur og næring
  • Utval for levekår
  • Utval for klima og miljø
  • Kraftfondet
  • Eldreråd
  • Råd for menneske med nedsett funksjonsevne
  • Ungdomsråd

Det vert utarbeidd møteplan innan 1. desember.

Møta bør ikkje vara meir enn 4 timar. Dersom det er lita saksmengd, kan tillyst møte avlysast. Ved behov kan det òg bli sett opp ekstramøte gjennom året.

 

Opplæring for folkevalde

  1. I byrjinga av kvar valperiode blir det arrangert folkevaldopplæring. Opplæringa skal m.a. omhandla rolla som folkevald og rammer for politisk arbeid.
  2. Opplæringa er obligatorisk og deltakarane får refusjon for tapt arbeidsforteneste etter gjeldande reglar.

Forskrifta skal sikre at politisk valde skal ha tid og høve til å førebu seg til møte, setja seg inn i kommunale oppgåver, og ikkje minst vera til stades på møte utan at dette skal gå ut over tilhøvet til arbeidsgjevar og sjølvstendig næringsverksemd.

 

§ 2 Lovgrunnlag

Lov om kommunar og fylkeskommunar (kommunelova) kapittel 8, Rettigheter og plikter for folkevalgte. skal heradsstyret sjølv gje forskrift som omfattar:

  • Dekning av utgifter og økonomiske tap, Kommuneloven § 8-3
  • Arbeidsgodtgjersle, Kommuneloven § 8-4
  • Godtgjering ved frikjøp, Kommunelova § 8-5
  • Ettergodtgjøring, Kommuneloven § 8-6
  • Permisjonar, Kommuneloven § 8-10

 

 

§ 3 Ansvar og mynde

Medlemar av eit kommunalt eller fylkeskommunalt folkevald organ pliktar å delta i organet sine møter, dersom ein ikkje har lovleg forfall, kommunelova § 8-1. Forfall skal meldast elektronisk, eller til politisk sekretariat som kallar inn vararepresentant.

Det enkelte utvals- og rådsmedlem skal sjølv føra krav om møtegodtgjersle i elektronisk system.

Som hovudregel skal dette gjerast etter kvart møte. Det vert ikkje betalt ut godtgjersle for møte som er avvikla meir enn eitt år tilbake i tid.

 

Ansvar for attestering og tilvising av godtgjersle og utgiftsdekning i høve denne forskrifta vert lagt til rådmannen, eller den rådmannen delegerer dette til.

 

 

§ 4 Dekning av utgifter og økonomiske tap, Kommunelova § 8-3

Dekning av tapt arbeidsforteneste/ omsorgsvikar

  1. Folkevalde som får tap i arbeidsinntekt på grunn av kommunale verv, får dekka dette tapet på grunnlag av dokumentasjon frå arbeidsgjevar. Dette gjeld tap i arbeidsinntekt som kjem i tillegg til ev. frikjøpsordning, og/ eller reelt tap når frikjøpsordninga ikkje vert eller kan nyttast.
  2. Dersom den folkevalde og arbeidsgjevar godtek det, kan refusjonen gjerast opp direkte med arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar sender då refusjonskrav kvar månad eller seinast innan 30.11. kvart år.
  3. Folkevalde som har ulegitimert tap i arbeidsforteneste får dekka dette tapet med inntil kr 1660,- pr. møtedag, 1,5 av ordførar si godtgjersle. 

1 møtedag = 7,5 timar.

  1. Dokumentert tap vert dekka med inntil kr 4429,- pr. dag, 4 av ordførar si godtgjersle. 

Hovudregelen er at tapet skal legitimerast.

  1. Folkevalde som beheld løn frå arbeidsgjevar for å ivareta kommunale verv, får ikkje dekka tapt arbeidsforteneste. Unnateke er ordning med frikjøp for leiarar av hovudutvala.
  2. Krav om vederlag for tapt arbeidsforteneste må sendast minimum ei gong pr. år, seinast innan 30.11 årleg. Krav bør sendast månadleg eller kvartalsvis. Kravet vert utbetalt ved fyrste ordinære lønsutbetaling i heradet.
  3. Dersom eit møte vert avlyst eller flytta 14 dagar eller meir før oppsett møtedato, fell rett til tapt arbeidsforteneste vekk. Ved avlysing mindre enn dette får representanten dekka tapet, dersom vedkommande ikkje har høve til gå attende på jobb.
  4. Folkevalde som har omsorgsansvar for born, sjuke, eldre og funksjonshemma, får dekka utgifter til tilsyn/ pleie i den tida den folkevalde er fråverande pga. kommunale verv. Omsorgsvikaren sender sjølv krav elektronisk. Godtgjersle vert betalt direkte til vikar ein gong i månaden. Godtgjersla er i samsvar med dei til ei kvar tid gjeldande timesatsar for unge arbeidstakarar eller stillingar utan krav om utdanning i hovudtariffavtalen. Ein får dekka inntil 8 timar pr. dag/ døger til omsorgsvikar. Godtgjersla er skattepliktig.
  5. Godtgjersle vert ikkje gjeve dersom tilsyn eller barnepass vert utført av ektefelle eller sambuar av den folkevalde.
  6. Reglane for tapt arbeidsforteneste/ omsorgsvikar gjeld også i samband med heradsstyremøte.

 

Skyss‑ og kostgodtgjersle, kommunelova § 8-3

  1. Folkevalde som nyttar eigen bil i samband med kommunale møte og oppdrag får dekka reiseutgiftene i samsvar med heradet sitt reiseregulativ. Reisene må vera best mogleg samordna.
  2. Parkeringsutgifter i samband med møte for folkevalde vert lågaste dagtakst for parkering dekka. Dette gjeld i samband med møte lokalt (Voss sentrum).
  3. Folkevalde som representerer heradet på kurs, møte o.l., får kostgodtgjersle og dekka reise‑ og opphaldsutgifter i samsvar med heradet sitt reiseregulativ.  Likeins legitimert tapt arbeidsforteneste.
  4. Krav om skyssgodtgjersle m.v. skal sendast elektronisk til heradet månadleg eller kvartalsvis, men seinast innan 30.11 kvart år.

 

Telefongodtgjersle

Heradet held fri mobiltelefon for ordførar og varaordførar.

 

Datautstyr, lisensar og internett

Alle representantane som sit i heradsstyret, eit hovudutval, i Eldrerådet eller Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne får 5 000,- kroner pr. valperiode for å dekka naudsynt teknisk utstyr. I tillegg får representantane 2 000,- kroner pr år for å dekke lisensar og tilgang til internett. Tilsvarande gjeld for fyrste vararepresentant i kvart parti som sit i heradsstyret.

Representantane i Ungdomsrådet får 2 000,- kroner pr år for å dekke lisensar og tilgang til internett. Tilsvarande gjeld kommunalt tilsette med politiske verv som får utlevert bærbart pc-utstyr frå arbeidsplassen.

 

Representantane har sjølv ansvar for å halda utstyret i valperioden vedlike. Kvar representant kan kun få eitt tilskot uavhengig av antal verv.

 

 

§ 5 Arbeidsgodtgjersle, Kommunelova § 8-4

Ordførar

Ordføraren si godtgjersle skal følgja godtgjersla til stortingsrepresentantane.

Frå 01.05.23 kr 1 107 190, -  ordførar godtgjersla skal justerast pr. 01.05 årleg.

 

Varaordførar

Varaordføraren si godtgjersle vert sett til 50 % av godtgjersla til ordføraren. Varaordføraren si godtgjersle skal dekka vanlege varaordføraroppdrag og kortare vikaroppdrag for ordføraren. Dersom varaordføraren fungerer som ordførar over eit lengre tidsrom, skal godtgjersla vurderast av politisk valde i administrasjonsutvalet.

 

Fast godtgjersle

Utvalsleiarar og Formannskap:

  1. Leiarar i dei faste utvala:
    1. Utval for kultur og næring
    2. Utval for levekår
    3. Utval for klima og miljø
  2. Leiar i Kontrollutvalet
  3. Leiar i Kraftfondet
  4. Faste medlemmer i FPL, forutan ordførar og varaordførar

får ei fast godtgjersle på 4,41 % av ordførar si godgjersle 48 827,-

Godtgjersla dekker førebuing, og møte i utvalet. Andre møte får ein møtegodtgjersle for i tråd med forskifta.

Godtgjersla vert utbetalt etter oppmøte.

 

Møtegodtgjersle

Heradsstyret

Representantar i heradsstyret får ei godtgjersle på 1 ‰ av ordførar si godtgjersle, kroner 1107,- pr. møte. Møtande vararepresentantar får same godtgjersle.

Hovudutvala

Medlemar og møtande varamedlemar i utvala får møtegodtgjersle tilsvarande representantane i heradsstyret.

Andre kommunale råd og utval

For kommunale utval blir møtegodtgjersla sett til 1 ‰ av ordførar si godtgjersle, kroner 1107,- pr. møte. Leiar i desse utvala får 1,5 ‰ av ordførar si godtgjersle, kroner 1660,- pr. møte. Same godtgjersle til fungerande leiar dersom leiaren har forfall. Dette gjeld alle råd og utval utanom hovudutvala.

Generelt vert det ikkje utbetalt meir enn ei møtegodtgjersle pr. dag.

Ungdomsrådet

Medlem i ungdomsrådet i Voss herad får ei møtegodtgjersle på 0,5 ‰ av ordførar si godtgjersle. Dette er 50 % av møtegodtgjersla til medlemane i heradsstyret (553,- kroner).

Det blir berre gitt møtegodtgjersle for møte som er fastsett i møteplan, eller der ordføraren kallar inn.

Saksordførar i store saker

For saksordførar i store saker blir møtegodtgjersla sett til kroner 1064,- pr. møte, 1 ‰ av ordførar si godtgjersle.

 

§ 6 Rett til sjukepengar, yrkesskade og permisjon

Folkevalde som har vervet som si hovudstilling har same rettar til sjukepengar som tilsette i kommunen, ytingar i samband med yrkesskade og permisjon, jamfør Kommunelova § 8-8, § 8-9 og  § 8-10.

«Det skal ytast sjukepengar til ordførar og varaordførar, som mottek godtgjering i arbeidsgjevarperioden, dei fyrste 16 dagane. I tillegg dekkjer Voss herad mellomlegget av dokumenterte sjukepengar frå NAV og den godtgjering ein har i sitt verv i inntil 50 veker. Ein dekker likevel ikkje mellomlegget av dokumenterte sjukepengar frå NAV og den godtgjeringa ein har i sitt verv ut over 100 % stilling (dette inkluderer stillingar hjå andre arbeidsgjevarar). Sjukepengar vert ikkje utbetalt utover den perioden ordførar og varaordførar mottek godtgjering for.

Sjukefråvær utover 8 dagar skal legitimerast med sjukmelding. Fråvær inntil 8 dagar kan dokumenterast med eigenmelding. Eigenmelding kan nyttast i 24 kalenderdagar i løpet av 12 månader (jf. gjeldande IA-avtale)»

 

 § 7 Frikjøpsordning, Kommunelova § 8-5

Satsane for godtgjerslene skal justerast årleg 01.07 ut frå ordføraren si godtgjersle.

Utgangspunktet for ordninga er at politisk valde skal ha tid og høve til å førebu seg til møte, setja seg inn i kommunale oppgåver, og ikkje minst vera til stades på møte utan at dette skal gå ut over tilhøvet til arbeidsgjevar og sjølvstendig næringsverksemd.

  1. Leiarar i hovudutval og medlemane i formannskapet får tilbod om to dagar frikjøp i månaden.
  2. Heradsstyret sine representantar får tilbod om frikjøp ½ arbeidsdag i månaden.
  3. Heradet betalar refusjon for tapt arbeidsforteneste etter gjeldande reglar
    1. ulegitimert tap 1,5 ‰  av ordførar si godtgjersle – kr. 1660,- pr. dag
    2. legitimert tap 4 ‰ av ordførar si godtgjersle ‑ opptil kr. 4429,- pr. dag.

1 dag = 7,5 timar

Refusjonen kan ordnast direkte med arbeidsgjevar.

Hovudregelen er at tapet skal vera legitimert.

Eigenerklæring for tapt arbeidsforteneste frå sjølvstendig næringsdrivande skal godkjennast som legitimert tap.

  1. Dei folkevalde må melda frå til administrasjonen om dei ønskjer frikjøp, likeins ved opphøyr av ordninga.

 

§ 8 Ettergodtgjersle, Kommunelova § 8-6

Folkevalde som har vervet som folkevald som si hovudstilling, kan søkje om ettergodtgjersle når dei fråtrer vervet. Lengda på ettergodtgjersle vert vurdert ut i frå søknad. Det vert ikkje gitt ettergodtgjersle ut over 3 månadar. Søknad om ettergodtgjersle vert handsama av heradsstyret.

Retten til ettergodtgjersle skal avkortast krone for krone mot anna inntekt. Det same gjeld for ordinær inntekt som den folkevalde friviljug avstår frå.

Ein vil ikkje motta andre ytingar (t.d. møtegodtgjersle) i perioden ein får ettergodtgjersle for hovudstilling.

Pensjonsinntekter etter folketrygdlova kapittel 19 og kapittel 20 skal ikkje reknast som inntekt etter andre ledd.