Ein Tinghusplass for alle

Eit av slagorda for Voss herad er «Voss-bygd for alle». Ein måte å oppnå dette på er gjennom universell utforming. Universell utforming av bygg eller offentlege rom handlar om å legga til rette for tilgjenge for alle. Det skorta på slik utforming mange plassar, men steg for steg går me i rett retning, slik som på Tinghusplassen.

Eit viktig poeng med universell utforming er å ha det breie perspektivet på dette. Universell utforming gjer at alle tener på at det er lett å komma seg fram. Jamvel for folk utan funksjonsnedsettingar, er det lurt om ein kan unngå hindringar. Det er masse døme på at dette er mogleg å få til, og så er det mange døme på at me ikkje har tenkt på dette.

Arbeidet på Tinghusplassen handlar om universell utforming. Det var det som starta heile arbeidet. Ein plass med knuste skiferheller, manglande heller, med hol og dammar, ein plass der trygg ferdsel har vore krevjande lenge, skal bli til ein Tinghusplass for alle.

På eit stort areal framfor Gamlekinoen skal den ekte vossaskiferen ned att, medan på gangareala skal flat gå-venleg skifer frå Alta på plass. Resultatet vert ein «ny» Tinghusplass, som både er universelt utforma og som inviterer til aktivitet.

Slik sett er arbeidet med Tinghusplassen ein del av arbeidet som skal skje i tråd med ny sentrumsplan, nemleg å oppgradera møteplassane i sentrum og i neste omgang skapa aktivitet på desse møteplassane.

Ein universelt utforma Tinghusplass tek form.  

Det kan òg nemnast at i ei heilt fersk undersøking gjennomført av Samfunnsøkonomisk analyse AS og Vista Analyse AS i fellesskap for KS og NHO, kjem det fram at kommunar som lukkast godt som vertskommunar for næringsutvikling «… er meget opptatt av å legge til rette for mer attraktive sentrumsområder, og ser dette som en nøkkel til vekst både i kunnskapsintensive og servicerettede virksomheter. Betydningen av utvikling av sentrumsområdene i kommunene er også vårt mest entydige resultat fra bedriftsundersøkelsen i dette prosjektet. Sammenhengen ble uttrykt som at mer attraktive sentrumsområder skaper økt bolyst, som igjen er viktig for å tiltrekke seg (eller holde på) arbeidskraft».

Det er artig å tenkja på kor mykje saka om universell utforming av Tinghusplass har ført med seg. Eg trur ikkje medlemane i Norges Handikapforbund, Lokallag Voss hadde i tankane eit oppgradert byrom, auka attraktivitet og bulyst for Voss og ein stor debatt om Per Sivle-monumentet, men eg er sikker på at dei er glade for at alt dette er med.

Ein universelt utforma Tinghusplass vert verkeleg ein plass for alle! I løpet av sommaren vil den vera klar. Det er berre å gle seg!

 

Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar