Erna Solberg har høyrt oss, no håpar me ho høyrer på oss!

I dette innspelet finn de utdrag frå innlegget eg hadde i møtet med statsminister Erna Solberg onsdag 10.februar om ny veg og bane mellom Voss og Bergen.

Ny veg og bane Voss-Bergen handlar om å bygga trygg og moderne veg og bane for framtida. Det vil sei redusera risikoen for alvorlege ulykker, ta vekk faren for ras, få ned reisetida og opp tal reisande.

Og, her eit hovudpunkt – det er berre ei løysing for å nå måla, ny parallell veg og bane!

K5 er ingen Rolls-Royce – det er alternativet som trygger reisande både på veg og bane. Ingen andre alternativ når prosjektmåla. Difor støttar me Regjeringa di sin konklusjon i val av konsept - K5 parallell veg og bane.

Det geniale ved å gå for K5 er trygg og moderne veg og bane med felles rømingsvegar. Fellesprosjektet gjev store innsparingar, og prosjekter spelar på lag med miljø og klima. Å utsetja veg eller bane, vil raskt vera milliardar ut av vindauga. Det er tidlegare tatt enkle løysingar, ja så seint ved vegen Voss-Dale, og det må me svi for i dag. Droppar me bane, går me i same fella som sist og bygger ein veg som ved opning vil vera utdatert.

Så veit statsministeren godt, dette er ikkje ein veg og bane for kommunar, fylke og næringsliv på Vestlandet, det er for landet, det er eit nasjonalt prosjekt for eit strekk som er ein hovudpilar i samferdslenettet. Difor handlar det om å bygga landet. Me trur ikkje alle ser det slik!

Eit av våre viktigaste poeng den siste tida har vore det uforståelege i at ny veg og bane Voss-Bergen har negativ samfunnsnytte. Her må formlane og tala vika, det er kvardagsnytten til innbyggjarane våre og dei reisande som må vera avgjerande. Kvardagsnytte for tusenvis av reisande heller enn teoretisk samfunnsnytte. Det er rett og slett viktigare å koma fram, enn å koma raskt fram!

Før valet i 2019 skreiv eg eit innlegg til BT. Det hadde tittelen «Kan du høyra meg, Erna.» Ja, det gjer du her i dag. Det eg prøvde å få fram der var frykta folk kjenner på kroppen dagleg. Men eg prøvde og å få fram ansvaret me kjenner på, og som eg er sikker på at du kjenner på. Kort fortalt er det slik at enkelte prosjekt gjeld så mange, og er så viktige, at dei må løysast no.

Me skal vakta oss for å vera personlege, men då eg sat i toget som køyrde inn i raset på Boge kom eg så nær katastrofen som mogleg. Eg forstod ikkje heilt kva som hadde skjedd og me vart evakuerte. På veg ut av toget såg eg fyrst raset, så snudde eg meg, og då såg eg ei uendeleg rekkja med ambulansar. Då, i den augneblinken, gjekk det opp for meg kva dei trudde dei som sat på alarmsentralen og eg kjende på lukka over at det hadde gått bra og frykta for kva som kunne ha skjedd.

 Vårt råd vil vera å ta utgangspunkt i fagfolka sin tilstandsrapport – kor er det størst fare, størst sjans for dei store katastrofane, kor kan flest bli råka, kva delar av veg og banenettet må reddast no, før me får fleire ulykker og ras?

Så det eg prøver å få fram er at du som regjeringssjef står i posisjon til å endra situasjonen på E16 og Vossabanen. Regjeringa di kan verkeleg få fart på arbeidet med å gjera hovudpulsåra for veg og bane aust-vest trygg og moderne, de kan får redusert ulykkene og eliminera rasa. De kan gjera at folk ikkje lenger treng å lura på kva som skjuler seg rundt neste sving.

Me veit at det eit stort vedtak og ansvar å gå for fyrste del av prosjektet, Arna-Stanghelle, men det er og eit stort ansvar å senda fleire tusen ut på denne veg og banestrekninga kvar einaste dag. Me som bur her vil alltid heia på dei som vil gjera noko og det raskt. I midten av mars – når de legg fram NTP – er me klare til å heia på deg og di Regjering. Eg lovar!

Avsluttande kommentar

Gjennom møtet med statsministeren fekk me til eit etterlengta møte der me kunne legga fram saka vår. Erna Solberg har høyrt oss, no håpar me ho høyrer på oss og prioriterer fellesprosjektet K5 Voss-Bergen!

Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar Voss herad