Til alle i Voss herad

Nok ein gong opplever me strenge tiltak i samband med koronapandemien. Regjeringa har definert tre kommunar  som Ring 1 kommunar som har fått dei strengaste tiltaka, medan nabokommunar til kommunar med pågåande utbrot er blitt definerte som Ring 2 kommunar, slik Voss herad er.

Skilnaden på tiltaka er at i Ring 2 kommunar er reglane noko mildare, særleg dei som råkar born og unge. I nær alle møte eg har delteke på gjennom pandemien, er det gong på gong blitt understreka frå Fylkeslegen og Helsedirektoratet at me må vera særleg aktsame overfor born og unge og unngå å ramma dei med for strenge reglar.

I slike situasjonar som dette vil det alltid vera ulike meiningar om kva tiltak som er rett å setja inn når. Utgangspunktet mitt har heile tida vore å legga oss på nasjonalt regelverk for å førebyggja, men vera raskt på dersom smitte oppstår. Me har hatt utbrot i pandemien som gjennom god smittesporing, rask karantene, testing, isolering og lojale innbyggjarar har blitt slått tilbake.

Alle tiltak skal grunngjevast godt. Når Bergen, Ulvik og Kvam er sett i Ring 1, er det fordi dei har hatt ein uoversiktleg smittesituasjon og pågåande utbrot. Hadde situasjonen vore lik for Voss herad, hadde me òg kome i Ring 1, men det er ikkje tilfelle. Til no er det 3 innbyggjarar i Voss herad som er stadfesta smitta med kopling til Ulvik herad  og med den engelske mutanten. Desse smittetilfella har me god kontroll på. Per no er det berre situasjonen i Klausabakken barnehage som er uavklart.

Mi vurdering er at TISK-strategien (testing-isolering-smittesporing-karantene) fungerer og har fungert godt i Voss herad.

Tiltaka me har no er krevjande for mange. For innbyggjarar og verksemder er det tøffe dagar. Det viktigaste rådet eg kan koma med no er at me støttar opp om dei innførte tiltaka, slik at dei kan lettast på snarast råd. Vidare kan det ikkje understrekast nok at dei overordna smittevernreglane er minst lika viktige no som tidleg i pandemien. Hald avstand, vask hendene, host i albogen og hald deg heime om du er sjuk.

Skulle du vera i minste tvil om du kan vera smitta, gå i sjølvpålagt karantene og få time for testing.

Framleis er det koronaviruset som legg mange av premissane for liva våre, og me må nok ein gong trø til og stå saman. Både no og framover må me støtta kvarandre og næringslivet vårt! Heldigvis held vaksineringa fram, og det er ljos i tunnelen. Det får vera trøysta når me no lever under dei strengaste tiltaka sidan heile landet vart stengt ned førre vår. 

Alt godt til alle!

 

Hans-Erik Ringkjøb

Ordførar Voss herad