Barneverntenesta

Barneverntenesta arbeider for at barn og unge skal ha trygge oppvekstvilkår. Me gjev råd, rettleiing og hjelp til barn, unge og familiar når det er behov.

Opningstider

Måndag - fredag kl. 9:00 - 15:00. 

Kontaktinformasjon

Telefon: 56 52 13 10
Utanom opningstid (akutte hendingar): ring barnevernvakta: 41 86 30 70
Akutt fare: ring 112

For barn og ungdom

Barn og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss, også anonymt.
Du kan òg ta kontakt med Alarmtelefonen for barn og unge

 

Slik melder du bekymring

Du kan melda frå på fleire måtar:

  • ring oss
  • send brev
  • send e-post (Ikkje send sensitive opplysningar på e-post)

For å vera sikker på at du treffer oss på kontoret er det lurt å laga ein avtale på førehand. 

Send bekymringsmelding digitalt

Treng du hjelp til å fylle ut meldinga?
Ta kontakt med oss.

 

Kva skjer etter du har sendt bekymring?

  • Meldinga blir gjennomgått innan ei veke
  • Akutte saker blir vurderte med ein gong
  • Barnevernet vil anten starte ei undersøking eller avslutta saka

Dersom det er behov, kan det bli sett inn hjelpetilbod.

 

Kva hjelp kan du få?

Barneverntenesta kan gi støtte og hjelp til barn, ungdom og familiar når det er behov.
Du kan til dømes få:

  • råd og rettleiing i foreldrerolla
  • støtte til å handtere utfordringar i kvardagen
  • oppfølging i heimen
  • hjelpetiltak som fritidskontakt eller besøksheim
  • hjelp til å få kontakt med andre tenester, som til dømes helsetenester

Målet er å styrkje barnet og familien, og bidra til ein trygg kvardag.

 

Har du utfordringar med konfliktar heime?

Les meir: Krangel i heimen

 

Meldeplikt

Nokre yrkesgrupper har plikt til å melde frå dersom dei er bekymra for eit barn.
Privatpersonar har ikkje plikt, men det er viktig å melde frå ved alvorleg bekymring.

Adresse

Gurid Almenningens plass 1, 5704 Voss

 

Postadresse: 

Voss Barnevernteneste

Postboks 145

5701 Voss

 

Organisasjonsnummer: 984026439

Telefon: 56 52 13 10