Bli fritidskontakt

Som fritidskontakt hjelp du barn og ungdom til å få eit meir aktivt og sosialt liv.

Fritidskontaktar jobbar nokre timar per veke, og får betalt for dette. Som fritidskontakt for barneverntenesta bør du ha eit stabilt liv som tilseier at du kan ha oppdrag over tid, minimum eit år. Du bør vere ein trygg vaksen som ynskjer å hjelpe eller gjere aktivitetar saman med barn eller ungdommar.

Fritidskontakt som tar oppdrag frå barneverntenesta må legge fram politiattest. Politiattesten kan ikkje vere eldre enn 3 månadar.

 

Ynskjer du å få meir informasjon eller bli vurdert som fritidsakontakt? Ta kontakt med barnevernstenesta.

e-post: postmottak.barnevern@voss.kommune.no

Telefon: 56 52 13 10