BarneverntenestaBarneverntenesta arbeider for at barn og unge skal ha trygge oppvekstvilkår. Me gjev råd, rettleiing og hjelp til barn, unge og familiar når det er behov. Sist endra 28.04.2026 08.42 OpningstiderMåndag - fredag kl. 9:00 - 15:00. KontaktinformasjonTelefon: 56 52 13 10Utanom opningstid: Akutte hendingar som ikkje kan vente til neste virkedag, ring barnevernvakta: 41 86 30 70Akutt fare: ring 112For barn og ungdomBarn og ungdom kan sjølv ta kontakt med oss. Dersom du ynskjer å drøfta ei sak anonymt, er du velkomen til å ta kontakt.Du kan òg ta kontakt med Alarmtelefonen for barn og unge. Slik melder du bekymringHar du ei bekymring for eit barn eller ein ungdom? Du kan melda frå til barneverntenesta på fleire måtar. Du kan:ringja osssenda brevsenda e-post (Ikkje send sensitive opplysningar på e-post)For å vera sikker på at du treffer oss på kontoret er det lurt å laga ein avtale på førehand. Send bekymringsmelding digitaltBekymringsmeldingTreng du hjelp til å fylle ut meldinga?Ta kontakt med oss.Kva skjer etter du har sendt bekymring?Meldinga blir gjennomgått innan ei vekeAkutte saker blir vurderte straksBarnevernet vil anten:starta ei undersøking, ellerleggja meldinga bort dersom ho openbert er grunnlausEi undersøking skal gjennomførast snarast mogleg og seinast innan tre månadar. Ho skal:vera tilpassa alvor og innhald i sakata omsyn til barnets besteDersom undersøkjinga gir grunnlag for hjelpetiltak, vil barneverntenesta setja i verk hjelpetiltak etter lova.Les meir om gangen i ei barnevernssakMeldepliktOffentlege myndigheiter og enkelte yrkesgrupper med lovpålagt teieplikt har opplysningsplikt til barneverntenesta når det er grunn til å tru at eit barn:blir utsett for mishandlingblir utsett for alvorleg omsorgssvikthar vedvarande alvorlege åtferdsvanskarDette følgjer av barnevernslova § 6-4.Opplysningsplikta er:personlegsjølvstendiglovpålagtPrivatpersonar har ikkje juridisk meldeplikt, men har eit viktig moralsk ansvar for å melda frå ved alvorleg bekymring.Krangel i heimen?Les meir om kurs her: Krangel i heimenMeir informasjonLov om barnevernBarneombudetBarne- ungdoms- og familiedirektoratetAndre tenester (ikkje kommunale)FamilievernkontorBUP VossJobb hjå ossBli besøksheimBli fosterheimBli fritidskontakt