Hjelpe- og førebyggande tiltak

Dei fleste barna barneverntenesta hjelper bur heime hjå biologiske foreldre. Då får barn og foreldre hjelp, råd og støtte gjennom hjelpetiltak i heimen. Hjelpetiltak i heimen kan vere av ulik art, mellom anna fritidskontakt, tilvising til psykolog eller råd og rettleiing til foreldre. Under finn du meir informasjon om dei ulike hjelpetiltaka.

Fritidskontakt. Personar over 18 år som har høve til å bruka nokre timar i veka på ulike aktivitetar saman med eit barn eller ein ungdom. Ein ynskjer personar som kan forplikte seg over tid, som er engasjerte og har interesse for ulike aktivitetar, og som ynskjer å inkludere andre i dette. Ein fritidskontakt kan også ha som oppgåve å fylgje barnet/ungdommen til og frå ein fritidsaktivitet.
Fritidskontaktar vert løna etter kommunalt regulativ. Du finn registreringsskjema nedst på sida.

Besøksheim. Barneverntenesta søkjer etter vanlege heimar, som kan tenkje seg å vera besøksheim for born eller ungdom. Me ynskjer kontakt med par, familiar og einslege som har tid og overskot til å ta i mot ein ekstra i heimen, ein eller fleire gonger i månaden. De må trivast saman med born og unge, vera normalt aktive, ha eit romsleg menneskesyn og evne til å samarbeide med andre. Besøksheimar vert ofte nytta til born og unge som har eit lite nettverk eller familie. Om du/de ynskjer å verte "reservebesteforeldre" eller "reserveonkel eller -tante", ta kontakt!
Besøksheimar mottek ei arbeidsgodtgjering og ei utgiftsdekning pr døgn, men ikkje løn.

Økonomisk stønad. Etter vurdering av behov i ein familie, kan barnevernet gje økonomisk stønad. Det kan til dømes vera stønad til barnehage, SFO eller hjelp i heimen som kan lette omsorgssituasjonen.

Råd og rettleiing

PMTO - Parent Management Training Oregon. Det er ikkje alltid lett å vite korleis ein skal møte barn som til dømes ikkje høyrer på kva ein seier, som trassar og som kanskje også snakkar stygt, truar, slår eller sparkar.
Alle barn kan oppføre seg slik, men viss denne veremåten vert eit mønster som gjentek seg over tid, kan foreldre trenge nokon å rådføre seg med.

PMTO-terapi:

  • Rettleiing til foreldre med barn i alderen 4-12 år
  • Rettar seg mot familiar med barn med meir utvikla åtferdsvanskar
  • Rettleiinga går over ca.15-20 møte

 

PMTO- rådgjeving:

  • Rådgjeving for foreldre med barn i alderen ca. 3 – 12 år
  • Tilbodet tek sikte på å hjelpe familien på eit så tidleg tidspunkt som mogleg
  • Rådgjevinga er eit korttidstilbod som strekker seg over 3 – 5 møte


Innhald i tilbodet:
Timane vil innehalde samtalar med foreldre, drøftingar og praktiske øvingar der ein freistar å finne gode løysingar på korleis ein kan betre samspelet i familien.

Døme på tema for PMTO-samtalar:

  • Samarbeid og gode beskjedar
  • Læring av nye ferdigheiter gjennom systematisk bruk av ros og oppmuntring
  • Grensesetting
  • Tilsyn og oppfølging
  • Problemløysing for daglegdagse utfordringar i familien



Voss familiesenter. Støtte og hjelp til barn og foreldre. Foreldre og born kan få rettleiing i heimen på avtalte tidspunkt innafor tidsramma 08.00-20.00. Barnevernet tilviser.

Eksempel på tema dei kan arbeide med saman med familien:

  • Vanskar med å snakke saman
  • Vanskar med å setje grenser
  • Vanskar i leggesituasjonen, ved måltid, stell, tannpuss, lekser, osb.
  • Samarbeid med skule eller barnehage
  • Kontakt med andre tenester som PPT, BUP, osb.
  • Konfliktar mellom sysken
  • Ungdom som prøver ut rus/alkohol
  • Konfliktar mellom barn/ungdom og foreldre


Tilvise til psykolog. Leiar ved barneverntenesta kan tilvise til psykolog/BUP dersom det vert vurdert behov for det.