Alle barn i alderen 0-5 år har rett på regelmessige helsekontrollar på helsestasjonen. Tilbodet i helsestasjonen 0-5 år er eit standardisert program med 14 konsultasjonar, inkludert heimebesøk til nyfødte.
På helsestasjonen møter du jordmor, helsesjukepleiar, lege og fysioterapeut. Me vil gje målretta helseundersøking, vaksinasjon, helseopplysning, foreldrerettleiing individuelt og i gruppe.
Målet med helsestasjonsprogrammet er å bidra til godt sampel mellom foreldre og barn, og at foreldre opplever meistring i foreldrerolla, fremja fysisk, psykisk og sosial utvikling hjå sped-og småbarn.
Barnevaksinasjonsprogrammet finn du her
Ynskjer du meir informasjon, sjå link under
Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste
Opningstider ved helsestasjonen:
- Helsestasjonen er open alle kvardagar i tida 8:30 - 15:00.
- Onsdag, klokka 8.30-14.30: Spedbarnsundersøkingar ved helsesjukepleiar/lege. Ta med stelleteppe.
- Torsdag, Klokka 8.30-14.30: Småbarnsundersøkingar og 1. klassekonsultasjonar ved helsesjukepleiar/lege.
NB! På grunn av COVID19, så skal venterommet berre nyttast i samband med at ein har avtale på helsestasjonen. Alle som møter på helsestasjonen må vera friske.
Det er ikkje helsesjukepleiar til stades utanom avtale nede på helsestasjonen. Dersom ein ynskjer samtale med helsesjukepleiar må ein ringje og avtala tid på førehand.