Helsestasjon for ungdom 13–20 årHelsestasjon for ungdom (HFU) er eit helsetilbod for ungdom frå 13 år til og med 20 år. Tilbodet er gratis, og du treng ikkje tinga time på førehand. Sist endra 02.11.2026 09.37 På HFU møter du helsesjukepleiarar og lege som du kan snakka med om seksuell, fysisk og psykisk helse. Ungdom som kjem på HFU kan ha spørsmål om prevensjon, graviditet, abort, etevanskar, depresjon, sorg, vanskelege familietilhøve, rus, vald, overgrep og mobbing.På helsestasjon for ungdom kan du mellom anna:teste deg for klamydia/gonorefå resept på hormonell prevensjonta graviditetssjekklegge inn/fjerna P-stavTilsette har teieplikt. Ynskjer du meir informasjon sjå lenkja under:Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelsetenesta Opningstid: måndagar 14:30 – 16:30. (NB! STENGT i skuleferiar, ring då på helsestasjonen på dagtid for kontakt)