Jordmor- og svangerskapsomsorg

Helseoppfølging ved graviditet er eit gratis, offentleg tilbod. Jordmor tilbyr helsekontroll, informasjon og samtalar gjennom heile svangerskapet. Jordmor samarbeider med fastlegen din i samsvar med eit program både jordmor og legane i Voss herad er samde om. Du kan likevel sjølv velja kvar du vil gå til undersøking, berre hjå lege eller jordmor, eller ein kombinasjon av lege/jordmor.

Andre samarbeidspartar ved helsestasjonen er helsesjukepleiar. Jordmor kan tilvisa til fødeavdelinga eller andre kommunale tenester dersom det er naudsynt. Det er tilbod om omvising ved fødeavdelinga på Voss Sjukehus.

Voss helsestasjon har som mål å gi tilbod om tidleg heimebesøk til alle førstegongsfødande etter heimkomst frå sjukehuset.

Ynskjer du meir informasjon, sjå linkane under

Nasjonale faglege retningslinjer for svangerskapsomsorgen


Nasjonal rettleiar for helsestasjon og skulehelseteneste

Adresse

Voss helsestasjon og skulehelseteneste

Gurid Almenningens plass 1

5704 Voss

Telefon: 56 53 30 40

E-post: postmottak.helsestasjon@voss.herad.no

NB! ikkje oppgje personleg informasjon i eposten, be heller om at me tek kontakt